Helse Vest RHF

God framdrift i byggjeprosjekta i vest

Del
Dei største byggjeprosjekta i Helse Vest går som planlagt og vil truleg halde framdriftsplanane sine trass i koronapandemien. Pandemien har kravd tilpassingar på byggjeplassane og det er nokre utfordringar knytt til bemanning og levering av utstyr, men førebels er framdrifta i liten grad blitt påverka.
SUS2023: Arbeidet går meir eller mindre som normalt med bygging av nytt universitetssjukehus på Ullandhaug i Stavanger. Foto: Ingveig Tveranger.
SUS2023: Arbeidet går meir eller mindre som normalt med bygging av nytt universitetssjukehus på Ullandhaug i Stavanger. Foto: Ingveig Tveranger.

Det er store byggjeprosjekt under arbeid i alle føretaka i Helse Vest. Bygging av nytt universitetssjukehus i Stavanger, nytt barne- og ungdomssjukehus i Bergen og nye sjukehusbygg i Haugesund og i Førde. Dette er krevjande og store prosjekt med mange involverte, men førebels går det meste etter planen.

- Føretaka melder om at det ikkje er vesentlege avvik i byggjeprosjekta og det er vi veldig glade for. Medarbeidarar i helseføretaka og hos leverandørane jobbar godt for å halde både kvaliteten og tempoet oppe, sjølv om det må gjerast endringar som følgje av koronapandemien. Det er viktig at smittevern på byggjeplassane blir ivaretatt på ein god måte, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne.

Gjer kva dei kan for å halde hjula i gang

Glasblokkene, det nye barne- og ungdomssjukehuset i Helse Bergen, har vore under planlegging på Haukeland universitetssjukehus heilt sidan slutten av 1990-tallet. I 2016 vart første byggetrinn tatt i bruk, og etter planen skal Glasblokkene stå komplett ferdige i 2023. Når alle blokkene står klare, skal heile Barne- og ungdomsklinikken flytte inn saman med Kvinneklinikken i det som vil bli det mest komplette sjukehuset i Noreg for barn, unge og fødande. Store delar av den gynekologiske verksemda ved Kvinneklinikken flyttar også til Glasblokkene.

- Arbeidet med byggetrinn 2 av Glasblokkene som planlagt, både når det gjeld kost og framdrift. Det har vore noko redusert bemanning grunna covid-19, men vi har hatt fokus på å leggje til rette for tiltak som dei respektive arbeidsgjevarane ønskjer å sette i verk. Både vi og entreprenørane har eit klart ønskje om å halde hjula i gang og å unngå permitterteringar, seier direktør drifts/teknisk divisjon i Helse Bergen, Askjell Utaaker.

Sjølv om alt førebels går etter planen skal det lite til før enkelte utanlandske leveransar stansar opp, som følgje av nedstenging av produksjonsanlegg, transportforhold og anna knytt til koronapandemien. Dette er ein krevjande situasjon for alle byggjeprosjekt, spesielt for eit av landets største sjukehusutbyggingsprosjekt; SUS2023. Likevel har god dialog mellom partane gjort at dei førebels har kunne planleggje rundt desse utfordringane.

Godt samarbeid med entrepenørane

- Til no har ikkje dette medført større utfordringar enn vi og entreprenørane har kunne handtere. Dei aller fleste av kontraktane vi har lyst ut er vunne av selskap på Nord-Jæren. I tillegg er SUS2023 er eit av verdas mest digitale byggjeprosjekt og bruk av BIM (Bygnings Informasjons-Modellering) i byggeprosessen, gir detaljerte virtuelle byggjeteikningar. Det gjer at det er greitt at fleire som er med i planlegginga no har heimekontor. Berre dei frå byggherre og entreprenørar som treng å vere på plass i brakkene på byggjeplassen for å halde framdrifta, er tilstade fysisk, seier prosjektdirektør i SUS2023, Kari Gro Johanson.

Første byggetrinn det nye universitetssjukehuset i Stavanger skal stå klart i 2023. Då vil somatisk døgnbehandling, nødvendige radiologi- og laboratoriefunksjonar for døgnbehandling og akuttfunksjonar, samt delar av dagbehandling og poliklinikkareal med tilhøyrande støtte- og serviceareal vere samla på Ullandhaug. Planen er å flytte all somatisk verksemd til det nye sjukehuset innan 2030. Også i Helse Førde og Helse Fonna går byggjearbeidet meir eller mindre som normalt.

- Vi kan sjølvsagt møte utfordringar i tida som kjem, alt etter korleis smitta utviklar seg, både knytt til bemanning lokalt og frå utlandet og til tilgangen på utstyr til bygg. Men vi har eit godt utgangspunkt for å handtere dette; nemleg den gode dialogen som er mellom utbyggjarane og leverandørane. Dette er noko vi innstilte på å få til i lag, seier Bryne.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

SUS2023: Arbeidet går meir eller mindre som normalt med bygging av nytt universitetssjukehus på Ullandhaug i Stavanger. Foto: Ingveig Tveranger.
SUS2023: Arbeidet går meir eller mindre som normalt med bygging av nytt universitetssjukehus på Ullandhaug i Stavanger. Foto: Ingveig Tveranger.
Last ned bilde
Arbeidet med fase 2 av Glasblokkene på Haukeland går som normalt trass i koronapandemien. Foto: Helse Bergen
Arbeidet med fase 2 av Glasblokkene på Haukeland går som normalt trass i koronapandemien. Foto: Helse Bergen
Last ned bilde

Om Helse Vest RHF

Helse Vest RHF
Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4066 Stavanger

+47 51 96 38 00https://helse-vest.no/

Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye