Millionar spart på legemiddelavtalar gir behandling til fleire pasientar

Del

Gode innkjøpsavtalar for legemiddel i Helse Vest gjer det mogleg å behandle fleire pasientar for same pengepotten.

Steinar Vik
Steinar Vik SAV

I 2023 kjøpte helseføretaka i Helse Vest legemiddel for like over 2 milliardar kroner. Kostnaden hadde vore det doble utan gode innkjøpsavtalar.  

Eller sagt på ein annan måte: Gjennom at leverandørane stadig må konkurrere om å levere legemiddel til sjukehusa i Helse Vest, oppnår ein store prisavslag som i neste omgong kjem pasientane til gode.  

Rosar Sykehusinnkjøp og klinikkane i sjukehusa 

- Det er heilt system og godt arbeid i fleire ledd som ligg bak, fortel Steinar Vik.  
 
Han er legemiddeløkonomisk rådgjevar i Sjukehusapoteka Vest, helseføretaket i Helse Vest som blant anna sørvar sjukehusa i same region med ulike tenester på farmasi- og legemiddelområdet.  

- Sykehusinnkjøp HF gjer eit stort og viktig arbeid med å få plass stadig nye avtalar med gode prisar frå leverandørar av legemiddel, seier Vik, som kallar slike legemiddel i denne samanhengen for "avtalevinnarar". 

Det er likevel ikkje nok berre å inngå avtalane. For å realisere «sparinga» krev det at sjukehusa har god kjennskap til kva produkt som er avtalevinnar for ulike legemiddel. 

- Klinikkane i sjukehusa i regionen har vore svært flinke til å følgje opp og ta i bruk dei legemidla som gjev mest helse for kvar krone. 

Vik er involvert gjennom si rolle som regional rådgjevar i eit nasjonalt nettverk i sjukehus-apoteka, som jobbar tett med Sykehusinnkjøp om ulike vurderingar i arbeidet med nye innkjøpsavtalar.  

Han brukar også mykje av tida på å støtte sjukehusa i Helse Vest med informasjon og oppfølging i bruk av avtalevinnarane. 

Frå 6000 til over 60 000 

Dei sparte pengane bidrar til både betre behandling og at fleire får behandling. Vik illustrerer med eit fersk eksempel frå Helse Vest: ein ny konkurranse om å levere viktige legemiddel på resept til pasientar med revmatisme, hudsjukdomar og tarmsjukdomar. 

- Konkurransen som no gjer at 4500 pasientar i Helse Vest får ny medisin i februar, har ein årleg verdi på 950 millionar kroner i Helse Vest, målt i maks utsalspris frå apotek. Berre sidan 2018 har denne konkurransen åleine ført til at nær dobbelt så mange pasientar er behandla med desse legemidla, utan å auke kostnaden for legemidla i helseføretaka, seier Vik, som legg til 

- Stadig nye tilbod med prisavslag frå leverandørane av legemiddel, har ført til at talet på pasientar som har fått behandling med desse legemidla, har auka frå om lag 6000 pasientar i Noreg i  2006 til over 62000 pasientar i 2023, seier Vik. 

Fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest er også nøgd med utviklinga generelt og den avtalen Vik viser til over. 

- Dette er eit konkret døme på korleis strategiske innkjøpsavtaler ikkje berre bidrar til økonomisk berekraft, men også til betre pasientbehandling. Gode innkjøpsavtalar og god etterleving av innkjøpsavtalane for legemiddel i helseføretaka frigjer midlar som kan nyttast til anna nyttig pasientbehandling og gir dermed meir helse for kvar krone i helseregionen, seier han. 

Fakta 

  • Legemiddel er vitalt viktig i behandlinga av pasientar i helsetenesta. Rett bruk kan bety store helsegevinstar. På same tid tar utgifter til legemiddel stadig større plass på budsjetta til helseføretaka, og det er krevjande å få tatt i bruk alle nye legemiddel innan økonomiske rammer. 

  • Samla brukte Helse Vest like over 2 milliardar kroner på legemiddel i 2023. Det er cirka 5,5 millionar kroner i snitt kvar dag. 

  • Om helseføretaka i regionen hadde betalt makspris (listepris) av alle legemiddel i 2023, hadde derimot sluttsummen kome på rundt 4 milliardar kroner. Gjennom avtaleprisane oppnår ein altså i gjennomsnitt halv pris på legemidla. 

  • Sidan 2015 har Helse Vest dobla utgiftene til legemiddel. Grunnane til at legemiddelutgifter aukar i spesialisthelsetenesta er fleire, blant dei: Det er stadig fleire som brukar legemiddel, blant anna fordi befolkninga blir eldre; det har skjedd fleire overføringar av legemiddel frå blå resept (delvis dekka av folketrygda) til H-resept (dekka av helseføretaka); det er stadig nye og meir spesialiserte legemiddel som kjem til. 

  • Det er tre hovudkategoriar legemiddel utgiftene delar seg på:  

  • 1) Legemiddel til bruk på sjukehuspasientane.  

  • 2) H-resept: Når sjukehuset har ansvar for behandlinga, har sjukehuset/helseføretaket også ansvar for å betale legemidla, sjølv om pasienten får legemidla utanfor sjukehuset.  

  • 3) LAR-medisin: Står for legemiddelassistert rehabilitering - er behandling for opioidavhengigheit. der vanedannande legemiddel i bestemte dosar er del av ei større rehabilitering. 

  • Kostnad for legemiddel på H-resept har auka i takt med at helseføretaka har fått ansvar for meir av behandlinga av pasientar også utanfor sjukehusa. Dei siste 10 åra har legemiddel på H-resept auka frå 30 % til 50 % av den totale kostnaden for legemiddel i Helse Vest. 

Nøkkelord

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye