Fritak for Havila Kystruten AS (Havila)

Del
Havila har fått fritak for å stille med erstatningsskip i Kystruteavtalen fram til våren 2022 etter nærare vilkår.

Havila sine fire kystruteskip er framleis under bygging ved verftet Tersan i Tyrkia, som har vorte hardt råka av koronapandemien. Slik det ser ut no, vil dei to første skipa vere klare til å segle i løpet av sommaren 2021 og dei to siste i løpet av våren neste år. På bakgrunn av koronasituasjonen har Havila bedt om å sleppe å skaffe erstatningsskip fram til alle fire skipa er klare.

- Sidan dei to første skipa til Havila vil ha tilnærma lik kapasitet for reisande og gods som blir kravd til alle fire skipa til Havila i kontrakten har regjeringa no avgjort at Havila ikkje treng å stille med erstatningsskip i Kystruteavtalen fram til våren 2022, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Havila treng ikkje stille erstatningsskip viss desse vilkåra blir oppfylt:

  • om reiarlaget før 1. juli 2021 klarer å sannsynleggjere at dei to første skipa er klare for å segle i tredje kvartal 2021.
  • og deretter om reiarlaget innan utgangen av 2021 klarer å sannsynleggjere at dei to siste skipa blir seglingsklare innan 1. mai 2022.

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye