Folkemøte om ny kraftleidning mellom Strand, Finnøy og Rennesøy
5.1.2023 08:00:00 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Lnett har sendt inn ei melding til NVE for å varsle at dei ønskjer å bygge ein 132 kV kraftleidning i dei to kommunane Stavanger og Strand i Rogaland. Leidninga er planlagd frå Strand via Finnøy til Rennesøy. Lnett varslar samstundes at det vert behov for å byggje nye transformatorstasjonar på Tau og Finnøy.
Lnett grunngjev utbygginga med at det er naudsynt å fornye gamle anlegg, auke straumkapasiteten og betre forsyningstryggleiken.
NVE ønsker innspel frå dei lokale
Meldinga frå Lnett gjev ei overordna beskriving av utbygginga, og ei foreløpig vurdering av moglege verknadar for omgjevnadane. Den inneheld òg eit utgreiingsprogram med forslag til tema som Lnett meiner bør utgreiast vidare.
NVE har sendt meldinga og Lnett sitt forslag til utgreiingsprogram på høyring til kommunane som anlegga er planlagd i, og ei rekkje andre høyringsinstansar. Gjennom høyringa ønskjer NVE å få innspel på kva tema og løysingar Lnett må utgreie før dei kan søkje om konsesjon.
Folkemøte på Finnøy og Strand
NVE har sett høyringsfristen til 24. februar 2023. Alle innspel må sendast inn skriftleg. I tillegg inviterer NVE til offentlege folkemøte på Finnøy og Strand, den 17- og 18. januar. Her vil NVE seie meir om prosessen vidare og vår rolle, medan Lnett vil legge fram sine planar. Alle interesserte er velkomne på møta, som haldast på følgjande stadar:
- Finnøy - tysdag 17. januar kl. 19.00 i Fleirbrukshallen på Judaberg
- Strand - onsdag 18. januar kl. 19.00 på Nordre Strand Oppvekstsenter på Fiskå
Du finn alle dokument og praktisk informasjon på NVE sine nettsider.
Nøkkelord
Kontakter
Tanja Midtsian, seniorrådgjevar
e-post: tcm@nve.no
tlf.: 22 95 94 93
Bilder

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE fastsetter utredningsprogram for Stelåga Kraftverk8.5.2026 13:58:25 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsatt utredningsprogram for det planlagte Stelåga kraftverk i Rødøy kommune. Programmet beskriver ulike temaer Blåfall AS må utrede før de kan søke om konsesjon.
NVE held fast ved nyleg reviderte miljøkrav – avslår to søknader frå Statkraft8.5.2026 13:46:05 CEST | Pressemelding
NVE avslår to søknader frå Statkraft Energi AS om å endre nyleg fastsette miljøkrav i vilkårsrevisjonane for reguleringane i Folla-Vindøla og Tokke-Vinje. NVE meiner endringane det er søkt om vil gripe inn i sentrale føresetnader for miljøforbetringane som skulle oppnåast gjennom vilkårsrevisjonane.
NVE inviterer til høring og møter om havvindanlegg utenfor Utsira og Karmøy5.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
De to selskapene Utsira Nord Havvind DA og Harald Hårfagre AS ønsker å bygge havvindanlegg utenfor kysten av Rogaland. Det er planlagt å koble anleggene til kraftnettet på land i de to kommunene Utsira og Karmøy. Norges vassdrags- og energidirektorat inviterer til en offentlig høring og folkemøter i juni.
NVE innfører nye miljøtiltak i Søavassdraget23.4.2026 12:47:16 CEST | Pressemelding
NVE sett nye krav til drifta av vasskraftanlegga som ligg i reguleringsområdet til Søa kraftverk i Trøndelag. Målet er å betre forholda for elvemusling, laks og sjøaure samtidig som omsynet til kraftsystemet blir ivareteken.
NVE har fastsatt utredningsprogram for ny kraftledning mellom Bamble, Porsgrunn og Tønsberg21.4.2026 15:01:37 CEST | Pressemelding
NVE har fastsatt et utredningsprogram for en ny 420 kV kraftledning gjennom kommunene Bamble, Porsgrunn, Siljan, Skien, Sandefjord, Larvik og Tønsberg. Utredningsprogrammet beskriver hvilke temaer og traseer Statnett må utrede før de kan søke om konsesjon.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
