Miljødirektoratet

FNs klimapanel: Vi har det vi treng for å handle

Del
Klimaendringane så langt er berre byrjinga. Vala vi tar no vil setje spor i fleire årtusen framover.
Meir regn og flaum: Klimaendringane vil også påverke Noreg. Bilete frå Brennåsen i Kristiansand kommune frå november 2022, der kraftig nedbør på Sørlandet og Agder førte til stor flaum. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
Meir regn og flaum: Klimaendringane vil også påverke Noreg. Bilete frå Brennåsen i Kristiansand kommune frå november 2022, der kraftig nedbør på Sørlandet og Agder førte til stor flaum. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

– Klimakrisa har vore varsla lenge og har kome snikande. No ser vi klimaendringar gå føre seg over heile kloden, og dei har kome raskare enn det vi tidlegare har gått ut frå. Samtidig veit vi at dei vil auke framover og bli verre å handtere. Dette er realitetane vi er nøydde til å ta omsyn til, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Måndag 20. mars lanserte FNs klimapanel (IPCC) synteserapporten sin som samanfattar alle rapportane dei har gitt ut sidan 2018.

Tre gap må lukkast

Det er tre gap mellom kvar vi er og kvar vi bør vere for å oppfylle Parisavtalen.

  1. Klimamåla til landa i verda er enno ikkje ambisiøse nok. Parismålet seier at global oppvarming skal avgrensast til godt under 2 grader, helst ned mot 1,5. Med dagens politikk er vi på veg mot over 3 grader. I tillegg til for svake mål, ligg dei fleste land dårleg an til å nå klimamåla dei har sett seg. Klimaomstillinga går for sakte.
  2. Det er eit gap mellom kor godt vi er tilpassa klimaendringane i dag, og kor godt vi bør ruste oss for å tole dagens og framtidige endringar.
  3. Det blir investert mykje mindre i klimaløysingar enn det som trengst for å tilpasse oss klimaendringane og kutte nok utslepp.

– Dei tre gapa fortel oss at vi ikkje kuttar utslepp raskt nok, ikkje er godt nok tilpassa og ikkje investerer nok i løysingane. Tempo og ambisjonar må opp over heile verda. Det hastar. Tid er utslepp, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Vi har det vi treng for å handle

Klimapanelet listar opp ei rekkje klimatiltak som skal til for å lukke dei tre gapa. Mange av dei er både effektive, billige og realiserbare på kort sikt. Samtidig er det viktig at klimatiltaka ikkje øydelegg for andre viktige omsyn, som naturmangfald og matproduksjon.

– Vi kan ikkje lenger velje og vrake i ulike tiltak. Vi må gjere stort sett alt. Om 30 år kan så godt som ingenting i samfunnet sleppe ut klimagassar. Det kan bli eit veldig bra samfunn å leve i, men for å kome dit må vi både tenkje langsiktig og handle her og no, seier Hambro.

Alle val tel

Rapporten frå Klimapanelet viser at vi vil stå overfor mange vegval framover. Samtidig illustrerer den dei "tapte moglegheitene" tilbake i tid, altså dei vala som har ført oss hit vi er i dag - med ei global oppvarming på cirka 1,1 grad og framleis aukande utslepp.

– Vala vi tar og handlingane vi gjer, eller ikkje gjer, vil ha innverknad tusenvis av år fram i tid. Alle oppvarmingar tel, alle utslepp tel og alle vegval tel. Det er ikkje no eller aldri. Det er heile tida, seier Ellen Hambro.

Utsleppskaka er snart ete opp

Dersom CO2-utsleppa som vil føre til 1,5 grader oppvarming var ei kake i 20 stykke, har vi ete, eller altså sleppt ut, cirka 17 kakestykke allereie. Av kaka som allereie er ete opp, har rike industriland forsynt seg med mange fleire kakestykke enn låginntektsland.

Nord-Amerika og Europa har til saman ete seks og eit halvt stykke så langt, medan til dømes Afrika berre har forsynt seg med eitt.

– Klimakrisa er djupt urettferdig der dei fattigaste endå ein gong kjem verst ut. Noverande og planlagd fossil infrastruktur i verda vil sleppe ut meir enn det atmosfæren har plass til før temperaturen overstig 1,5 grader. Det betyr at mange aktørar allereie har planlagt å ete dei tre siste kakestykka, utan å dele med andre. Om ikkje lenge er heile kaka borte. Då må vi planleggje for ein heftig slankekur der vi sug CO2 ut av atmosfæren igjen. Det er også urettferdig mot framtidige generasjonar, seier Ellen Hambro.

Vi må forvente alvorlege klimaendringar, også på kort sikt

Verda passerer mest sannsynleg 1,5 grader før 2040, og funn frå FNs klimapanel tyder på at det kan skje allereie mellom 2030 og 2035. Ved ein slik temperaturauke risikerer vi til dømes å miste dei fleste tropiske korallrev. Ein firedel av livet i havet treng desse korallreva. Forsvinn korallreva, forsvinn også matfatet til ein stor del av verda.

2 grader global oppvarming høyrest kanskje ikkje mykje ut, men i eit slikt klima kan det bli uleveleg varmt i delar av verda, og skogbrannar kan øydeleggje store område.

Sjølv ved moderat oppvarming kan det skje irreversible endringar i klimasystemet. Artar kan bli utrydda, og havnivået vil stige betrakteleg viss isen på Grønland og i Antarktis byrjar ustoppelege smelteprosessar.

– Her i Noreg blir det varmare, spesielt i nord. Vinterlandet mistar snø og vinterdagar, og i staden får vi meir regn og flaumar. Vi er også eit lite land og sårbare i ei verd som blir ramma av klimaendringar. Endringar i klima i andre land kan påverke oss gjennom mellom anna store flyktningstraumar, meir behov for nødhjelp og høgare prisar på til dømes mat, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Faktaboks: Synteserapport frå FNs klimapanel (IPCC)

  • I 2015 fekk landa i verda på plass Parisavtalen. Den bygde i stor grad på kunnskapen samanfatta i den førre, femte, hovudrapporten frå FNs klimapanel.
  • Klimapanelet arbeider i syklusar på seks til åtte år, som endar med ein synteserapport.
  • I løpet av éin syklus publiserer Klimapanelet fleire spesialrapportar og delrapportar som går i djupna på ulike tema.
  • Synteserapporten samanfattar alt Klimapanelet har publisert i den noverande sjette syklusen sin. Formålet med syntesen er å gi eit overkommeleg oversiktsbilete over klimaendringane, konsekvensane og løysingane, og å vise korleis ting heng saman.
  • Synteserapporten som blir publisert 20. mars er siste del av sjette syklus. I sommar vil Klimapanelet oppløysast for så å reetablerast med ny leiarskap og gjere seg klar for neste syklus.
  • Det er ikkje bestemt når vi får neste hovudrapport frå Klimapanelet, men sannsynlegvis kjem det ingen ny hovudrapport før slutten av dette tiåret. Skal vi nå måla i Parisavtalen, må den rapporten fortelje oss at vi har klart å halvere globale utslepp.
  • FNs klimapanel driv ikkje med eiga forsking, men går gjennom all relevant faglitteratur innan klimaforsking. Dei systematiserer og samanfattar status for kunnskapen.
  • Sjette hovudrapport frå FNs klimapanel blir rekna som det viktigaste vitskaplege faggrunnlaget for utforminga av internasjonal klimapolitikk. Rapporten består av tre delrapportar og ein synteserapport.
  • Tilnærminga i rapportane er løysingsorientert, men Klimapanelet kjem ikkje med tilrådingar om spesifikke tiltak (for å vere politikknøytrale).

Faktaboks: Om FNs klimapanel (IPCC) og sjette hovudrapport

  • FNs klimapanel driv ikkje med eiga forsking, men går gjennom all relevant faglitteratur innan klimaforsking. Dei systematiserer og samanfattar status for kunnskapen.
  • Sjette hovudrapport frå FNs klimapanel blir rekna som det viktigaste vitskaplege faggrunnlaget for utforminga av internasjonal klimapolitikk. Rapporten består av tre delrapportar og ein synteserapport.
  • Tilnærminga i rapportane er løysingsorientert, men Klimapanelet kjem ikkje med tilrådingar om spesifikke tiltak (for å vere politikknøytrale).
  • Fleire enn 700 ekspertar frå 90 land – 19 frå Noreg – deltar i arbeidet med sjette hovudrapport.

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag

Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Bilder

Meir regn og flaum: Klimaendringane vil også påverke Noreg. Bilete frå Brennåsen i Kristiansand kommune frå november 2022, der kraftig nedbør på Sørlandet og Agder førte til stor flaum. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
Meir regn og flaum: Klimaendringane vil også påverke Noreg. Bilete frå Brennåsen i Kristiansand kommune frå november 2022, der kraftig nedbør på Sørlandet og Agder førte til stor flaum. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
Last ned bilde

Lenker

Om Miljødirektoratet

Miljødirektoratet
Miljødirektoratet
Postboks 5672 Torgarden
7485 Trondheim

73 58 05 00https://www.miljodirektoratet.no

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye