Fem firma interesserte i stor jobb med Frudalstunnelen

I januar i fjor øydela eit skred det tekniske bygget på Sogndal-sida av Frudalstunnelen
No skal Statens vegvesen flytta bygget inn i tunnelen og i tillegg oppgradera lysa i innkøyringa til tunnelen. Hovdebygda-firmaet Aurstad Tunnel AS har fått kontrakten på oppdraget, som etter planen skal vera ferdig i slutten av november.
Startar natt til 30. mai
Anleggsarbeida startar natt til 30. mai med sprenging av nisje. I veke 28, 29 og 30 blir det avvikla ferie på anlegget og fri ferdsel i tunnelen. Etter ferien vil det foregå arbeid både på dagtid og natt.
På dagtid kjem vi til å grava, og på natta sprenga og jobba med sprøytebetong. Trafikken vil bli styrt med ledebil.
I samband sprengningsarbeidet må vi stenge tunnelen i lange periodar. Trafikantar vert difor oppmoda til å sjekka 175.no før dei skal ut og køyra. Her vil det verta opplyst om når tunnelen er open for gjennomkøyring. Omkøyringsvegen er lang (via Gaularfjellet), og vi vil sørga for å varsla tydeleg og i god tid.
– Mange tilhøve vert betre for alle
– Vi har forståing for at det kan verta krevjande for trafikantene med arbeid i Frudalstunnelen, men det er mange tilhøve som vert betre for alle som følgje av arbeida, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.
Frudalstunnelen har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 1604 køyretøy. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 22 prosent, eller 352, lange køyretøy (tungtrafikk).
Desse ville ha oppdraget
| Tilbydar: | Tilbodssum ekskl. mva: |
| Aurstad Tunnel AS frå Hovdebygda | 31.725.725,00 |
| Fosse Maskin og Transport AS frå Vik | 33.708.045,80 |
| AS Birkeland Entreprenørforretning frå Gulen | 37.930.030,00 |
| Mesta AS | 33.982.571,30 |
| BMO Tunnelsikring AS frå Arna | 40.178.150,00 |
Nøkkelord
Kontakter
Sveinung HovlandProsjektleiar, tunnelStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:97517080sveinung.hovland@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Søndag flyttes E18-trafikk inn i Stabekklokket25.11.2025 11:07:56 CET | Pressemelding
Til helgen flyttes østgående E18-trafikk inn i Stabekklokket. Det blir første smakebit av nye E18 Vestkorridoren der veien er flyttet under bakken.
E134 Vats får veglys24.11.2025 08:30:00 CET | Pressemelding
Statens vegvesen skal montera veglys på E134 i Vindafjord, frå Øvre Vats Bedehus til krysset mot Øygardsvegen.
Her får trafikantane 4,4 kilometer ny E39 i tidleg julegåve22.11.2025 12:01:55 CET | Pressemelding
No rullar trafikken på ny E39 mellom Barhals og Staurset. Strekninga er ein del av den 10,5 kilometer lange parsellen mellom Stormyra og Staurset, som skal stå ferdig hausten 2026.
E16 Bjørum–Skaret åpner for trafikk tirsdag 16. desember21.11.2025 11:29:06 CET | Pressemelding
Delstrekningen E16 Bjørum-Skaret er en firefelts motorvei som gir bedre trafikksikkerhet, kortere reisetid og økt forutsigbarhet mellom Oslo og Hønefoss.
Vegomlegging av E134 på Liamyrane i Røldal20.11.2025 13:47:30 CET | Pressemelding
Fredag 20. november blir E134 lagt over på ny veg på Liamyrane. Ny trase skal sikre trafikkflyt under drivinga av Røldalstunnelen frå austsida av fjellet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
