Brukarinntektene aukar, men lønnsemda er svekka siste år
22.11.2019 13:17:58 CET | Medietilsynet | Pressemelding

Norske aviser og dei nasjonale tv-kanalane hadde 10,9 milliardar kroner i brukarinntekter i 2018, ein auke på 24 prosent frå 2014. Frå 2017 til 2018 var auken på 6 prosent. Auken var størst for dei kommersielle tv-kanalane, med 478 millionar kroner, eller 13 prosent. Dei siste fem åra har dei kommersielle tv-kanalane nesten dobla inntektene sine frå sal av premiumkanalar og distribusjon.
Distributørane tar den største delen av tv-inntektene
Totalt brukte den norske befolkninga over 12 milliardar kroner på å kjøpe tv-kanal-pakker og abonnement på strøymetenester i 2018, viser ei oversikt i økonomirapporten frå Medietilsynet. Distributørane sit att med meir enn halvparten av inntektene (52 prosent), 34 prosent gjekk til nasjonale tv-kanalar og 14 prosent til dei globale strøymeaktørane.
Framleis fall i annonseinntekter
Både aviser, tv og radio opplever no fall i annonseinntektene. Avisene har dei siste fem åra mista 2,3 milliardar kroner i annonseinntekter, og 2018 var det første året med fall også for tv-aktørane. Dei nasjonale radioselskapa får i hovudsak inntektene sine frå reklamesal. I 2018 fall annonseinntektene i radioverksemdene med 8,5 prosent, tilsvarande 45 millionar kroner.
Svekka lønnsemd
Dei norske avisene og tv- og radioselskapa omsette for til saman 26,7 milliardar kroner i 2018. Det er ein auke på 257 millionar kroner, eller knapt éin prosent, frå 2017. Lønnsemda både for avisene og dei nasjonale tv- og radio-selskapa blei svekka i 2018 mot året før.
Rapport for norsk medieøkonomi 2014 - 2018
Norsk medieøkonomi i tal
- Dei norske avisene og tv- og radioselskapa omsette for til saman 26,7 milliardar kroner i 2018. Det er ein auke på 257 millionar kroner, eller knapt éin prosent, frå 2017
- Fram til 2017 var reklamemarknaden for tv og radio i vekst, men frå 2017 til 2018 fall reklameinntektene i desse kanalane med totalt 212 millionar kroner, tilsvarande 4,7 prosent
- Totalt auka inntektene til dei nasjonale tv-kanalane med 310 millionar kroner, eller 4,1 prosent, i 2018. Årsaka var ein solid vekst i brukarinntektene
- Brukarinntektene til dei nasjonale tv-kanalane auka med 478 millionar kroner frå 2017 til 2018, tilsvarande 13 prosent. Brukarinntektene kjem hovudsakleg frå sal av premiuminnhald og distribusjon
- Lønnsemda til dei nasjonale tv-kanalane har falle dei siste fem åra som følge av høgare driftskostnader. I 2018 hadde dei nasjonale kringkastarane eit driftsunderskott på totalt 68 millionar kroner. Hovudårsaka til underskottet var at Discovery skreiv ned senderettar med over 400 millionar kroner
- Dei nasjonale radioselskapa får i hovudsak inntektene sine frå reklamesal. I 2018 fall reklameinntektene med 8,5 prosent, tilsvarande 45 millionar kroner, og lønnsemda til radioselskapa blei svekt
- Avisene som tar betalt hadde 11,5 milliardar kroner i driftsinntekter og eit driftsresultat på 824 millionar kroner i 2018 (ikkje medrekna produksjonstilskott). Driftsinntektene var omtrent på nivå med 2017, mens driftsresultatet gjekk ned med 69 millionar på grunn av auka kostnader
- Avisene som tar betalt hadde 6,7 milliardar kroner i brukarinntekter (inntekter frå abonnement og laussal) i 2018, ein auke på 2 prosent frå 2017. Heile veksten kom frå dei digitale utgåvene
- Avisene som tar betalt hadde 4,4 milliardar kroner i reklameinntekter i 2018, ein nedgang på 119 millionar kroner eller 2,7 prosent frå året før. Dei siste fem åra har avisene mista 2,3 milliardar kroner i reklameinntekter, ein nedgang på 34,1 prosent
- Driftsinntektene til gratisavisene var 208 millionar kroner i 2018, ein nedgang på 18,2 prosent eller 46 millionar kroner frå året før. Gratisavisene hadde eit driftsoverskott på 4,1 millionar kroner og ein driftsmargin på 2 prosent i 2018. Gratisavisene stod for 1,8 prosent av dei samla driftsinntektene til heile avisbransjen i 2018
Medietilsynet har tidlegare i haust publisert to delrapportar om økonomien i avishusa og økonomien for kringkastarane.
Nøkkelord
Kontakter
Kristine MeekDirektør kommunikasjon, rådgivning og analyse
Tel:+47 918 85 405kristine.meek@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Utlysningsvilkår for FM-sendernett og endringer i kringkastingsforskriften på høring1.10.2026 10:08:41 CEST | Pressemelding
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) og Medietilsynet legger frem forslag til utlysningsvilkår og tildelingsregler for lokale FM-sendernett for perioden 2027–2031. Høringen gjelder frekvenstillatelser etter ekomloven og senderanleggskonsesjoner etter kringkastingsloven.
Medietilsynet forlenger innholdskonsesjonene på FM ut 203110.9.2026 10:42:21 CEST | Pressemelding
Medietilsynet vil så snart som mulig, og senest innen årsskiftet, forlenge lokalradioenes innholdskonsesjoner på FM frem til 31.12.2031.
Søk om støtte til forsking på medier og dataspill27.8.2026 11:26:29 CEST | Pressemelding
Medietilsynet opnar no for søknader om midlar til medierelaterte forskingsprosjekt.
Gutter og jenter møter ulike verdener i sosiale medier12.8.2026 08:45:00 CEST | Pressemelding
Jenter er mer eksponert for innhold om livsstil, mote, skjønnhet og mental helse, mens gutter i større grad ser innhold om gaming, idrett og nyheter. Det viser en analyse fra Medietilsynet av ungdommers feeder på TikTok og YouTube.
Over halvparten tar nyhetspauser11.8.2026 10:45:00 CEST | Pressemelding
55 prosent av de mellom 25 og 67 år tar bevisste pauser fra nyhetene, viser en ny undersøkelse fra Medietilsynet. For noen dreier det seg om kortere pauser, mens 12 prosent kobler seg av mer varig.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
