Brannøving i Kolltveittunnelen

Øvinga varar frå klokka 07.00 - 11.00.
Omkøyringa vil verta skilta og skjer like ved, over Bildøybakken.
Dette er tunnelen
Den 1070 meter lange Kolltveittunnelen vart opna i 1992.
Den blir gjennomsnittleg trafikkert av 19.402 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 8 prosent, eller 1552, lange køyretøy (tungtrafikk).
Trygg tunnel
– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer det nettopp for dei, som ein del av arbeidet med å halda tunnelane trygge, seier brannvernleiar Ove Edgar Amundsen i Statens vegvesen.
Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vi skal halda slike beredskapsøvingar, utdjupar han.
Samfunnsberedskap
Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.
– Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer derfor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg, legg Amundsen til.
– Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med nadetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa, avsluttar han.
Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesens kontinuerlege arbeid med å syta for eit effektivt, trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett.
Kontakter
Ove Edgar AmundsenBrannvernleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:41750782ove.amundsen@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder





Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Stenger E10 ved Sæter i Hårvika to netter i mai9.5.2025 12:09:59 CEST | Pressemelding
E10 ved Sæter mellom Lødingen og Tjeldsundbrua må stenges helt natt til 14. og natt til 15. mai grunnet vegarbeid. Det er ingen omkjøringsmulighet ved arbeidsstedet.
Ekspertutvalg har gransket Morskogen-skredet i februar8.5.2025 10:22:03 CEST | Pressemelding
Ekspertutvalget mener kravene til geologisk oppfølging av veiskjæringer må bli bedre.
Nattestengjer E16 Åsbrekkegjelet-Skromle bru til 20. juni7.5.2025 11:00:58 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen må ta opp att nattestenginga ved Kvarmakløvet.
BMO skal drifte elektro på riksvegene i Salten og Helgeland7.5.2025 08:30:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen inngår kontrakt med BMO Elektro AS om å drifte elektroinstallasjoner på riksvegene i Salten og på Helgeland.
Veisalt forurenser vannmiljøet i mange innsjøer7.5.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Forurensing fra veisalt er et problem for mange innsjøer i Sør-Norge. Det viser innsjøundersøkelsen for 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom