Høgskulen i Volda

Boklansering: Den industrielle revolusjonen

Del
Professor emeritus ved Høgskulen i Volda Arnljot Løseth presenterer eit av dei mest sentrale emna i verdshistorianår han lanserer si nye bok om den industrielle revolusjonen i Storbritannia. At det kjem forskingsbasert litteratur på nynorsk er særskilt viktig, peiker forlaget på.
Ny bok frå Arnljot Løseth på Fagbokforbundet: Den industrielle revolusjonen.
Ny bok frå Arnljot Løseth på Fagbokforbundet: Den industrielle revolusjonen.

Denne våren gir Fagbokforlaget ut boka «Den industrielle revolusjonen - Storbritannia i eit europeisk og globalt perspektiv, 1600-1914», ført i pennen av Arnljot Løseth.

Forlaget peiker på kor viktig det er at dette så sentrale emnet i verdshistoria vert formidla på norsk, og særskilt nynorsk. I tillegg er det viktig at det vert skapt forskingsbasert litteratur som er tilpassa undervisningsbruk. Det er denne boka eit døme på. 

 

Møt forfattaren og forlagsredaktøren:
27. april klokka 12 presenterer forfattaren og forlagsredaktør Per Robstad boka på eit lunsjarrangement ved høgskulebiblioteket. Det vert høve til å stille spørsmål i etterkant.

Om boka:
Den industrielle revolusjonen var ei grunnleggande endring av mange aspekt ved økonomisk og sosialt liv, og var ei av dei viktigaste hendingane i verdshistoria. Storbritannia var sjølve lokomotivet for desse endringane, og andre vestlege land følgde etter. Ei drøfting av kvifor Storbritannia var utgangspunktet, står derfor sentralt i boka. 

Kva som hende, kor, korleis og når det hende, blir tatt opp og også konsekvensane for land, samfunn og menneske. Storbritannia blir samanlikna med andre område og kulturar på det eurasiske kontinentet. Den seinare industrialiseringa av andre statar blir også jamført med land som ikkje gjennomførte denne sosioøkonomiske omkalfatringa før første verdskrigen. 

Arnljot Løseth er professor emeritus i historie ved Høgskulen i Volda. 


Lenke til boka hjå Fagbokforlaget

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Ny bok frå Arnljot Løseth på Fagbokforbundet: Den industrielle revolusjonen.
Ny bok frå Arnljot Løseth på Fagbokforbundet: Den industrielle revolusjonen.
Last ned bilde
Arnljot Løseth. Foto: Tone Solhaug/HVO.
Arnljot Løseth. Foto: Tone Solhaug/HVO.
Last ned bilde

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

7007 5000https://www.hivolda.no/

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye