Startar ny naturfagutdanning ved Høgskulen i Volda
Berekraft, pandemi og klimakrise er ord som pregar nyheitsbiletet. For at folk både skal kunne undervise i og forstå betre slike komplekse tema, satsar Høgskulen i Volda på eit splitter nytt og fleksibelt studium innan naturfag.
– Me er veldig glade for å kunne tilby denne nye utdanninga, fortel førsteamanuensis Carlos David Magnusson.
Saman Magnusson er det førsteamanuensis Jan Håkon Vikane, høgskulelektor Øyvind Roger Halse og førsteamanuensis Øyvind Arne Høydal som har utvikla, og underviser i, det nye studiet.
Vidareutdanning med fokus på fleksibilitet
Gjennom eit nett- og samlingsbasert studium, Naturfag 8.-13. trinn, vil ein no kunne ta 60 studiepoeng innan naturfag, på særs fleksibelt vis, ved Høgskulen i Volda.
– Der det tidlegare har vore stram rekkjefølgje på korleis ein kan ta naturfagemne, og i kva tidsrom, har me hatt fokus på fleksibilitet i utforminga av denne vidareutdanninga, fortel førsteamanuensis Jan Håkon Vikane.
Tanken er at studentane skal kunne tilpasse løpet til sin kvardag.
– Nokre jobbar kanskje ved sida av studiet og ynskjer berre å ta eitt emne i semesteret, andre har kanskje kapasitet til to eller treng ikkje alle emna som studiet tilbyr. Dette kan ein sjølv setje saman slik det passar for søkjaren, fortset Vikane.
Samfunnsaktuelt
I dagens samfunn er det svært varierte saker som dukkar opp i nyheitsbiletet, men overraskande mykje kan linkast til naturfaglege tema.
– Naturfaga er sentrale i mange av utfordringane samfunnet møter, seier førsteamanuensis Øyvind Arne Høydal
– Under pandemien såg ein til dømes verdien av å forstå korleis immunforsvaret og bioteknologien bak vaksinar fungerer. Spørsmål om helse, berekraft og klima og miljø er òg stadig oppe i dagen, og ofte får ein motstridande informasjon frå ulike kjelder. Det å ha eit solid kunnskapsgrunnlag og ei evne til å vurdere informasjonen ein får frå ulike hald, vert stadig viktigare i tida som kjem, utdjupar Høydal.
Etterspørsel i arbeidsmarknaden
I skulen er det behov for fleire lærarar med 60 studiepoeng innan naturfag, også på ungdomsskulenivå.
– Dersom ein tek grunnskulelærarutdanning, er det ikkje vanleg at ein kan ta meir enn 30 studiepoeng. Som lærar på vidaregåande er det krav om 60 studiepoeng, og vi opplever også etterspørsel etter dette på ungdomstrinna, forklarer høgskulelektor Øyvind Roger Halse.
Kven kan søkje?
Opptakskravet for utdanninga er generell studiekompetanse, og det er løpande opptak med studiestart hausten 2024. Studiet tilbyr fordjuping og kompetanseheving innan naturfag og er tilpassa lærarar. Likevel er studiet også relevant i andre samanhengar:
– Studiet er opent for alle med ei interesse for kompetanseheving i naturfag og er ikkje berre for lærarar. Kanskje det er journalistar som ynskjer å spesialisere seg? Kanskje ein skal ha eit friår etter vidaregåande og har ei interesse for det naturfaglege og difor vil ta eitt av emna samtidig? Det er mange moglegheiter, avsluttar Magnusson.
Kontakter
Kommunikasjonskontoret
kommunikasjon@hivolda.noBilder
Om oss
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Forskar for mindre synsing om digitale verktøy i skulen1.11.2024 09:55:42 CET | Pressemelding
Korleis påverkar skriving på tastatur når seksåringar skal skrive sine første tekstar? Ein ny studie frå Volda-forskarar blir lesen med stor interesse over heile verda.
Doktordisputas: Kirsti Kverndokk Bjerkan11.9.2024 12:50:35 CEST | Pressemelding
Måndag 23. september skal Kirsti Kverndokk Bjerkan forsvare avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
Tanken bak ei nyheitssak15.8.2024 08:37:04 CEST | Pressemelding
Kva er ei god sak for ein nyheitsredaksjon? Ei fersk bok frå journalistikkmiljøet ved Høgskulen i Volda zoomar inn på kvardagen i store norske mediehus.
Ei gledeleg førjulsgåve21.12.2023 10:18:59 CET | Pressemelding
Det er for tidleg å sprette kaka, men Høgskulen i Volda (HVO) får etter alle julemerke godkjent sin første eigne doktorgrad: ph.d. i utdanning, språk og kultur.
Seminar om kunstig intelligens7.11.2023 09:41:31 CET | Presseinvitasjon
Høgskulen i Volda tek initiativ til eit dykk inn i temaet kunstig intelligens (KI), og har invitert folk frå fylkeskommunen, kommunane, privat næringsliv, frivillige organisasjonar, studentar og andre som er interesserte i KI til eit gratis KI-seminar torsdag 9. november.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom