Høgskulen i Volda

Heidrar brørne Amdam med festskrift

Del

HVO-professorane Roar Amdam og Jørgen Amdam står som bautaer i norsk planleggingspraksis dei siste femti åra. No vil fagmiljøet gjere stas på pionerane i Volda med eit stort heidersskrift.

Redaktørane bak heidersskriftet til Jørgen og Roar Amdam.
Redaktørane bak heidersskriftet til brørne Amdam (f.v.): dosent Lars Julius Halvorsen, førstelektor Gro Anita Bårdseth, professor Bjarte Folkestad og førstelektor Grethe Mari Mattland Olsen. Høgskulen i Volda

Initiativet til heidersskriftet kjem frå tilsette ved Institutt for planlegging og administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS) – fagmiljøet som professorbrørne Jørgen og Roar Amdam har spelt ei avgjerande rolle i å byggje opp ved Høgskulen i Volda (HVO) i over førti år.

Plan, politikk og prosess: eit heidersskrift til Jørgen Amdam og Roar Amdam (Scandinavian University Press, 2025) er ei vitskapleg, fagfellevurdert bok på over 400 sider. Både tilsette ved IPAS og forfattarar frå Amdam-brørne sitt omfattande forskarnettverk over heile landet har bidrege i heidersskriftet.

Gjennom 19 mangfaldige kapittel vil forfattarane synleggjere heile den faglege breidda som Roar og Jørgen Amdam har etterlate seg. Temaa spenner frå dei lange linjene i politikk og samfunnsutvikling til konkrete tiltak i lokalsamfunna rundt om i Noreg.

  • Boka Plan, politikk og prosess: eit heidersskrift til Jørgen Amdam og Roar Amdam blir lansert med eit eige seminar i Hans Strøm-huset på Høgskulen i Volda fredag 23. mai kl. 11.00. Les meir om lanseringsseminaret her.

I sentrum av fagutviklinga sidan 1980-talet 

Dei fire redaktørane bak boka arbeider alle ved IPAS: førstelektor Gro Anita Bårdseth, professor Bjarte Folkestad, dosent Lars Julius Halvorsen og førstelektor Grethe Mari Mattland Olsen

Med utgivinga ønskjer dei å heidre den store innsatsen og det sterke engasjementet som Amdam-brørne har hatt for det samfunnsfaglege miljøet ved HVO. 

– Boka viser både nettverket deira og den vide faginteressa. Her er alt frå forsking om Nav og planlegging, folkehelse og distriktspolitikk til nærdemokrati og medverknad. Det er ei tydeleg fagleg breidde her, og det var også litt av hensikta med boka som eit felles, inspirerande prosjekt for det kollegiet Amdam-brørne skal ha mykje av æra for, fortel Folkestad. 

Redaktørane gir Jørgen Amdam og Roar Amdam honnør for å ha bygd opp både fag- og forskingsmiljøet ved IPAS, bachelorutdanninga i samfunnsutvikling og ikkje minst den populære mastergraden i samfunnsplanlegging og leiing.

– Roar og Jørgen Amdam har også vore veldig viktige i fagdebatten om samfunnsplanlegging, både nasjonalt og internasjonalt. Dei har betydd svært mykje for utdanninga i og utviklinga av sjølve faget, både akademisk og praktisk der ute i mange norske kommunar. Amdam-brørne har vore aktive på feltet heilt sidan 1980-talet og hatt stor betydning for veldig mange, seier Bårdseth. 

– Det hadde i prinsippet ikkje vore noko IPAS utan desse to, supplerer Halvorsen. 

Frå utdanning på Ås til akademisk karriere i Volda 

Roar Amdam og Jørgen Amdam, opphavleg frå sunnmørsbygda Ørskog, har på kvart sitt vis bana vegen for både samfunnsvitskapen og Høgskulen i Volda gjennom fleire tiår. 

Begge har fått tildelt HVOs pris for forsking og utvikling (FoU-prisen) – Jørgen i 2012 og Roar i 2021 – for å ha lagt ned ein stor forskingsinnsats med internasjonalt tilsnitt innan både planlegging og tilgrensande fagfelt. Begge har hausta mykje ros for kapasiteten til å byggje og løfte fagmiljøet rundt seg. 

Eldstebror Jørgen Amdam (f. 1945) byrja i 1973 å arbeide ved Møre og Romsdal distriktshøgskule – DH i Volda, som seinare blei Høgskulen i Volda. I 1974 fullførte han graden dr.scient. ved Noregs landbrukshøgskule (no NMBU) på Ås. I 1994 blei han professor i kommunal og regional planlegging og administrasjon, og han var også rektor ved HVO i 2007–2011. Han har hausta stor anerkjenning som samfunnsforskar, var sentral i tidlegare Møreforsking Volda og har også vore ordførar i Volda kommune (2015–2019). 

Roar Amdam (f. 1951) har også utdanninga si frå Ås, der han blei cand.agric. i 1977 og seinare dr.agric. (1998). Han byrja å arbeide ved DH i 1983, var forskar og forskingsleiar ved Møreforsking Volda i perioden 1986–93 og har sidan vore tilsett ved HVO. Han bygde opp mastergraden ved IPAS og blei i 2012 professor i samfunnsplanlegging og leiing. Han har ein internasjonalt etterspurd kompetanse og publiserer framleis aktivt som forskar, sist som ein av redaktørane bak ei fersk bok om lokal handtering av koronapandemien (april 2025). 

Rause frontfigurar for planlegging og folkehelse 

Dei fire redaktørane av heidersskriftet fortel om to svært aktive fagmenneske som har forska og publisert mykje, bygd solide nettverk, formidla utrøytteleg til praksisfeltet og delteke i samfunnsdebatten i ei årrekkje – heile vegen med overskot til å drage andre med seg. 

– Sjølv hadde eg til dømes ikkje vore her om det ikkje var for Jørgen Amdam, fortel Mattland Olsen, som tidleg på 1990-talet tok oppmodinga frå eldstebror Amdam om å søkje seg til jobb ved i IPAS-miljøet ved HVO. 

– Både Roar og Jørgen gjorde veldig mykje for å skape arbeidsplassar. Roar sat heime på loftet sitt på kveldstid og skreiv søknad etter søknad og prøvde å skape arbeid til fleire yngre rekruttar, og Jørgen har funne lønsmidlane til folk og fått dei inn i stillingar. Dei har vore veldig rause i opplæringa av nye forskarar og det å sleppe folk til, utdjupar Mattland Olsen, og får støtte frå medredaktørane. 

I tillegg til betydninga brørne har hatt for planleggingsfaget, vil redaktørane også drage fram Roar Amdams rolle i å byggje eit fagmiljø rundt folkehelse ved Høgskulen i Volda. 

– Ser du på folkehelsemiljøet i Volda, har det blitt ganske stort – og her har Roar Amdam i stor grad stått i front, med viktige bidragsytarar rundt seg, seier Halvorsen. 

– Det er viktig å få fram at ein ikkje har trunge å stå i skuggen av Amdam-brørne, for dei har vore så flinke til å sleppe folk opp ved sida av seg. Dei har skaffa prosjekt og gitt folk moglegheiter og tillit. Dei har vore så gode til det å utvikle folk rundt seg, og dei har gjort lite av dette for pengane si skuld, understrekar Halvorsen.

Her dukkar ei historie opp rundt bordet: Jørgen Amdam skal ein gong ha blitt beden om å halde foredrag, men ønskte ikkje sjølv noko betalt for det. «Men han som deltek frå Oslo, skal ha noko, så vi må gi deg noko også», blei det insistert. 

– Og så sa Jørgen: «Greitt, då kan du gi meg eit pæretre», minnest redaktørkollegaene og ler hjarteleg.

Det er tydeleg at Jørgen og Roar Amdam har sett både faglege og sosiale spor etter seg – spor som kollegiet ved høgskulen verdset.

Mange ønskte å bidra 

Med heidersskriftet har redaktørane også ønskt å vise fram og aktivere nettopp det levande fagmiljøet som representerer arven etter Amdam-brørne. 

– Dette har vi verkeleg klart med boka, og det har vore eit skikkeleg givande prosjekt som har involvert veldig mange av kollegaene våre. Det blei eit kjekt og inspirerande arbeid, smiler Bårdseth. 

Arbeidet med boka har gått føre seg sidan hausten 2022. Redaktørane fortel at brørne Amdam blei positivt overraska då dei fekk nyheita om at det skulle kom eit heidersskrift. 

– Og så trur eg jo at dei synest det er stas at det kjem eit skrift som er gitt ut på eit forlag og er fagfellevurdert med vitskaplege publikasjonar. Vi leikar ikkje bok her, for det er ei skikkeleg utgiving, seier Folkestad. 

De har også mange eksterne bidragsytarar. Korleis var interessa for å vere med?

– Det var veldig lett å få folk til å ville skrive! Mange frå det store nettverket til brørne Amdam der ute ønskte å vere med og heidre dei, og forfattarane har levert gode bidrag til boka, avsluttar Folkestad.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Redaktørane bak heidersskriftet til Jørgen og Roar Amdam.
Redaktørane bak heidersskriftet til brørne Amdam (f.v.): dosent Lars Julius Halvorsen, førstelektor Gro Anita Bårdseth, professor Bjarte Folkestad og førstelektor Grethe Mari Mattland Olsen.
Høgskulen i Volda
Last ned bilde
Jørgen Amdam og Roar Amdam
Jørgen Amdam (arkivfoto) til venstre og Roar Amdam (foto: Olav Standal Tangen) til høgre.
Høgskulen i Volda / Olav Standal Tangen.
Last ned bilde
Redaksjonen bak heidersskriftet til brørne Amdam.
– No sit vi faktisk i Jørgen Amdams gamle kontor, fortel redaktørane i det som har blitt stilige fellesområde i det nyoppussa Hans Strøm-huset ved Høgskulen i Volda.
Høgskulen i Volda.
Last ned bilde

Lenker

Om oss

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye