Bodø lufthamn: Samtidig flytting av terminal og rullebane skal liggje til grunn for vidare planlegging

Del
- Vi har full framdrift i planlegginga av flytting av Bodø lufthamn. Prosjektet går no inn i ein forprosjektfase, som skal ta utgangspunkt i ei samtidig flytting av terminalen og rullebana. Ei slik flytting vil medverke til ei positiv byutvikling i Bodø og gi gode ringverknader i heile regionen, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Foto: Olav Heggø
Foto: Olav Heggø

Samferdselsdepartementet har no bestemt at planlegginga av flyttinga av Bodø lufthamn skal halde fram i ein forprosjektfase. Den vidare planlegginga skal ta utgangspunkt i ei samtidig flytting av rullebana og terminalen (alternativ 1 e) i Avinors skisseprosjekt. Dette er i tråd med tilrådingane frå Avinor og Bodø kommune.

Spleiselag mellom staten, Avinor og eit lokal bidrag
- For å sikre framdrift i dette prosjektet, vil vi i planlegginga vidareføre det gode samarbeidet mellom staten, Avinor og kommunen. Her vil finansiering vere eit sentralt tema som det er viktig at partane bli samde om, seier samferdselsministeren.

I behandlinga av Nasjonal transportplan 2018–2029 våren 2017, stilte Stortinget seg bak regjeringas forslag om å flytte Bodø lufthamn om lag ein kilometer sør­vestover for å sikre areal til vidare byutvikling.

Det er lagt opp til å finansiere flyttinga som eit spleiselag mellom staten, Avinor og eit lokalt bidrag. Avinor la hausten 2019 fram eit skisseprosjekt med fem ulike utbyggingsalternativ for den nye lufthamna. Dei ulike utbyggingsalternativa og Avinors eigenfinansiering har vore gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS1).


For fleire opplysningar - sjå:

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Foto: Olav Heggø
Foto: Olav Heggø
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Norge får europeisk pris for trafikksikkerhet24.6.2025 15:18:51 CEST | Pressemelding

Den europeiske trafikksikkerhetsprisen for enestående fremgang innenfor veitrafikksikkerhet går i år til Norge. Norge er landet i Europa med færrest drepte i forhold til innbyggertallet, og tildeles prisen for vedvarende engasjement og imponerende resultater i arbeidet med å redde liv i trafikken. Det er den uavhengige europeiske trafikksikkerhetsorganisasjonen European Transport Safety Council (ETSC) som står bak prisen.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye