Betre rutetilbod og ny teknologi på Lavik - Oppedal i neste anbod
– Vi har tradisjon for å nytta vår rolle som innkjøpar til å akselerera utviklinga for å nå måla som er sette for transportsektoren. Tidlegare har dette mellom anna handla om nullutslepp. No handlar det om automatiserte funksjonar, og nok ein gong skjer det på ferjesambandet Lavik – Oppedal, seier prosjektleiar Siri Rennestraum Raknes i Statens vegvesen.
Historia på sambandet – og den teknologiske sjøvegen vidare
For ti år sidan lyste vi ut tilbodet som resulterte i verdas første batterielektriske ferje med propelldrift, MF Ampere, nettopp på denne ferjestrekninga ytst i Sognefjorden. No brukar vi nok ein gong dette sambandet til å utvikla ny teknologi, til beste for trafikantane og samfunnet.
– Det vi får til i denne utviklingskontrakten vil kunna bidra til å navigera kursen for automatiserte løysingar i komande kontraktsutlysingar både på riksvegferjesambanda, og i den maritime næringa i Noreg generelt, legg ho til.
Konkurranseprega dialog
Anskaffinga skal gjennomførast som konkurranseprega dialog. Vi skal prekvalifisera inntil fire tilbydarar som vert inviterte med i dialogrundane. Fristen for prekvalifisering er 6. desember.
Gjennom konkurranseprega dialog vil hovedfokus vera løysingar knytt til automatisering i ferjedrifta. Dette gir Statens vegvesen sjanse til å gå i dialog med leverandørane for å diskutera ulike løysingar.
– Det er for tidleg å seia kva det i praksis vil innebera for denne kontrakten, sidan det heile tida er gradar av automasjon, presiserer Raknes.
Dialogrundane avsluttast før sommaren og frist for tilbodsinnlevering er sett til medio august 2023.
Slik vektar vi kontrakten
Kontrakten startar 1. september 2026 og varar til 31. august 2034, med moglegheit for forlenging i inntil tre år.
Vi krev at alle hovudfartøy skal driftast med nullutsleppsløysing.
– Når vi tildeler kontrakten, vektar vi pris med 60 prosent, automatisering med 30 prosent og gjennomføringsevne med 10 prosent, legg Siri Rennestraum Raknes til.
Slik vert rutetilbodet betre
Statens vegvesen krev at operatør skal stilla med minst fire hovudfartøy med ein kapasitet på mellom 80 og 130 PBE (personbileiningar). Samla kapasitet for hovudfartøya skal ikkje vera lågare enn 480 PBE. I tillegg stiller vi krav om minst 100 PBE for reservefartøy.
– For dei reisande vil den nye kontraktsperioden gi forbetringar i rutetilbodet. Kapasiteten aukar frå tre til fire fartøy når dieselferjene blir erstatta med nullutsleppsferjer. Resultatet er at me aukar frekvensen slik at det blir avgang kvart 15. minutt mot dagens 20. minutt. Laurdagar vil tre ferjer trafikkera sambandet, mot dagens to. Den vekefaste kapasiteten på ferjesambandet vil dermed auka med om lag 25 prosent samanlikna med dagens tilbod, avsluttar prosjektleiar Siri Rennestraum Raknes i Statens vegvesen.
Nøkkelord
Kontakter
Siri Rennestraum RaknesProsjektleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:98837582siri.rennestraum.raknes@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
No vert ny kollektivterminal tatt i bruk21.11.2024 07:16:23 CET | Pressemelding
Førstkomande måndag, 25. november, blir den nye kollektivterminalen på Flatøy tatt i bruk.
Trafikk i ett felt over Sluppen bru i Trondheim i 14 døgn19.11.2024 16:06:36 CET | Pressemelding
Vedlikeholdsarbeidene går mot slutten, men for å skifte ut fire brufuger så vil trafikken over Sluppen Viadukt kun gå i ett felt fra og med onsdag kveld 20. november og 14 døgn framover. Dette vil medføre kødannelse, spesielt på morgenen og ettermiddagen.
Byggjer to nye busslommer i Oppdal19.11.2024 14:01:35 CET | Pressemelding
Denne veka startar arbeida for å etablere to nye busslommer for E6 ved Myrset i Oppdal kommune.
– Derfor må vi parkere på gang- og sykkelvegar frå tid til annan19.11.2024 11:07:53 CET | Pressemelding
– Vis respekt for vegentreprenørar når dei parkerer på gang- og sykkelvegar i Stavanger-området.
Skal overvåke vær og føre på Tverrforbindelsen i Tromsø19.11.2024 08:21:40 CET | Pressemelding
En ny værstasjon skal følge med på Tverrforbindelsen på E8 i Tromsø, og du får din egen værstasjon i lomma.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom