FN-sambandet

Berekraftsmåla på nynorsk

Del
Mange nynorskbrukarar har sakna ei fullverdig omsetjing av FNs berekraftsmål til nynorsk. No er omsetjinga klar.
FNs berekraftsmål på nynorsk
FNs berekraftsmål på nynorsk

FNs berekraftsmål er verdas fyrste felles plan for å løyse dei store globale problema, som å utrydde fattigdom, fjerne ulikskap og stoppe alvorlege klimaendringar.

Berekraftsmåla blei vedteke av FNs medlemsland i 2015, og er omsett til ei rekke språk, også bokmål og nordsamisk. No er endeleg også nynorskversjonen klar. 

- Det er særleg viktig å nå barn og unge med kunnskap om berekraftsmåla, fordi løysningane påverkar deira framtid. No kan også nynorskbrukarar diskutere dei globale utfordringane på eige målføre, seier FN-sambandets generalsekretær, Anne Cathrine da Silva.

Endringar også i andre versjonar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, i samarbeid med andre departement, har også omarbeidd bokmålsomsetjinga, i tillegg til å få på plass den ferske nynorskutgåva. Hausten 2019 sørga FN-sambandet for ei nordsamisk omsetjing. Også den er no oppdatert.

Regjeringa har nyleg annonsert at Noreg skal få ein nasjonal handlingsplan for å nå berekraftsmåla, då er det ekstra viktig at ordlyden er lik på alle språk. 

- Vi er inne i tiåret for handling før berekraftsmåla skal vere oppfylt i 2030. No håpar vi at dei nye omsetjingane får enda fleire med på å diskutere moglege løysingar på berekraftsmåla, seier da Silva.

Bruk av materiale om berekraftsmåla

Endringane i bokmålsomsetjinga fører til at trykka materiale og anna grafikk ikkje lenger stemmer med den offisielle omsetjinga.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurderer endringane i ordlegging som små nok til at det ikkje er naudsynt å slutte å bruke eksisterande materiell. Dei oppfordrar likevel til å bruke den nye omsetjinga i produksjon av nytt materiell, og i digitalt innhald.

Grafikk til nedlasting, ny ordlyd og meir informasjon på bokmål, nynorsk og nordsamisk finn de her: https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal og her https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal?lang=nno-NO

Bilder

FNs berekraftsmål på nynorsk
FNs berekraftsmål på nynorsk
Last ned bilde
FN-sambandets generalsekretær Anne Cathrine da Silva. Foto: FN-sambandet / Eivind Oskarson
FN-sambandets generalsekretær Anne Cathrine da Silva. Foto: FN-sambandet / Eivind Oskarson
Last ned bilde

Om FN-sambandet

FN-sambandet
FN-sambandet
Storgata 33 A
0184 Oslo

22 86 84 00http://www.fn.no

FN-sambandet jobber for økt kunnskap om FN og internasjonale spørsmål. Vi har seks distriktskontorer som dekker hele landet. Det finnes FN-samband i mer enn hundre land.

Følg pressemeldinger fra FN-sambandet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra FN-sambandet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra FN-sambandet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye