Asfalterer tre E16-strekkjer mellom Voss og Bolstad

Det er Bolstad aust–Vassenden, Holemarktunnelen aust–Væletunnelen aust og Evanger–Knoltatunnelen aust som no vert vedlikehaldne.
På desse strekkjene skal eksisterande asfaltdekke fresast ned 25 millimeter før det leggjast nytt slitelag. Ver merksam på fare for steinsprut etter fresing, og ta omsyn til dette når du køyrer.
Arbeidet startar måndag 12. juni og er planlagt ferdig innan innan veke 27.
Arbeidstida vert måndag-torsdag klokka 07.00-21.00.
Stoppar arbeidet medan det er fotballcup
Fredagar og i helgane er det mange som køyrer til og frå fotballcupar som Voss Cup (16-18/6) og Lerum Cup i Sogndal helga etter.
Statens vegvesen har bestemt at det ikkje skal vera arbeid desse dagane. Dette er for at trafikken skal gå så smidig og effektivt som mogleg på desse dagane, der det alt er kjent at det vert meir trafikk enn vanleg.
– Vi asfalterer for å hindra at vegen forfell
Det er alt ein del vegarbeid på E16 mellom Voss og Bergen.
– Statens vegvesen har forståing for at ytterlegare vegarbeid kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om at vi gjer det for dei. Vi asfalterer for å vedlikahalda vegen slik at han ikkje forfell, seier byggjeleiar Bjørn Trygve Andersen i Statens vegvesen.
Og kjem med fylgjande appell:
– Ta det med ro, køyr etter angitt hastigheit og følg trafikkdirigenten sine anvisningar. Og ikkje minst respekter trafikkreguleringa i anleggsområdet, slik at dette skjer på ein sikker måte. Legg inn litt ekstra tid før du skal ut på køyretur, appellerer han.
Slik held du deg oppdatert om det som skjer på vegen
For detaljar om trafikkdirigeringa og framkomsten oppmodar Statens vegsen trafikantane til å bruka ein av fleire moglegheiter for å få informasjon om trafikken i sanntid.
Både 175.no, vår nye app Vegvesen trafikk eller sms-varsel gjev informasjon om vegen akkurat der du skal, når du skal det.
– Det har aldri vore fleire moglegheiter til å få sanntidsinformasjon om trafikken enn i dag. Det er avgjerande for Vegvesenet å bidra til føreseieleg framkomst på denne måten. Som vegeigar er det viktig for oss for å tilby trafikantane god service og tilretteleggja medan vi gjer nødvendig vedlikehald for å hindra at vegen forfell, understrekar Andersen.
Nøkkelord
Kontakter
Bjørn Trygve AndersenByggjeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:95088630bjorn.andersen@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder




Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Stenger E10 ved Sæter i Hårvika to netter i mai9.5.2025 12:09:59 CEST | Pressemelding
E10 ved Sæter mellom Lødingen og Tjeldsundbrua må stenges helt natt til 14. og natt til 15. mai grunnet vegarbeid. Det er ingen omkjøringsmulighet ved arbeidsstedet.
Ekspertutvalg har gransket Morskogen-skredet i februar8.5.2025 10:22:03 CEST | Pressemelding
Ekspertutvalget mener kravene til geologisk oppfølging av veiskjæringer må bli bedre.
Nattestengjer E16 Åsbrekkegjelet-Skromle bru til 20. juni7.5.2025 11:00:58 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen må ta opp att nattestenginga ved Kvarmakløvet.
BMO skal drifte elektro på riksvegene i Salten og Helgeland7.5.2025 08:30:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen inngår kontrakt med BMO Elektro AS om å drifte elektroinstallasjoner på riksvegene i Salten og på Helgeland.
Veisalt forurenser vannmiljøet i mange innsjøer7.5.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Forurensing fra veisalt er et problem for mange innsjøer i Sør-Norge. Det viser innsjøundersøkelsen for 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom