Alvorleg kostnadsauke i InterCity-prosjektet Sandbukta–Moss–Såstad

I tråd med tilrådingar frå Jernbanedirektoratet og Bane NOR foreslår regjeringa å auke styringsramma med 5,3 milliardar kroner, til 14,9 milliardar kroner for prosjektet Sandbukta–Moss–Såstad på Østfoldbanen. Styringsramma er den mest sannsynlege kostnaden for prosjektet.
Som følge av ny kjennskap om grunnforholda og uvisse knytt til kostnadane foreslår regjeringa å auke kostnadsramma for prosjektet frå 10,5 til 17,9 milliardar kroner. Den nye ramma er om lag 70 prosent høgare enn gjeldande kostnadsramme, som blei vedtatt av Stortinget i 2017. Kostnadsramma er taket for kor mykje prosjektet kan koste.
Regjeringa har ved fleire høve orientert Stortinget om kostnadsutviklinga i prosjektet. I ei stortingsmelding våren 2020 varsla regjeringa om eit førebels anslag på 3 milliardar kroner i kostnadsauke.
– Dei siste åra har vi diverre opplevd fleire kostnadsaukar i jernbanesektoren, både i prosjekt under bygging og i prosjekt under planlegging. Det er uheldig. For å få kontroll over kostnadane i framtidige prosjekt, har både Jernbanedirektoratet og Bane NOR sette i verk tiltak som uavhengige ekspertar har stilt seg positive til, seier samferdselsministeren.
Tilrår å fullføre utbygginga
På tross av den alvorlege kostnadsauken tilrår ikkje Samferdselsdepartementet å stanse InterCity-prosjektet Sandbukta–Moss–Såstad. Alternative løysingar for å redusere kostnadar, som å bruke dagens enkeltspor eller ikkje bygge ny jernbanestasjon i Moss, gjer at det ikkje vil bli mogleg å realisere planlagde tilbodsforbetringar. Departementet tilrår å halde fram med prosjektet.
Dei meir krevjande grunnforholda gjer at ferdigstillinga blir utsett. Togtrafikken på det nye anlegget kan truleg ikkje kan starte før i 2026, 19 månader etter opphaveleg plan.
– Eg kan sjølvsagt forstå at dei reisande er skuffa over at det nye dobbeltsporet blir forseinka. Eg har heller ingen problem med å sjå at folk og næringsliv lokalt er skuffa over at anleggsperioden blir lenger, med alle dei ulemper som det medfører. Men tryggleiken er det aller viktigaste. Vi hugsar alle det tragiske jordraset i Gjerdrum på slutten av fjoråret, seier Hareide.
Frå fagleg hald har Samferdselsdepartementet fått forsikringar om at det er trygt å gjennomføre prosjektet.
– Arbeidet med stabilisere områda med dårlege grunnforhold skal òg bidra til å sikre Moss by mot masseutglidingar. Denne stabiliseringa vil det uansett vere naudsynt å gjennomføre, og kjem no til å bli finansiert over jernbanebudsjettet i dei områda vi no bygger jernbane, seier samferdselsministeren.
Kvikkleire i anleggsområdet
Den viktigaste drivaren for kostnadsauken i prosjektet Sandbukta–Moss–Såstad er meir krevjande grunnforhold. Ikkje minst i perioden etter at hovudarbeida tok til i 2019, har det blitt identifisert eit vesentleg større omfang av kvikkleire rundt anleggsområdet enn det som tidlegare har vore lagt til grunn. Konsekvensen er eit vesentleg større behov for områdestabilisering.
I tillegg til dei ustabile grunnforholda har dårlegare marknadsrespons og høgare prisar i entreprenørbransjen bidratt til å auke prosjektkostnaden etter at gjeldande kostnadsramme på 10,5 milliardar kroner blei vedtatt.
Om prosjektet
InterCity-prosjektet Sandbukta–Moss–Såstad omfattar bygging av 10 km nytt dobbeltspor, ny stasjon i Moss, tunnel under Moss by, tunnel frå Kleberget til Carlberg og dagsone mot Såstad. Prosjektet vil gjere det mogleg med fire avgangar i timen for InterCity- og lokaltogavgangar frå Moss, og ei reisetid ned mot 30 minutt til Oslo.
For fleire opplysningar – sjå:
- Prop 193 S (2020-2021) – nokre saker om luftfart, veg, særskilte transporttiltak og jernbane
- Pressemelding frå Samferdselsdepartementet av 27. mars 2020: Krevende kostnadssprekker i historisk jernbanesatsing
- Pressemelding frå Samferdselsdepartementet av 24. september 2020 Kostnadsøkninger på Østfoldbanen: Uavhengige eksperter støtter tiltak fra Bane NOR og Jernbanedirektoratet om bedre planlegging
- Pressemelding frå Samferdselsdepartementet av 15. desember 2020: Rapport om Follobanen: Nyttige læringspunkter for fremtidige jernbaneprosjekter
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noBilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Vil etablere et nasjonalt kjøreseddelregister22.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Statens vegvesen og Politidirektoratet har, på oppdrag fra Samferdselsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, utredet muligheten for å etablere et nasjonalt kjøreseddelregister.
Fortsetter arbeidet mot sosial dumping: Krav om kjøre- og hviletid og fartsskriver for varebiler18.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Regjeringen følger opp handlingsplanen mot sosial dumping i transportsektoren og vil innføre nye krav for nasjonal godstransport med varebiler fra 2,5 til 3,5 tonn. Fra 1. juli 2026, foreslår regjeringen at det blir krav om både kjøre- og hviletid og fartsskriver.
Nå kan utvalgte vogntog frakte mer16.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
I dag kan lastebiler med slepvogn med seks eller sju aksler kjøre med en totalvekt på 50 tonn. Fra og med 1. februar 2026, økes totalvekten til 56, 55 og 54 tonn avhengig av antall aksler i vogntoget og om det er en elektrisk lastebil, eller om den går på biogass eller fossilt drivstoff.
Siste del av E6 Helgeland opna i dag – samla reisetid redusert med 40 minutt10.12.2025 15:04:52 CET | Pressemelding
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran opna i dag E6-strekninga mellom Svenningelv og Lien i Grane kommune, siste del av E6 Helgeland.
Samferdselsministeren jobber med tiltak for å redusere ulykkene på elsparkesykler2.12.2025 06:12:39 CET | Pressemelding
Antallet skader etter ulykker med elsparkesykkel i Oslo er nesten doblet sammenlignet med i fjor. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård er bekymret for utviklingen og varsler at han jobber med konkrete tiltak.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
