Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Høyring av søknad om pilotanlegg for tidvatnkraft i Gimsøystraumen

Del
NVE har motteke konsesjonssøknad frå Norwegian Ocean Power AS for eit pilotanlegg for tidvatnkraft i Gimsøystraumen i Vågan kommune i Nordland. Søknad er lagt ut på høyring, og fristen for å komme med merknader er 18. februar 2016.

NOP AS søkjer i medhald av energilova om konsesjon til å byggje og drive eit tidvatnkraftverk beståande av to turbinar, med ei samla installert effekt på inntil 0,35 MW.

Anlegget vil bli plassert og forankra på havbotnen. Årleg energiproduksjon er berekna til å vere om lag ein GWh. Krafta vil bli ført i land via sjøkabel og tilkopla eksisterande kraftnett på land.

Søknaden er tilgjengeleg på nve.no, og han er lagt ut til offentleg gjennomsyn hjå kommunen.

Nærare opplysningar kan du få ved å kontakte NVE v/ Hilde Aass på tlf. 22 95 98 85

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye