Ny flaumsikring vernar bustadfelt mot flaum frå elva Driva
22.8.2025 08:56:50 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
NVE har ferdigstilt bygginga av ein ny flaumvoll ved Furu bustadfelt i Sunndal kommune. Tiltaket vernar 40 bustader, tre industribygg og mange uthus og garasjar mot flaum frå elva Driva.

Området har vore utsett for flaum i generasjonar. Allereie på 1870-talet vart det gjennomført erosjonssikring langs Driva. Den gamle sikringa er i dag delvis overgrodd og ikkje tilstrekkeleg for å møte framtidas flaumfare.
– Me er glade for at bebuarane ved Furu no har fått ei ny og langsiktig sikring mot flaum, seier Jostein Mårdalen, regionsjef i NVE.
Flaumvollen er 580 meter lang og ligg mellom bustadfeltet og elva. Den er utforma for å tola store vassmengder og er dimensjonert for ein 200 års flaum med 40 prosent klimapåslag.
Omsyn til naturverdiar i fokus
Flaumvollen er lagt slik at han berører minst mogleg dyrka mark, og den er trekt tilbake for å bevara flaumskogen og naturtypeområdet langs elva.
– Prosjektet har vore eit godt samarbeid mellom kommunen, NVE, grunneigarar og Norconsult, der omsyn til naturverdiar og lokal bruk av området har stått i fokus, seier Mårdalen. Sunndal kommune har vore tydelege på behovet for sikring, og lokal kunnskap har bidrege til å finna gode løysingar undervegs, seier han.
Prosjektet har hatt ei totalramme på 25 millionar kroner.
Kan vidareutvikle området
Sunndal kommune er godt fornøgde med flaumsikringa .
– No som flaumvollen er på plass kan vi fokusere på vidare utvikling av bustadfeltet. Kommunen vil starte arbeidet med å revidere og oppdatere reguleringsplanen slik at han er i samsvar med at området er sikra, seier kommunedirektør Bjørn Steinland.
Nøkkelord
Kontakter
Jostein MårdalenRegionsjef i region vest
Tel:98 28 39 10josma@nve.noBilder




Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE har fastsett utgreiingskrav for nye kraftleidningar mellom Sauda og Gismarvik10.2.2026 10:34:32 CET | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for nye kraftleidningar i Sauda, Etne, Vindafjord og Tysvær kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE er ikke bekymret for forsyningssikkerheten denne vinteren4.2.2026 14:40:47 CET | Pressemelding
En lang kuldeperiode har bidratt til høy kraftproduksjon og lavere nivå i norske vannmagasiner. Samtidig har det aldri vært så lite snø i fjellet i sørlige Norge. NVE er likevel ikke bekymret for at det skal bli knapphet på kraft denne vinteren.
Folkemøter om Alta kraftverk27.1.2026 13:59:03 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har mottatt en søknad fra Statkraft Energi AS om tillatelse til å installere et tredje aggregat i Alta kraftverk. Saken er nå på offentlig høring.
NVE avslår søknaden om konsesjon til Davvi vindkraftverk20.1.2026 12:25:41 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat avslår søknaden fra Grenselandet AS om å bygge Davvi vindkraftverk i Lebesby kommune i Finnmark. Søknaden avslås fordi prosjektet er plassert midt i et av Norges aller største villmarksområder. Området har også en særlig verdi for samisk kultur og tradisjonell bruk.
NVE gjev BKK løyve til ny kraftleidning i Gulen16.1.2026 12:26:55 CET | Pressemelding
Nettselskapet BKK får konsesjon til å bygge ein ny kraftleidning og transformatorstasjon i Gulen kommune i Vestland fylke. Samstundes gjev NVE løyve til SkiGa AS for å etablere eigen transformatorstasjon og nettilknyting til Skipavika Næringspark.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom