Forsvarsbygg

Skal leie Forsvarsbygg si byggjeverksemd i vest

Del
Lars-Erik Gustavsen har fått jobben som regionsjef for Forsvarsbyggs byggherrefunksjon i vest.
Lars-Erik Gustavsen
Lars-Erik Gustavsen

Han vil leie byggjeverksemda i ein region som i 2016 vil omsetta for i underkant av 500 millionar kroner i fornying og nybygg for Forsvaret. Regionen strekk seg Kjevik i sør til Trondheim i nord, og inkluderer mellom anna Haakonsvern, Madla og Bergenhus.

- Eg gler meg til å bli kjent med Forsvarsbygg og nye medarbeidarar der, seier Lars-Erik Gustavsen.

Brei erfaring

Lars-Erik Gustavsen kjem frå Telenor kor han har vore tilsett i 14 år. Han har mellom anna vore utbyggjingssjef i markedsområde vest, med regionalt byggherreansvar for utbygging og forvaltning av infrastruktur og nasjonalt ansvar for Telenors sjøkabelverksemd og prosjekter offshore.

Dei seinare årene har han leia Telenors stasjonstekniske avdeling, med nasjonalt ansvar for utbyggjing og Forvaltning av Telenors telesentralar, datahallar, fjelltoppstasjonar, mobile basestasjonar etc.  Han har i tillegg erfaring frå standardisering og utvikling av teknologi og prosesser innan anleggsområdet.

- Gustavsen si erfaring og kompetanse er verdifull for oss. Vi er glade for at han har valt å byrje i Forsvarsbygg, seier direktør Erik Øimoen i Forsvarsbygg utvikling.

Gustavsen er busett i Bønes i Bergen, utdanna ved Sjøkrigsskolen i Bergen og University of West Scotland i Glasgow. Han byrjar i stillinga 1. februar 2016.

Nøkkelord

Kontakter

PRESSEVAKT
Forsvarsbyggs pressevakt er tilgjengelig både innenfor og utenfor ordinær kontortid og nås på telefonnummer 47 7777 47

Bilder

Lars-Erik Gustavsen
Lars-Erik Gustavsen
Last ned bilde

Lenker

Om Forsvarsbygg

Forsvarsbygg
Forsvarsbygg
Grev Wedels plass 5
0151 Oslo

815 70 400http://www.forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet som utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye