Løyve til Ofta kraftverk
Ofta kraftverk er planlagd i elva Ofta, ei sideelv til Bordalselva. Elva er del av Lærdalsvassdraget. I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Ofta kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon, og har avgrensa negative miljøeffektar.
På aktuell strekning finst naturtypane bekkekløft og fossesprutsone.Bekkekløfta er gitt regional verdi, medan fossesprutsona er gitt lokal verdi. Det er ikkje funne raudlisteartar langs aktuell elvestrekning, med unntak av alm. NVE meiner at fossesprutsona vil bli berørt av tiltaket.
Føre-var-prinsippet i naturmangfoldlova vil derfor nyttast i denne saka gjennom krav til redusert slukeevne i kraftverket.I avgjerda har NVE lagt vekt på at energiproduksjonen er høg, og at det ikkje er registrert raudlisteartar langs strekninga. Bekkekløfta vil i stor grad ha ei monaleg restvassføring som følgje av samlaup med Bliksdalselvi nedstraums fossesprutsona. Tiltaksområdet er lite synleg i landskapet.
NVEs vurdering er at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Ofta kraftverk på nærare fastsette vilkår.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt: tlf. 901 98 216
Sakshandsamar Sissel Jakobsen: tlf. 22 95 90 98
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
NVE fastsetter utredningsprogram for reindrift og nett i Finnmark25.6.2025 15:49:53 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har nå fastsatt utredningskrav om reindrift for de 11 vindkraftsakene i Finnmark. Samtidig er det satt krav til hva som må utredes for to kraftledninger i fylket.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom