Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Lindeland kraftverk

Del
NVE seier nei til søknad frå Lindeland Kraftverk AS om løyve til bygging av Lindeland kraftverk i Kvinesdal kommune i Vest-Agder av omsyn til Knebeknuten naturreservat.

Lindeland kraftverk var planlagt i Lindlandsbekken som renn igjennom Knebeknuten naturreservat. Lindeland kraftverk var planlagt med ein installert effekt på 2 MW og ein årleg produksjon på omlag 5,28 GWh.

Grunngjevinga for avslaget er at utbygginga ville påverka vernegrunnlaget for Knebeknuten naturreservat. Området er verna for å bevare ein edellauvskog med høge botaniske og plantegeografiske verdiar. Plantane er verna mot alle inngrep som endrer veksthøve, slik som til dømes drenering.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Lindeland kraftverk.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16

Rådgiver Tor Carlsen, tlf. 22 95 93 93 / 47 97 38

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye