Løyve til to vindkraftverk i Gjesdal kommune
Skurvenuten vindkraftverk vil ha ein årleg kraftproduksjon på omlag 20 GWh og Tindafjellet vindkraftverk ein årleg produksjon på omlag 30 GWh. Til saman svarar dette til straumforbruket til rundt 3000 husstandar. Den planlagde utbygginga inngår i Asko sin ambisjon om å bli sjølvforsynt med fornybar energi.
Etter NVEs vurdering er dei samla fordelane ved kvart av dei to anlegga større enn ulempene dei medfører. NVE har vektlagt at det er gode vindforhold i planområda, og at dei to prosjekta vil bidra til at Noreg kan oppfylle politiske målsettingar om auka satsing på fornybar kraftproduksjon. Det er gitt konsesjon til ein installert effekt på inntil 10 MW i kvart av prosjekta.
Skurvenuten vindkraftverk
Dei viktigaste negative verknadene av Skurvenuten vindkraftverk er etter NVEs vurdering knytt til landskap, friluftsliv og fugl. NVE har lagt vekt på at anlegget er lite samanlikna med andre vindkraftprosjekt i Noreg, og meiner difor at desse ulempene ikkje er større enn fordelane ved ei utbygging. NVE har fastsett ei rekkje vilkår til konsesjonen, mellom anna krav til avbøtande tiltak for kulturminner, maksimalt støynivå og utarbeiding av ein miljø-, transport og anleggsplan.
Tindafjellet vindkraftverk
Dei viktigaste negative verknadene av Tindafjellet vindkraftverk er etter NVEs vurdering knytt til landskap, friluftsliv og fugl. NVE har lagt vekt på at anlegget er lite samanlikna med andre vindkraftprosjekt i Noreg, og meiner difor at desse ulempene ikkje er større enn fordelane ved ei utbygging. NVE har fastsett ei rekkje vilkår til konsesjonen, mellom anna krav til maksimalt omfang av skyggekast, maksimalt støynivå og utarbeiding av ein miljø-, transport og anleggsplan.
Konsesjonsdokumenta og notatane Bakgrunn for vedtak for dei to prosjekta er tilgjengeleg på NVEs nettside: www.nve.no/vindkraft.
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 22 95 90 88
Seksjonssjef Arne Olsen, tlf. 22 95 90 38 / 915 48 387
Kommuniikasjonsrådgiver Arne Søiland. tlf 40 21 01 50
Lenker
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
NVE fastsetter utredningsprogram for reindrift og nett i Finnmark25.6.2025 15:49:53 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har nå fastsatt utredningskrav om reindrift for de 11 vindkraftsakene i Finnmark. Samtidig er det satt krav til hva som må utredes for to kraftledninger i fylket.
NVE gir Bjørøya AS overtredelsesgebyr på tre millioner kroner24.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat gir gebyret til Bjørøya AS for å med forsett ha bygget elektriske anlegg uten nødvendig tillatelse. Dette er en av flere saker det siste året hvor NVE gir gebyr for ulovlig utbygging av kraftnett.
NVE gir 40 nye kraftanlegg status som listeførte kulturminner24.6.2025 08:30:00 CEST | Pressemelding
Med de 40 nye anleggene, er det totalt 270 kraftanlegg som er listeført som kulturminner av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom