Miljødirektoratet

40 års miljøgift-overvaking viser betring

Del
Mengda av enkelte miljøgifter har gått vesentleg ned i norske kystområde. Forbod mot farlege stoff verkar, stadfestar ny rapport.
Eit forbod mot miljøgifta TBT som blei innført i 1990, har hatt positiv effekt på purpursniglane langs norskekysten. Foto: Lise Tveiten, Niva.
Eit forbod mot miljøgifta TBT som blei innført i 1990, har hatt positiv effekt på purpursniglane langs norskekysten. Foto: Lise Tveiten, Niva.

‒ Kunnskap om nivå, trendar og effektar av miljøgifter bidrar til eit godt grunnlag for å vurdere miljøtilstanden i dei nære kystområda. Resultata frå miljøovervakingablir brukte til å forby eller redusere bruk av giftstoff, både nasjonalt og internasjonalt, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Overvakar forureining langs kysten

Nokre kjemiske stoff utgjer så stor fare for helse og miljø, at vi kallar dei miljøgifter. Målet er å stanse bruken og utsleppa av dei.

Forureining frå miljøgifter har i 40 år blitt overvakte langs heile kysten av Noreg. På oppdrag frå Miljødirektoratet har Norsk institutt for vassforsking (Niva) utarbeidd rapport med data frå 2021.

Den nye rapporten viser nivå av 27 ulike miljøgifter på torsk, blåskjel, sjøsniglar og ærfugl.

Mindre miljøgifter i marint miljø

– Hovudsakleg går nivå av miljøgifter ned i marint miljø der vi har tidstrendar. Det er nokre unntak med aukande trendar i enkelte fjordar og nær urbane hamneområde, seier seniorforskar Merete Schøyen i Niva.

Eit døme på søkkande langtidsstrender er i purpursnigel frå Færder i ytre Oslofjord. Gifteffektar på denne arten har gått ned fordi Noreg mange år tilbake i tid forbaud bruken av stoffet tributyltinn (TBT) i båtmåling. TBT kan føre til at hunlige sjøsniglar utviklar hannlege kjønnsorgan.

I blåskjel er langtidstrenden søkkande verdiar av enkelte metall og organiske miljøgifter.

Det er gledeleg å sjå at reguleringar av miljøgifter verkar, samtidig er det urovekkjande å sjå at nivåa aukar for andre stoff, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Kvikksølv i torsk flatar ut

Generelt aukar nivåa for nokon polyklorerte bifenyler (PCB-er) langs heile kysten. I Oslofjorden aukar nivåa for nokre metall, som til dømes bly, krom og arsen. Ei mogleg forklaring på aukande trendar, kan vere at klimaendringar gir auka nedbør og større avrenning.

– I Oslofjorden blir framleis påvist mange miljøgifter med relativt høge nivå. Men dei siste ti åra har konsentrasjonen av kvikksølv i torsk flata ut i dei indre delane av fjorden, seier Merete Schøyen i Niva

Nye miljøgifter er ei utfordring

– Noreg har aktivt arbeidd med å forby og stille strenge krav for å redusere utsleppa av miljøgiftene i fleire tiår. Det gjer at vi finn lågare nivå av fleire av dei tradisjonelle miljøgiftene. Samtidig kjem det stadig nye miljøgifter. Det er viktig at vi regulerer også desse tidleg, seier Ellen Hambro.

Noreg deltar i arbeidet med dette både i EU og globalt. Eit døme er at Noreg og fire andre land jobbar saman om å forby perfluorerte samband (Pfas).

Desse stoffa er svært stabile og blir brotne i lita grad heilt ned. Dei hopar seg opp i både menneske og miljø, og blir spreidde over heile kloden. Fleire av stoffa kan ha alvorlege effektar for dyr og menneske.

https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/kjemikalier/reach/restriksjoner-under-reach/forbud-mot-pfas/

Fakta: Miljøgifter som blir overvakte

 Fakta: Data blir brukte nasjonalt og internasjonalt

  • Dataa blir rapporterte i Vannmiljø-databasen til Miljødirektoratet.
  • Resultata er ein del av Noregs bidrag til Oslo-Paris-konvensjonen (Ospar) om vern av det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren, er ein juridisk bindande avtale, Det internasjonale havforskingsrådet, Det europeiske miljøbyrået (EEA) og EUs vassdirektiv.
  • Dataa blir også sende til Mattilsynet som grunnlag for å vurdere lokale åtvaringar om inntak av visse typar sjømat.

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag

Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Bilder

Eit forbod mot miljøgifta TBT som blei innført i 1990, har hatt positiv effekt på purpursniglane langs norskekysten. Foto: Lise Tveiten, Niva.
Eit forbod mot miljøgifta TBT som blei innført i 1990, har hatt positiv effekt på purpursniglane langs norskekysten. Foto: Lise Tveiten, Niva.
Last ned bilde

Lenker

Om Miljødirektoratet

Miljødirektoratet
Miljødirektoratet
Postboks 5672 Torgarden
7485 Trondheim

73 58 05 00https://www.miljodirektoratet.no

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye