Premieren der alt går gale
17.11.2026 07:00:00 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding
Når den store stjerneskodespelarinna Angelica Dybwad på mystisk vis blir borte midt under premieren, må barna hjelpe til for å løyse eit vaskeekte teatermysterium.

DEN PERFEKTE PREMIEREN
(og det som vart litt dumt)
URPREMIERE TORSDAG 19. NOVEMBER KL. 18.00
av Feil Teater
SCENE 3
Regissør Verner Bang-Wisløff og Angelica Dybwad har teke heile verda med storm med sine imponerande produksjonar. Frå Berlin til Beijing, frå Kairo til Kuala Lumpur. No er dei endeleg klare for å gjenerobre norske teaterscener med ei oppsetjing som ifølge teatersjefen er den beste framsyninga teateret har produsert nokon gong. Dybwad har hovudrolla i det dramatiske stykket Baronessa frå Lichtenberg, men det blir enno meir dramatisk da divaen plutseleg blir borte midt under framsyninga!
Interaktivt teatermysterium
Inspisienten for teaterframsyninga frir til publikum om hjelp til å finne ut kva som har hendt, og tek med barna i publikum på ei spennande reise bak kulissane, inn i teaterets indre.
Feil Teater på Scene 3
Framsyninga er utvikla av Feil Teater, som gjestar Scene 3 i hausten 2026 og våren 2027, og er ei interaktiv framsyning som tek barnas perspektiv på alvor.
Framsyninga passar frå 7 år.
Den perfekte premieren
(og det som vart litt dumt)
av Feil Teater Ide, konsept og regi Vilde Johannessen og Sebastian Skytterud Myers Manus Sebastian Skytterud Myers Lysdesign og scenografi Eilif Fjeld Teisbo Kostyme- og maskedesign Sigurd Braathen Dalen

Nøkkelord
Kontakter
Åsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noIda MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noBilder

Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Teatervår i kjærleikens teikn10.11.2026 15:40:24 CET | Pressemelding
Musikk av Emilie Nicolas, nytt stykke av Arne Lygre, teater med ekko av opprøra frå Europa, filmsuksess som musikal, smertefull kjærleik og barneteater med aktuelle tema. Dette er ingrediensane i våren 2027.
Noregspremiere på stykket som forandra amerikansk teater5.11.2026 11:10:14 CET | Pressemelding
Kva kan eit teaterstykke om ein afroamerikansk familie i Chicago på 1950-talet fortelje oss om samtida i Noreg i dag? Ein heil del, ifølge regissør Josette Bushell-Mingo.
Filmatisk Cabaret: Sara Khorami debuterer som musikalskodespelar9.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
-Alt eg lagar handlar i botnen om korleis minoritetar blir behandla i samfunnet vårt, seier regissør Kjersti Horn. Dette gjeld også musikalen Cabaret, som rett nok byr på både show og underhaldning. Men under overflata dirrar erkjenninga av at verda er prega av eit ytringsrom som stadig blir innskrenka, at homofile, kvinner og minoritetars rettar er under press og at klasseskilnadane aukar. Som eit ekko av fortida er det igjen mange som ropar på "den sterke mann" som kan rydde opp.
Frå guttastemning til fascisme5.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Army boots, skinhead, bomberjakke og bøllete oppførsel. Før kunne ein kjenne ein rasist når ein såg han. I dag er rasisten forkledd i pene klede, gode formuleringar, konspirasjonsteoriar og statistikk som passar. Dette er den nye fascismen, og landskapet framsyninga «Gutta» ønskjer å undersøke.
Frankenstein: Grøssar-teater for barn21.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Feil Teater har gjennom ei årrekkje vist at dei har god teft når det gjeld å lage teater som treffer dei yngre målgruppene. No har dei tatt ein sjanse, når dei lagar skikkeleg skummelt teater med groteske skrekk-element. Blir publikum sittande?
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom