Statens vegvesen

Éin million har lasta ned Vegvesen trafikk

4.11.2026 11:36:02 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Vegvesen trafikk har passert éin million nedlastingar. Appen gir trafikantane oppdatert informasjon om trafikk, vêr og framkomst og bidrar til tryggare og meir føreseielege reiser.

Ei berekning frå Oslo Economics viser at Vegvesen trafikk skaper ein samfunnsverdi på om lag 133 millionar kroner i året. Berekninga omfattar både appen og nettsida.
Ei berekning frå Oslo Economics viser at Vegvesen trafikk skaper ein samfunnsverdi på om lag 133 millionar kroner i året. Berekninga omfattar både appen og nettsida.

Sidan lanseringa har Vegvesen trafikk utvikla seg frå ein kanal for trafikkinformasjon til eit planleggingsverktøy for både privatbilistar og yrkessjåførar.

– Éin million nedlastingar er ein viktig milepæl. Det viser at mange trafikantar har nytte av informasjonen når dei skal planleggje reisa og ta gode val undervegs, seier Frode Kvam i Statens vegvesen.

Bruken har auka kraftig. I mars 2023 hadde appen 321 000 unike dagsbrukarar. I mars 2026 var talet 510 000.

Samfunnsgevinst på 133 millionar kroner

Ei berekning frå Oslo Economics viser at Vegvesen trafikk skaper ein samfunnsverdi på om lag 133 millionar kroner i året. Berekninga omfattar både appen og nettsida.

Gevinstane kjem mellom anna frå kortare reisetid, meir føreseielege reiser, mindre tid brukt på å leite etter informasjon, lågare ulykkesrisiko, kortare køyrelengder og reduserte utslepp. Trafikkmeldingar, varslingar og nettkamera står for dei største bidraga.

– Når oppdaterte data, fagkunnskap og teknologi blir omsette til informasjon folk kan bruke, får det ein konkret verdi for både trafikantane og samfunnet, seier Kvam.

 

Nyttig når forholda er krevjande

Vegvesen trafikk blir særleg mykje brukt når vêr og vegforhold gjer det vanskeleg å kome fram. Trafikantane kan mellom anna få pushvarsel om endringar på ruter og vêrutsette vegar og sjekke status for fjellovergangar før dei køyrer.

Då ekstremvêret Jakob trefte Vestlandet i 2024, blei bruken av appen mangedobla. Meir enn 27 000 personar brukte appen same dag for å planleggje reisa, og fleire tusen nye brukarar lasta han ned i løpet av få dagar.

– I slike situasjonar er det ekstra viktig med oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon. Målet er å hjelpe trafikantane med å unngå overraskingar, vurdere alternative ruter og kome tryggare fram, seier Frode Kvam.

 

Informasjon før og under reisa

Vegvesen trafikk gir mellom anna:

  • sanntidsinformasjon om trafikkflyt og kø
  • trafikkmeldingar og pushvarsel om endringar
  • prognosar for glatt veg
  • informasjon om ferjer
  • prognosar for stenging og kolonnekøyring på viktige fjellovergangar
  • vinddata på vêrutsette bruer
  • informasjon om rasteplassar og fasilitetar
  • nettkamera og vêrdata frå heile landet

Appen er også tilgjengeleg på engelsk.

 

Eige tilbod for tungtransporten

Vegvesen trafikk er utvikla i tett dialog med transportnæringa. For tungbilsjåførar gir tenesta mellom anna ruteplanlegging tilpassa tunge køyretøy og informasjon om døgnkvileplassar, fjellovergangar, vêr og trafikkforhold.

Norges Lastebileier-Forbund (NLF) har vore involvert i utviklinga sidan starten.

– Appen er no eit svært godt hjelpemiddel for både bileigarar og sjåførar. Å kunne velje dei gunstigaste rutene på dei beste tidspunkta gir store økonomiske og miljømessige innsparingar, seier Kjell Olafsrud, viseadministrerande direktør i NLF.

 

Skal gi endå betre situasjonsforståing

Vegvesen trafikk blir utvikla vidare med utgangspunkt i brukarbehov, tilbakemeldingar og stadig betre data om veg, vêr og trafikk.

No arbeider Statens vegvesen vidare med å gjere trafikkinformasjonen meir relevant og gi trafikantane betre situasjonsforståing når noko skjer på vegane.

 

Vegvesen trafikk kan lastast ned gratis frå App Store og Google Play og er også tilgjengeleg på vegvesen.no.

Kontakter

Bilder

På veg mot éin million nedlastingar: Sidan lanseringa i 2021 har Vegvesen trafikk blitt vidareutvikla med mellom anna pushvarsel, prognosar for fjellovergangar, nynorsk og engelsk språk og betre visning av trafikkmeldingar.
På veg mot éin million nedlastingar: Sidan lanseringa i 2021 har Vegvesen trafikk blitt vidareutvikla med mellom anna pushvarsel, prognosar for fjellovergangar, nynorsk og engelsk språk og betre visning av trafikkmeldingar.
Last ned bilde
Produktområdeleiar Frode Kvam i Vegvesenet har vore med på app-reisa sidan oppstarten i 2021.
Produktområdeleiar Frode Kvam i Vegvesenet har vore med på app-reisa sidan oppstarten i 2021.
Foto: Øyvind Welle
Last ned bilde

Lenker

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye