Statens vegvesen

Avlyser utvida stengetid i Nappstraumtunnelen

3.11.2026 12:59:22 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Statens vegvesen innfører ikkje utvida nattestenging av Nappstraumtunnelen slik tidlegare varsla. Ordinær nattestenging frå kl. 23.00 til 06.00 gjeld framleis.

Vatn og brannsikring: Heile Nappstraumtunnelen skal dekkast med vasstett duk for å leie drypp og vassig bort frå vegbana og inn til drenering og pumpesystem. Frå Flesa og nedover skal duken no brannsikrast med fleire lag sprøytebetong.
Vatn og brannsikring: Heile Nappstraumtunnelen skal dekkast med vasstett duk for å leie drypp og vassig bort frå vegbana og inn til drenering og pumpesystem. Frå Flesa og nedover skal duken no brannsikrast med fleire lag sprøytebetong. Foto: Adrian Markussen / Statens vegvesen

Statens vegvesen trekker med det varselet om å stenge tunnelen to timar tidlegare på Flesa og ein time tidlegare på Napp, frå og med 16. november til 6. desember. 

– Etter at vi sende ut varselet, har vi sett at ulempa for folk og lokalsamfunnet samla sett blir for stor. I samråd med entreprenøren har vi difor droppa utvida stengetid, seier prosjektleiar Daniel Carløy Skjønsfjell i Statens vegvesen.

Kan forseinke framdrifta

Deler av oppgraderingsarbeidet i tunnelen kan berre utførast i plussgrader. Mellom anna gjeld det brannsikring av den vasstette duken i tak og vegger med sprøytebetong. Dette var bakgrunnen for at entreprenøren ønska utvida stengetid. No er det ikkje sikkert at entreprenøren får gjort heile jobben på denne sida av vinteren.

– Kjem kulda tidleg i år, må dei stoppe akkurat dette arbeidet. Får vi mildvær utan frost fram mot jul, kjem dei truleg i mål. Så no kryssar vi fingrane for ei mild førjulstid, seier Skjønsfjell.

Gjennomsleppet om natta blir flytta til kl. 00.30

Frå og med 16. november blir det nattlege gjennomsleppet av trafikk flytta frå kl. 02.00 fram til kl. 00.30 frå Flesa, og cirka kl. 00.40 frå Napp. Endringa er tilpassa vinterruta for ferjesambandet Bodø – Værøy – Røst – Moskenes  og gjeld gjennom vinteren. 

Stengetider gjennom vinteren

Frå 16. november:

  • Tunnelen blir stengd som vanleg mellom kl. 23.00–06.00
  • Nattleg gjennomslepp frå Flesa kl. 00.30
  • Nattleg gjennomslepp frå Napp ca. kl. 00.40
  • Gjennomslepp om morgonen som vanleg kl. 06.00

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Vatn og brannsikring: Heile Nappstraumtunnelen skal dekkast med vasstett duk for å leie drypp og vassig bort frå vegbana og inn til drenering og pumpesystem. Frå Flesa og nedover skal duken no brannsikrast med fleire lag sprøytebetong.
Vatn og brannsikring: Heile Nappstraumtunnelen skal dekkast med vasstett duk for å leie drypp og vassig bort frå vegbana og inn til drenering og pumpesystem. Frå Flesa og nedover skal duken no brannsikrast med fleire lag sprøytebetong.
Foto: Adrian Markussen / Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye