Stortinget

Nordiske folkevalde møtest til sesjon i Helsingfors

26.10.2026 08:07:28 CET | Stortinget | Pressemelding

Del

Stats- og regjeringsleiarar, parlamentspresidentar og 87 parlamentarikarar frå heile Norden møtes til Nordisk toppmøte i Helsingfors 26.–29. oktober. Samfunnstryggleik, beredskap og nordisk motstandskraft står sentralt.

Flagget til Nordisk råd utenfor den finske parlamentsbygningen.
Nordisk råds møte blir arrangert i Riksdagen i Finland. Foto: Nordisk råd

Nordisk råds sesjon er den viktigaste årlege møtplassen for dei nordiske parlamenta og regjeringane. Her møtest folkevalde frå heile Norden for å drøfte aktuelle spørsmål i det nordiske samarbeidet med kollegaer, og med dei nordiske stats- og regjeringsleiarane. Hovudgjest under årets sesjonen er Finlands president Alexander Stubb, som skal tale til forsamlinga.

I løpet av møtet blir det også halde eit eige møte mellom dei nordiske parlamentspresidentane.

Tryggleik og beredskap i Norden

Ei hovudtema for sesjonen er korleis dei nordiske landa kan styrkje samarbeidet om tryggleik, samfunnsberedskap og motstandskraft. 

– Dette er eit tema som har fått stadig større plass i det nordiske samarbeidet. Tettare nordisk samarbeid er særleg viktig i dagens geopolitiske bilde, der Norden møter stadig fleire grensekryssande utfordringar som krev felles løysingar, god informasjonsdeling og betre samordning, seier delegasjonsleiar Helge André Njåstad (FrP).

Sesjonen vil óg ta opp andre sentrale og aktuelle nordiske spørsmål og utfordringar innan velferdspolitikk, miljø, kunst og kultur, vekst og utvikling. 

Nordisk råds prisar

Utdelinga av Nordisk råds fem prisar er eit av høgdepunkta under sesjonen. I år går alle prisane til norske vinnarar, for første gong i historia. Prisar blir delte ut i kategoriane litteratur, barne- og ungdomslitteratur, film, musikk og miljø, og alle vinnarane er verdige representantar for breidda og kvaliteten i norsk kultur- og miljøarbeid.

– Det er heilt unikt at Noreg vinn i alle dei fem kategoriane. Vi gratulerer alle vinnarane med ei svært fortent anerkjenning, seier Truls Vasvik (A), nestleiar for Stortingets delegasjon til Nordisk råd.

Vasvik trekkjer særleg fram litteraturprisen til Sigbjørn Skåden for Láŋtdievvá / Planterhaug. Romanen er gitt ut på samisk og norsk, og det er 35 år sidan sist eit samiskspråkleg verk fekk prisen. Han trekkjer óg fram miljøprisen til barne- og ungdomsorganisasjonen Miljøagentene, som ei viktig anerkjenning av barn og unge sitt engasjement for klima og miljø.

– Litteraturprisen understrekar verdien av å oppretthalde det språklege mangfald i Norden, medan prisen til Miljøagentane framhevar betydinga av å gi barn og unge ei tydeleg stemme i det nordiske samarbeidet, seier Vasvik.

Nøkkelord

Kontakter

Pressevakt(Vennligst ring, ikke send sms.)

Pressevakten for presidentskap, direktør og øvrig administrativ ledelse er bemannet på telefon kl. 07.30–20.00 på hverdager og kl. 11–20 lørdag og søndag. E-post leses hverdager fra kl. 07.30–16.30.

Tel:+47 920 10 681presse@stortinget.no

Bilder

Flagget til Nordisk råd utenfor den finske parlamentsbygningen.
Nordisk råds møte blir arrangert i Riksdagen i Finland.
Foto: Nordisk råd
Last ned bilde
Helge André Njåstad, leder for Stortingets delegasjon til Nordisk råd.
Helge André Njåstad, leder for Stortingets delegasjon til Nordisk råd.
Foto: Stortinget
Last ned bilde
Truls Vasvik, nestleder for Stortingets delegasjon til Nordisk råd.
Truls Vasvik, nestleder for Stortingets delegasjon til Nordisk råd.
Foto: Stortinget
Last ned bilde

Om oss

Stortinget er Norges nasjonalforsamling. De viktigste oppgavene til Stortinget er å vedta lover, bestemme statens budsjett og kontrollere regjeringen.

Følg pressemeldinger fra Stortinget

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Stortinget på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Stortinget

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye