Statens vegvesen

Ny døgnkvileplass i Seljord bidreg til grøn tungbilsatsing i Telemark

2.10.2026 08:46:10 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Ein ny døgnkvileplass i Seljord står klar til å ta imot tungbilsjåførar på veg gjennom Telemark.

Døgnkvileplassen i Seljord. Foto: Statens vegvesen
Døgnkvileplassen i Seljord. Foto: Statens vegvesen

Statens vegvesen opnar ein ny døgnkvileplass i Seljord. Plassen har 25 oppstillingsplassar og fire ladestasjonar for tunge køyretøy.

Viktig for trafikktryggleiken

– Døgnkvileplassar er eit viktig tilbod til dei som har vegen som arbeidsplass. Her kan både sjåførane og vogntoga få lada batteria, seier seksjonssjef Ingmar Ulvenes i Statens vegvesen.

På døgnkvileplassen får sjåførane tilgang til mellom anna toalett og dusj.

– Gode døgnkvileplassar gir sjåførane høve til å kvilen under trygge og ordna forhold. Dette bidreg til utkvilde og merksame sjåførar, og dermed trafikktryggleik for oss alle, seier Ulvenes.

Døgnkvileplassar er tilrettelagde for sjåførar i tungtransport som blir omfatta av reglane om køyre- og kviletid. I motsetning til vanlege rasteplassar er desse plassane bygde spesielt for tungbilar.

Lytta til bransjen

Den nye døgnkvileplassen i Seljord er strategisk plassert ved E134 og riksveg 36.

– Då me planla nye døgnkvileplassar, spurde me Norges Lastebileier-Forbund om kvar dei såg behovet. Dei peika på Seljord. Plasseringa gjer at me her treffer sjåførane som køyrar både E134 og rv. 36, forklarer seksjonssjefen.

Med 25 oppstillingsplassar og fire ladestasjonar er anlegget tilpassa både dagens transportbehov og overgangen til meir klimavennleg tungtransport.

– Dei nye ladestasjonane gjer at plassen er tilpassa det grøne skiftet innan tungtransporten. Transportsektoren står for ein tredel av norske utslepp, og ein føresetnad for at tungtransporten skal gå over til elektriske køyretøy er at lademoglegheitene på lengre strekningar blir betre.

Ein del av Tungbilpakken

Det er Døgnhvile AS som skal driva plassen etter avtale med Statens vegvesen. Avtalen som er inngått, gjeld for ti år, og dessutan opsjon på eitt + eitt år.

Den nye døgnkvileplassen er ein del av Tungbilpakken, ei satsing som skal gi betre forhold for tungtransporten. I Nasjonal transportplan er det sett av 3,7 milliardar kroner til tungbilpakken i perioden 2025–2036. Pengane skal mellom anna brukast til fleire og betre døgnkvileplassar, rasteplassar og ladetilbod for tunge køyretøy.

Nøkkelord

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet
* Trafikkstyring og beredskap
* Brøyting/strøing/salting
* Asfalt
* Rekkverk
* Bruer
* Tunneler
* Fjelloverganger
* Rasteplasser
* Inspeksjoner
* Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Bilder

Snorklipp for døgnkvileplassen i Seljord. Frå venstre Ingmar Ulvenes (Statens vegvesen), Morten Natadal (NLF) og Seljord-ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen. Foto: Statens vegvesen
Snorklipp for døgnkvileplassen i Seljord. Frå venstre Ingmar Ulvenes (Statens vegvesen), Morten Natadal (NLF) og Seljord-ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde
Morten Våge Alfheim (til venstre) frå Døgnhvile AS gir blomstrar til Sør entreprenør ved Sindre Øverås. Foto: Statens vegvesen
Morten Våge Alfheim (til venstre) frå Døgnhvile AS gir blomstrar til Sør entreprenør ved Sindre Øverås. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye