Statens vegvesen held fram si grøne tungbilsatsing langs E39 på Vestlandet
6.10.2026 12:37:01 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Det er no opna ein heilt ny døgnkvileplass med tungbillading på E39 Sande i Sunnfjord.

Døgnkvileplassen ligg strategisk plassert mellom Lavik og Førde, nær kryssområde til E39.
Døgnkvileplassen har 15 oppstillingsplassar, og er utforma slik at tungbilane kan manøvrera til og frå utan å rygga. Hurtigladestasjonen kan gi opptil 400 kW på kvar av dei 10 ladeuttaka.
Sjåførane kan nytta seg av dei moderne fasilitetane med dusj, toalett og opphaldsrom medan dei tek lovpålagt døgnkvile og pause.
Det har frå opningsdagen 21. august vore mogleg å lada på plassen.
Døgnhvile AS har bygd opp plassen i samarbeid med Uno-X som har ladebiten. Døgnhvile AS skal driva døgnkvileplassen etter avtale med Statens vegvesen i 10 til 12 år.
Styrker næringsliv og tryggleik
– Det er viktig for næringslivet på Vestlandet med føreseieleg logistikk. Tilrettelagde kvileplassar sikrar at transporten av gods og tenester flyt effektivt og trygt. Med den nye ladeplassen og dei neste som kjem langs E39 legg vi til rette for at heile landet kan ta del i det grøne skiftet, seier koordinator Geir Lorens Jørgensen i Tungbilpakken i Statens vegvesen.
Tidlegare i år opna også døgnkvileplass E39 Skei i Jølster ladestasjon for tunge køyretøy.
Dette er den vidare satsinga
Først ut i oppgradering av tilbodet langs E39 på Vestlandet, blir den eksisterande døgnkvileplassen E39/ Rv. 15 Nordfjordeid Uno-X som får tungbillading i løpet av året.
Det er vidare lyst ut konkurranse for strekninga E39 Knarvik - Oppedal i Nordhordland. Ein ny døgnkvileplass med ladetilbod langs denne strekninga kan stå klar innan våren 2028.
Dei neste strekningane Vegvesenet vil invitere til nye konkurransar om, er E39 Bergen nord og E39 på Stord. Desse to konkurransane blir lyst ut vinteren 2026/ 2027 med krav om tungbillading.
I løpet av 2027 er det plan om å lysa ut konkurranse for ny døgnkvileplass med ladetilbod sør for Bergen.
Fleire i Rogaland
Døgnkvileplassen E39 Sokn i Stavanger har i sommar fått auka kapasiteten med ti plassar, slik at det no er 23 oppmerka oppstillingsplassar her. Det er førebels ikkje planar om tungbillading på Sokn.
Statens vegvesen jobbar for å få etablert ein større døgnkvileplass med tungbil-lading nær E39 på Nord- Jæren. Transportnæringa har over mange år hatt eit veldig stort behov for kvileplass til sjåførane i Forus-området. Det er mål om å få på plass eit slikt tilbod her innan år 2030.
Det er kritisk at ein ny døgnkvileplass i Forus-/ Stavanger-områdeter ferdig seinast til E39 Rogfast opnar i 2033, og dei 23 oppstillingsplassane på Sokn må leggjast ned.
Sør i Rogaland er det i dag døgnkvileplassar langs E39 ved Søylandskiosken i Gjesdal og på Vikeså i Bjerkreim. Ingen av desse har tungbillading i dag.
Statens vegvesen vil til neste år lysa ut konkurranse om etablering av nye døgnkvileplassar langs E39 mellom Moi og Skurve. Det vil då også bli stilt krav om tungbillading på denne strekninga.
Ladeinfrastruktur for tungbil
Ladestasjonane som er etablert langs E39 i Vestland og Rogaland har til no gitt ein attraktiv korridor for elektrisk tungtransport frå Jølster i nord til Skurve i sør. I løpet av året vil tilbodet bli utvida til Nordfjordeid i nord.
I tillegg til nye ladestasjonar på døgnkvileplassane langs E39, er det også bygd ut ladeinfrastruktur for tungbil som følge av Enova si støtteordning til undervegslading. Fastcharge opna i september i år ny ladestasjon på Skurve i Gjesdal.
Dei vil i løpet av oktober også opna ladestasjonar både på Heiane i Stord, samt på Haukås nord i Bergen. Uno-X har også etablert dedikert ladar for tunge køyretøy på sin stasjon på Nyborg i Åsane.
Den nye døgnkvileplassen på Sande er slik sett blitt ein av fleire viktige ladestasjonar i tilrettelegginga for elektrifisering av tungtransporten på Vestlandet.
Nøkkelord
Kontakter
Geir Lorens JørgensenKoordinator TungbilpakkenStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:95072101geir.jorgensen@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet
* Trafikkstyring og beredskap
* Brøyting/strøing/salting
* Asfalt
* Rekkverk
* Bruer
* Tunneler
* Fjelloverganger
* Rasteplasser
* Inspeksjoner
* Ferje
Bilder





Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Skift til vinterhjul før snøen kommer6.10.2026 11:54:43 CEST | Pressemelding
Høstferien kan by på glatte veier selv om gradestokken viser plussgrader. Statens vegvesen ber deg følge med på vær og føre, og kontrollere vinterdekkene før de tas i bruk.
Stenger E18 Bolstadtunnelen i én retning om natta5.10.2026 15:33:03 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal utføre forberedende vedlikeholdsarbeid på E18 Bolstadtunnelen i Vestfold fire kvelder og netter denne uka og tre uker til.
Inspeksjon stenger Stavanger-tunneler5.10.2026 14:34:07 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal neste uke, uke 42, ha inspeksjoner i tre Stavanger-tunneler, noe som gjør det nødvendig å stenge.
Nattarbeid i Hardanger-tunnelar på rv. 13 og rv. 7 denne veka og neste5.10.2026 11:26:04 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen legg sprøytebetong i tunnelar på rv. 13 og rv. 7 i uke 41 og 42, altså denne veka og neste.
E39 ved Vigeland stenges i fire uker2.10.2026 11:59:10 CEST | Pressemelding
E39 ved Vigeland blir stengt på dagtid fra 5. til 30. oktober mens Statens vegvesen gjennomfører fjellsikringsarbeid. Trafikken blir ledet via fylkesveg 460 og fylkesveg 4054 gjennom sentrum.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom