Bonnier Norsk Forlag

Ny roman frå Sivert N. Nesbø: Å omsetje ei bok frå eit ukjent språk

28.9.2026 07:06:34 CEST | Bonnier Norsk Forlag | Pressemelding

Del

Kirja tek utgangspunkt i eit usedvanleg prosjekt: Å omsetje ein finsk romanklassikar ord for ord – utan å kunne eit einaste ord finsk frå før.

I Kirja følgjer vi forfattaren i arbeidet med å omsetje den finske klassikaren Uuni (Omnen) av Antti Hyry. Utan forkunnskapar i språket kastar han seg ut i eit seigt og tålmodig arbeid, driven av ei aning om at han i det finske språket og den finske litteraturen kan finne fram til noko større.

«Eg skriv meg inn i romanen medan språket er ukjend, ord for ord, ei setning etter den andre; eg lærer meg språket ved å omsetje ein roman og litt etter litt er det eitkvart som røyver seg, eg veit ikkje kva som liknar på dette.»
– Frå boka

Ein sjeldan vakker refleksjon over litteraturen

Kirja – som rett og slett tyder bok på finsk – handlar om kven ein vert når ein brukar heile livet på litteraturen. Romanen leiter etter sanninga som ligg bortanfor dei vande kategoriane våre, og kombinerer reiseskildringar og glimt frå eige liv med djupe tankar om språk, tolking og det å skrive.

Resultatet er eit nært og innsiktsfullt verk om den typen erkjenningar berre det langsame arbeidet med språk kan gje.

– Å setje om er å skape noko nytt, ein ny tekst, som òg skal ha litterær verdi. Det er mykje som skal klaffe og alltid svært mange usikkerhetsmoment. Omsetjing, med det grundige språkarbeidet som då krevst, har òg den funksjonen at språket til forfattaren stundom vert gjort framand for han sjølv att, seier Nesbø.

Om forfattaren

Sivert Nikolai Nesbø (f. 1982) er ei markant stemme i norsk samtidslitteratur. Han debuterte i 2013 med romanen Skårgangar og har sidan gjeve ut fleire kritikarroste bøker, seinast Varme og vatn (2021). Same år gav han ut Framom døden, ei nynorsk omsetjing av William Faulkners As I Lay Dying, som han vart nominert til Bastianprisen for.

Nesbø var i fem år leiar for Skrivekunstakademiet i Bergen og er i dag leiar for Den norske Forfatterforening.

Kirja kjem ut 2. oktober. Ta kontakt for meldareksemplar og intervju.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Kirja av Sivert N. Nesbø kjem ut 2. oktober.
Kirja av Sivert N. Nesbø kjem ut 2. oktober.
Last ned bilde
Foto: Linn Heidi Stokkedal
Foto: Linn Heidi Stokkedal
Last ned bilde
Foto: Linn Heidi Stokkedal
Foto: Linn Heidi Stokkedal
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Bonnier Norsk Forlag

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Bonnier Norsk Forlag på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Bonnier Norsk Forlag

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye