Utdanningsforbundet

Stor markering for dei streikande lærarane i Bergen

27.9.2026 12:01:00 CEST | Utdanningsforbundet | Pressemelding

Del

Hovedparole: Forsvar streikeretten!

Torsdag 1. oktober - Kl.17-18 Torgalmenningen i Bergen

Utdanningsforbundet

Utdanningsforbundet og Unio samlar fagrørsla for ei stor støttemarkering  for dei 12 streikande lærarane ved Bergen Kristne Grunnskole. Lærarane  har no stått i Noregs lengste lærarstreik for å få noko så grunnleggjande som ein tariffavtale.

Leiar i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll, kjem. Det same gjer Steffen Handal, leiar i Unio samt fleire toppar i fagrørsla. Mellom anna kjem Henriette Jevnaker, 1. nestleiar i LO og  Eva Klokkerud, leiar av Spir, forbundet for kyrkjetilsette

Den private kristne skulen, Bergen Kristne Grunnskole, som er arbeidsgivar her   undergrev streikeretten når dei denne hausten har tilset nye lærarar til å gjere jobben dei streikande skulle ha gjort. Dette er streikebryteri av eit slag vi i Noreg ikkje har sett sidan før krigen. Vi vil  vise dei streikande at vi står saman med dei i kampen mot det som i praksis er eit statsfinansiert streikebryteri.

Her finn du heile programmet: https://www.utdanningsforbundet.no/nyheter/2026/stor-markering-for-dei-streikande-lararane-i-bergen

Ønskjer du intervju med Geir Røsvoll eller Steffen Handal kan du ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Arun Ghosh: 41 217 028

Vi har og fotograf på jobb under heile arrangement og bilder kan fås ved førespurnad til Arun.

Arrangementsansvarleg og kontaktperson i Bergen: Mildrid Beate Kronborg Økland, nestleiar Utdanningsforbundet Vestland: 95 486 308

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Utdanningsforbundet

Utdanningsforbundet er landets nest største fagforening og den største på utdanningsfeltet. Våre om lag 190.000 medlemmer jobber på alle områder og nivåer i utdanningsløpet, fra barnehage til universitet, og er med på å forme barn og elevers liv, ferdigheter og muligheter.

Utdanningsforbundets overordnede mål er å skape et godt og trygt utdanningsløp for alle, fra de minste barnehagebarna til voksne i utdanning. For å få til dette, jobber vi for at lærere og ledere i barnehage og skole får bruke sine kunnskaper og ferdigheter i jobben, og møter lønns- og arbeidsvilkår som gjenspeiler deres viktige bidrag til samfunnet.

Følg pressemeldinger fra Utdanningsforbundet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Utdanningsforbundet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Utdanningsforbundet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye