Klimaministeren opnar Rosendalsveko 2026
30.6.2026 13:53:06 CEST | Universitetet i Bergen (UiB) | Pressemelding
Korleis påverkar klimaendringane naturen, friluftslivet, fjord og fjell? For sjette år på rad strøymer politikarar og næringsliv til Rosendalsveko i august.

Rosendalsveko samlar forskarar, næringsliv, politikarar og samfunnsengasjerte til to dagar med faglege samtalar, debatt og idéutveksling om klima, naturmangfald, energi og vegen mot eit meir berekraftig samfunn.
UiB er medarrangør for Rosendalsveko som går føre seg 3.–4. august på Folgefonnsenteret i Rosendal.
Årets tema er «Klimatilpassing – frå kunnskap til handling», med særleg vekt på korleis klimaendringane påverkar natur, friluftsliv, fjord og fjell – og kva som skal til for å ta gode val for framtida.
Klimaministeren opnar
Klima- og miljøminister Anders Bjelland Eriksen opnar konferansen. Han har tidlegare teke til orde for å stansa bit-for-bit-nedbygginga av norsk natur.
Konferansen samlar regionens fremste forskarar deler den nyaste kunnskapen om arealutfordringar vi står overfor på land og i sjø.
Kven skal bestemma?
Kraftutbygging, hytteutbygging og havbruk – «alle» vil ha sin bit av kysten, men kven skal bestemma over arealbruken? Regjeringa, Storting, forvalting, fylkeskommunar – eller er det kanskje kommunane sjølve?
Tidlegare i år avslo Statsforvaltaren ni søknader om nye oppdrettsanlegg i Hardangerfjorden, av omsyn til miljøkostnaden av utsleppa. Samstundes vert store nye kraftprosjekt, effektoppgraderingar og nye linjetrasear både planlagde og bygde.
Under Rosendalsveko møtest lokalpolitikarane og stortingspolitikarane, næringslivsleiarane og akademia til diskusjon.
Konferansen samlar om lag 120 deltakarar kvart år. I år deltek mellom andre klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen, Lars Haltbrekken (SV), Ove Trellevik (H), Frøya Skjold Sjursæther (MDG), Helge Andre Njåstad (FrP), Erling Sande (Sp) og Linda Merkesdal (Ap). Dessutan deltar ordførarane Vegard Bjørnevik (Kvinnherad), Mette-Heidi Ekrheim (Etne), Timo Knoch, (Eidfjord)og Bente Kari Sletten Taranger (Austevoll).
Fakta: Rosendalsveko 2026
Rosendalsveko er ein årviss konferanse, som samlar kunnskapsinstitusjonar, næringsliv, samfunnsliv og politikarar til formidling av kunnskap og diskusjonar rundt klima, naturmangfald, energi, næringsutvikling og berekraft.
Når: 3. - 4. august 2026
Kor: Folgefonnsenteret, Rosendal
Arrangør: Folgefonnsenteret, Universitetet i Bergen og Havforskingsinstituttet
Sjå fullt program her: https://folgefonnsenteret.no/rosendalsveko/
Ønskjer du meir informasjon eller kommentarar, kan du kontakta programkomiteen:
Geir Lasse Taranger (HI), mobil 9011 1596,
Jostein Bakke (UiB), mobil 9927 3343,
Kerim H. Nisacioglu (UiB), mobil 9804 9414,
Charlotte Gannefors Krafft (UiB), mobil 9006 0854,
Ingvard Havnen, mobil 9546 8393 og
Una Kolle, Folgefonnsenteret, mobil 9915 5425.
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Ekspertliste – agurktid29.6.2026 13:38:26 CEST | Pressemelding
Universitetet i Bergen har flere eksperter som kan uttale seg om typiske sommersaker. Her er noen av dem.
Eksperter fra UiB: Hjernehelse25.6.2026 13:26:59 CEST | Pressemelding
UiB har flere eksperter som kan uttale seg om demens, alder og hjernehelse i forbindelse med regjeringens nye strategi.
Når Norge scorer mål, rister hele Bergen23.6.2026 10:31:47 CEST | Pressemelding
Bergensernes VM-jubel natt til tirsdag 23.juni var så kraftig at det ble registrert tre små jordskjelv.
Eksperter fra UiB: Hetebølger og ekstremvær23.6.2026 10:05:57 CEST | Pressemelding
Universitetet i Bergen har flere eksperter som kan uttale seg om ekstremvær og hetebølgen som rammer Europa denne uken.
Gjennombrot for forskarar frå Bergen - teknologi kan bli del av vaksine mot alvorleg diarésjukdom23.6.2026 10:01:45 CEST | Pressemelding
Forsking leia frå Universitetet i Bergen (UiB) og NORCE kan bidra til utvikling av ein ny vaksine mot ein av verdas viktigaste årsaker til alvorleg diarésjukdom. No har teknologien blitt lisensiert til det internasjonale vaksineselskapet Valneva, som skal vidareutvikle forskinga mot ei mogleg framtidig vaksine.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom