Universitetet i Bergen (UiB)

Frå breidyll til flaumfare: Bondhusbreen varslar eit klima i endring

31.7.2026 11:35:45 CEST | Universitetet i Bergen (UiB) | Pressemelding

Del

I sommar måtte politiet stenge eit område ved det populære turistmålet Bondhusvatnet på grunn av flumfare frå breen. Nettopp korleis klimaendringane påverkar natur og friluftsliv er temaet for Rosendalsveko 3. – 4. august.  

Leiar for Skandinavisk senter for fjellforskning (SMT), Jostein Bakke, på bretur på Folgefonna. 3. - 4. august deltar han på Rosenddalsveko på Folgefonnsenteret.
Leiar for Skandinavisk senter for fjellforskning (SMT), Jostein Bakke, på bretur på Folgefonna. 3. - 4. august deltar han på Rosenddalsveko på Folgefonnsenteret. Håvard Kroken Holme, UiB

Folgefonnsenteret, Universitetet i Bergen og Havforskningsinstituttet inviterer til årets Rosendalsveko. 

Den samlar forskarar, næringsliv, politikarar og samfunnsengasjerte til to dagar med faglege samtalar, debatt og idéutveksling om klima, naturmangfald, energi og vegen mot eit meir berekraftig samfunn.

Friluftsliv i endring 

Hardanger er eit populært reisemål for turistar frå heile verda, men endringar i temperatur, nedbør og snøforhold påverkar både skiturisme, fjellturar og kystaktivitetar.

– Ved Folgefonna skisenter i Jondal kunne vi før stå på ski om sommaren – det kan vi ikkje lenger. I sommar måtte politiet stenge området rundt den populære Bondhusbreen fordi store mengder smeltevatn kunne kome fossande nedover på kort tid. Det er eit ganske konkret bilete på kva som skjer med friluftslivet på Vestlandet, seier Jostein Bakke, UiB-professor i geovitenskap og leiar for Skandinavisk senter for fjellforskning (SMT). 

Han leier debatten "Klima og friluftsliv i endring" under konferansen.

Klimaministeren opnar  

UiB er medarrangør for Rosendalsveko som går føre seg 3.–4. august på Folgefonnsenteret i Rosendal.

Årets tema er «Klimatilpassing – frå kunnskap til handling», med særleg vekt på korleis klimaendringane påverkar natur, friluftsliv, fjord og fjell – og kva som skal til for å ta gode val for framtida. Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen opnar konferansen. 

Konferansen samlar regionens fremste forskarar deler den nyaste kunnskapen om arealutfordringar vi står overfor på land og i sjø. 

Kven skal bestemma?

Kraftutbygging, hytteutbygging og havbruk – «alle» vil ha sin bit av kysten, men kven skal bestemma over arealbruken? Regjeringa, Storting, forvalting, fylkeskommunar – eller er det kanskje kommunane sjølve?

Tidlegare i år avslo Statsforvaltaren ni søknader om nye oppdrettsanlegg i Hardangerfjorden, av omsyn til miljøkostnaden av utsleppa. Samstundes vert store nye kraftprosjekt, effektoppgraderingar og nye linjetrasear både planlagde og bygde.

Under Rosendalsveko møtest lokalpolitikarane og stortingspolitikarane, næringslivsleiarane og akademia til diskusjon. 

Sjå fullt program her: https://folgefonnsenteret.no/rosendalsveko/

Konferansen samlar om lag 120 deltakarar kvart år.

I år deltek mellom andre klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen, Lars Haltbrekken (SV), Ove Trellevik (H), Frøya Skjold Sjursæther (MDG), Helge Andre Njåstad (FrP), Erling Sande (Sp) og Linda Merkesdal (Ap). Dessutan deltar ordførarane Vegard Bjørnevik (Kvinnherad), Mette-Heidi Ekrheim (Etne), Timo Knoch, (Eidfjord)og Bente Kari Sletten Taranger (Austevoll).

Fakta: Rosendalsveko 2026

Rosendalsveko er ein årviss konferanse, som samlar kunnskapsinstitusjonar, næringsliv, samfunnsliv og politikarar til formidling av kunnskap og diskusjonar rundt klima, naturmangfald, energi, næringsutvikling  og berekraft.

Når: 3. - 4. august 2026

Kor: Folgefonnsenteret, Rosendal 

Arrangør: Folgefonnsenteret, Universitetet i Bergen og Havforskingsinstituttet 

Ønskjer du meir informasjon eller kommentarar, kan du kontakta programkomiteen:

Geir Lasse Taranger (HI), mobil 9011 1596,

Jostein Bakke (UiB), mobil 9927 3343,

Kerim H. Nisacioglu (UiB), mobil 9804 9414,

Charlotte Gannefors Krafft (UiB), mobil 9006 0854,

Ingvard Havnen, mobil 9546 8393 og

Una Kolle, Folgefonnsenteret, mobil 9915 5425.

Nøkkelord

Bilder

Folgefonna smeltar: Breane i landet smeltar i rekordtempo. Det påverkar friluftslivet på Vestlandet.
Folgefonna smeltar: Breane i landet smeltar i rekordtempo. Det påverkar friluftslivet på Vestlandet.
Håvard Kroken Holme, UiB.
Last ned bilde
I sommar måtte politiet stenge området innerst ved den populære Bondhusvatnet fordi store mengder smeltevatn kunne kome fossande nedover frå breen på kort tid. Her frå andre sida av vatnet der det framleis er ope for ferdsel.
I sommar måtte politiet stenge området innerst ved den populære Bondhusvatnet fordi store mengder smeltevatn kunne kome fossande nedover frå breen på kort tid. Her frå andre sida av vatnet der det framleis er ope for ferdsel.
Solfrid T. Langeland, UiB.
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye