Trine Skei Grande ny styreleiar ved Det Norske Teatret
27.4.2026 10:14:02 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
26. april gjennomførte Det Norske Teatret årsmøte, og valde Trine Skei Grande til ny styreleiar.

Det Norske Teatret hadde eit svært sterkt 2025 og kunne notere 209 803 besøkande (opp frå 171 247 i 2024) og eit årsresultat på 17,7 mill. kr; årsresultat før skatt 18,8 mill. kr (12,6 mill. kr for 2024).
I 2024 utarbeidde teateret ein toårig handlingsplan for ein sunnare teaterøkonomi. Styret er tilfreds med at planen no er fullført. Kostnadskutt særleg på personalkostnader og drift har styrkt likviditeten utan å senke dei kunstnarlege ambisjonane. I 2025 blei dessutan rammetilskotet styrkt med 15 mill. kr etter langsiktig arbeid gjennom kampanjen «Tett gapet».
Teatret har store investeringsbehov framover. Bygget er 40 år og kritiske scenetekniske installasjonar nærmar seg levetid. Arbeidet mot styresmaktene for å sikre teateret som nasjonalt kulturbygg er høgt prioritert.
Trine Skei Grande ny styreleiar

Styreleiar Hilde Barstad gir seg etter generalforsamlinga og takka møtelyden for fire givande år.
-I denne perioden har teateret vore gjennom ein økonomisk snuoperasjon og eit teatersjefbytte. Åra har vore fylte med krevjande og givande arbeid. Det har vore eit tilfredsstillande verv, der også mange viktige kunstnarlege sigrar og stor oppslutning kring arbeidet ved Det Norske Teatret har vore engasjerande, seier Hilde Barstad.
Ho ønskte samstundes den påtroppande styreleiaren Trine Skei Grande lukke til i den kommande rolla. Den tidlegare Venstre-politikaren og kultur- og inkluderingsministeren (2018-2020) tek fatt på oppgåva med stor entusiasme.
-Eg meiner at Det Norske Teatret er det mest spennande teateret vi har. Eg håpar å kunna bidra til at det framleis blir ein scene som er nyskapande og brei. Som får fram det beste i eit unikt kunstnarleg ensemble og som set dagsorden og tek vare på historie og språk, seier påtroppande styreleiar Trine Skei Grande som frå 1. april 2024 er administrerande direktør i Forleggerforeningen.
Høge publikumstal i 2025

Eit høgt besøkstal i 2025 vitnar om at ulike sjanger- og repertoarval har vore kloke. Det er særleg Europavisjonar (96 % besøk, 47 % av billettinntektene) og Da vi var yngre som peikar seg ut som dei store publikumsvinnarane.
- Det Norske Teatret ønskjer å markere seg som eit internasjonalt teater i toppklasse, gjennom ei radikal satsing på mangfald og fleirstemmigheit både i ensemble, kunstnarlege team og i val av prosjekt. Særleg viktig har residensen til Tani Dibasey og Only Slime på Scene 3 gjennom heile 2025 vore, samt samarbeidet med dramatikaren Linda Gathu om framsyninga Sukker, som vart heidra med Ibsenprisen, seier teatersjef Kjersti Horn om sitt første år i sjefsstolen.

- Store publikumssuksessar har vore storsatsinga Europavisjonar på hovudscenen, samt Da vi var yngre av Oliver Lovrenski på Scene 2 – begge djervt satsa prosjekt som gjekk rett inn i samtida og opna teateret for mange nye publikummarar. Ein stor kunstnarleg siger var framsyninga Vinter på hovudscenen, i regi av stjerneskotet Lisaboa Houbrechts, som opna Fossefestivalen i september. Årets festival vekte stor internasjonal merksemd og la grunnlaget for sterke internasjonale samarbeid i åra framover, seier Kjersti Horn.
Nødvendig vedlikehald

Andreas Flåt Aglen er for tida konstituert som direktør for Det Norske Teatret.
2025 var eit godt år for Det Norske Teatret. Resultatet stadfestar ein vel gjennomført snuoperasjon og god oppnåing av sentrale økonomiske mål. Verksemda planlegg å auke investeringsnivået vidare i 2026 og i åra framover for å møte dei auka krava knytte til oppgraderingar og nødvendig vedlikehald, seier Andreas Flåt Aglen.
Styret
Etter val på årsmøtet har styret konstituert seg med denne samansetjinga: Trine Skei Grande (styreleiar), Erik Bolstad (nestleiar), Loveleen Rihel Brenna, Martin Alexander Korsvik Revheim, Magni Hjertenes Flyum, Heidi Gjermundsen Broch og Lone Nordløkken.
Kontakter
Konstituert direktør Andreas Flåt Aglen
andreas.aglen@detnorsketeatret.no
+47 48196691
Bilder



Dokumenter
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Frankenstein: Grøssar-teater for barn21.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Feil Teater har gjennom ei årrekkje vist at dei har god teft når det gjeld å lage teater som treffer dei yngre målgruppene. No har dei tatt ein sjanse, når dei lagar skikkeleg skummelt teater med groteske skrekk-element. Blir publikum sittande?
Er Y2K-nostalgien farleg?3.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Magetoppar, låge bukser og hits frå tidleg 2000-tal er igjen moderne. Folk kjøper CDar og DVDar og byter ut smart-telefon med knappetelefon for å logge av ein stressande kvardag. Tani Dibasey, Io Sivertsen og gjengen bak teaterframsyninga - eller kinofilmen - 2002 ntoro yume tek skrittet fullt ut og gjenskapar nokre av filmane som prega 2000-talet. Men er romantiseringa av fortida eigentleg sunn?
Khemiris suksessroman i storformat31.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Jonas Hassen Khemiris storverk Søstrene spinn ut frå nyttårsaftan 2000 og følger tre søstrer gjennom fest, kvardag og nederlag. I 2025 kåra The New York Times romanen som ein av dei ti beste bøkene det året. Eit sterkt skodespelarlag skal no formidle den rike historia som får urpremiere på Hovudscenen 5. september.
Europavisjonar inviterer publikum til å synge med20.8.2026 12:39:43 CEST | Pressemelding
22. september kan publikum stemme i med Merkels versjon av Euphoria, Putins Cha Cha Cha eller alle dei europeiske statsleiaranes Bara bada badstu.
Strømdahl, Ånnevik og Sørum tolkar Prøysen19.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nokre av landets fremste Prøysen-tolkarar løfter fram nye sider ved den folkekjære låtskrivaren og artisten i det som har blitt ei varm og sterk musikkteateroppleving.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom