Teatermaraton om den vestlege sivilisasjonens fødsel
22.4.2026 12:36:07 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
Ni dagar frå april til juni skjer vårens store teaterhending: Roland Schimmelpfennigs Antropolis er forteljinga om det mytologiske forelegget til vår vestlege sivilisasjon servert på sju timar. Kven er vi, og korleis blei vi dei vi er?

ANTROPOLIS
av Roland Schimmelpfennig
NORDENPREMIERE LAURDAG 25. APRIL KL. 13.00 - ca. 20.00
SCENE 2
Ein serie i fem delar om byen Tebens oppsving og fall, regissert av tysk-iranske Mina Salehpour, er teaterets mest vågale og megalomane satsing denne våren. På Scene 2 blir det ein gyllen sjanse til å sjå denne syklusen av gamle drama spelt ut av eit framståande ensemble som gjennom fire månader har knadd og verkeleggjort heile det mytologiske forelegget til vår vestlege sivilisasjon.
- Det er som eit Game of Thrones møter greske tragediar på Scene 2!Les heile intervjuet med regissør Mina Salehpour.
Det byrjar med Teben
Antropolis er eit destillat av verka til antikkens store dramatikarar, ført i pennen av den tyske samtidsdramatikaren Roland Schimmelpfennig. Zevs bortføring av Europa leiar Katmos til å grunnlegge byen Teben. Derfrå skal vi følgje utviklinga av den vesle byen til å bli verdas hovudstad. Schimmelpfennig tek desse antikke mytane inn i ei notidig forteljing utan å kvitte seg med dei originale tekstane. Han byggjer Euripides, Sofokles og Aiskylos inn i ein ny tekst.
Oversyn over dei fem delane i Antropolis her.
Gudane er framleis med oss
Dei fem delane Dionysos, Laios, Ødipus, Iokaste og Antigone er eit djupdykk inn i mytanes verd, som igjen gir oss verktøya til å forstå rikdommen i gamle tragediar og deira relevans sjølv i dag. Antikken lever framleis – dei politiske bodskapa som blir formidla resonnerer med vår eiga tid. Det er ei brutal forteljing om brodermord, incest, maktkamp, ville festar og blodige slag. Også konfliktane i dei antikke legendene liknar forbausande mykje på dei vi strir med i det moderne samfunnet.
Premieresamtale

PREMIERESAMTALE ANTROPOLIS
LAURDAG 25. APRIL KL. 12.30
Før premieren på Antropolis av Roland Schimmelpfennig er det premieresamtale med regissør Mina Salehpour og teatersjef Kjersti Horn.
Kontakter
Åsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noIda MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noBilder






























Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Frankenstein: Grøssar-teater for barn21.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Feil Teater har gjennom ei årrekkje vist at dei har god teft når det gjeld å lage teater som treffer dei yngre målgruppene. No har dei tatt ein sjanse, når dei lagar skikkeleg skummelt teater med groteske skrekk-element. Blir publikum sittande?
Er Y2K-nostalgien farleg?3.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Magetoppar, låge bukser og hits frå tidleg 2000-tal er igjen moderne. Folk kjøper CDar og DVDar og byter ut smart-telefon med knappetelefon for å logge av ein stressande kvardag. Tani Dibasey, Io Sivertsen og gjengen bak teaterframsyninga - eller kinofilmen - 2002 ntoro yume tek skrittet fullt ut og gjenskapar nokre av filmane som prega 2000-talet. Men er romantiseringa av fortida eigentleg sunn?
Khemiris suksessroman i storformat31.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Jonas Hassen Khemiris storverk Søstrene spinn ut frå nyttårsaftan 2000 og følger tre søstrer gjennom fest, kvardag og nederlag. I 2025 kåra The New York Times romanen som ein av dei ti beste bøkene det året. Eit sterkt skodespelarlag skal no formidle den rike historia som får urpremiere på Hovudscenen 5. september.
Europavisjonar inviterer publikum til å synge med20.8.2026 12:39:43 CEST | Pressemelding
22. september kan publikum stemme i med Merkels versjon av Euphoria, Putins Cha Cha Cha eller alle dei europeiske statsleiaranes Bara bada badstu.
Strømdahl, Ånnevik og Sørum tolkar Prøysen19.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nokre av landets fremste Prøysen-tolkarar løfter fram nye sider ved den folkekjære låtskrivaren og artisten i det som har blitt ei varm og sterk musikkteateroppleving.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom