Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon: Fiskeri- og havministeren til verdas største sjømatmesse

17.4.2026 08:02:00 CEST | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding

Del

Marianne Sivertsen Næss besøker 21.–22. april den største sjømatmessa i verda, Seafood Expo Global i Barcelona.

Fiskeri- og havministeren under fjorårets Seafood Expo Barcelona.
Fiskeri- og havministeren under fjorårets Seafood Expo Barcelona. NFD

– I ei tid med aukande uro i verdshandelen blir møteplassar som Seafood Expo Global endå viktigare. Her får norsk sjømatnæring vist styrken sin, samtidig som vi byggjer relasjonar som er viktig for marknadstilgang framover, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Totalt eksporterte Noreg 2,8 millionar tonn sjømat til ein verdi av 181,5 milliardar kroner i 2025. Det er ein auke på 6,4 milliardar kroner, eller 4 prosent, samanlikna med 2024. Målt i verdi var 2025 dermed eit rekordår.

– Norsk sjømat har eit sterkt omdømme internasjonalt. På sjømatmessa får vi vist fram kvaliteten, berekrafta og innovasjonen i næringa, og styrkt Noreg si rolle som ein leiande sjømatnasjon, seier Næss.

Fiskeri- og havministeren skal vere på messeområdet store deler av dagen tysdag 21. april. Her skal ho besøkje mange av dei norske utstillarane. Ho vil også møte ulike ministerkollegaer.

Statsråden sitt program

Tysdag 21. april

  • Deltaking på sjømatmessa
  • Møte med Island
  • Møte med Storbritannia.
  • Møter skuleklasse frå Finnmark som følgjer fisken frå Sørøya til Spania

Onsdag 22. april

  • Dialogmøte med sjømatnæringen
  • Møte med Spania
  • Møte med Færøyene
  • Invitert av Danish Seafood Association til å besøke den danske fellesstanden

Kontakt

Presse som ønsker å dekke programmet kan kontakte pressekontakt David Berg Tvetene på +47 472 72 769 / dtv@nfd.dep.no

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på LinkedIn og Flickr, og regjeringa på X/Twitter og Facebook 

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye