Pippi er klar for sirkus
10.4.2026 07:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
Endeleg nærmar det seg premieren, og Pippi Langstrømpe er klar for å svinge seg i manesjen. Scenen er gjort om til eit fargesprakande sirkus. Her er ekte akrobatar, pudlar, hestar og eit leikent orkester som spelar ny musikk av ABBA-legenda Björn Ulvaeus.

PIPPI PÅ SIRKUS
av av Maria Blom, Björn Ulvaeus & Tilde Björfors
Basert på boka Pippi Langstrømpe av Astrid Lindgren
NOREGSPREMIERE LAURDAG 18. APRIL KL. 17.00
Når Pippi blir med Tommy og Annika på sirkus, vil ho ikkje sitte passiv og sjå på - ho vil vere med! Pippi får møte mellom andre Miss Carmencita, linedansaren Elvira og ein illsint sirkusdirektør. Det blir tumultar og misforståingar - men publikum elskar det!
Pippi er som alltid uredd og handlekraftig, og går ikkje av banen for å snakke dei vaksne imot. Til slutt tek ho utfordringa om å slåst med verdas sterkaste mann.

Suksess i Sverige
Pippi på sirkus hadde opphavleg premiere i Sverige i 2022, og fekk strålande mottaking av kritikarar og publikum. No er Pippi straks klar for å møte det norske folket.
Hovudscenen er fylt med spektakulær scenografi, glitrande kostyme, dyr, spreke artistar, musikarar og skodespelarar som gjer seg klare for å skape vaskeekte sirkus på teater.

ABBA-Björn gler seg til Noregspremieren
- Skal eg verkeleg gå inn og skrive om Astrid Lindgrens karakterar, kan eg verkeleg gjere det? Er det rett av meg å gjere det? spurde Björn Ulvaeus seg da han skulle i gang med å lage ein musikal av Pippi Langstrømpe.
No ser han fram til å komme på premieren for å sjå den norske versjonen av framsyninga han har vore med på å skape.
Les heile intervjuet.

Natalie er Pippi: Bestefar var sirkusartist!
Natalie Bjerke Roland skal dele rolla som Pippi med Catharina Vu. På teaterscenen har Natalie dei seinare åra gjort stor suksess både som Evita og i suksessmusikalen Europavisjonar. På TV har ho hatt hovudrolla i TV2-serien Fling. Men det som kanskje kvalifiserer aller mest til rolla som Pippi, er at ho har ein oldefar som var sirkusartist!
– Da han møtte oldemor, måtte han slutte med sirkuslivet, fortel Bjerke Roland.
Les heile intervjuet.

Sirkusregissøren: Her er alt mogleg
Tilde Björfors har turnert verda rundt med skandinavias første nysirkustrupp, Cirkus Cikör, som ho sjølv var med på å starte, og er professor i faget. No skal ho sørge for at Pippi på sirkus er full av spretne hopp, høge svev og fortrollande kunststykke.
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder































Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Er Y2K-nostalgien farleg?3.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Magetoppar, låge bukser og hits frå tidleg 2000-tal er igjen moderne. Folk kjøper CDar og DVDar og byter ut smart-telefon med knappetelefon for å logge av ein stressande kvardag. Tani Dibasey, Io Sivertsen og gjengen bak teaterframsyninga - eller kinofilmen - 2002 ntoro yume tek skrittet fullt ut og gjenskapar nokre av filmane som prega 2000-talet. Men er romantiseringa av fortida eigentleg sunn?
Khemiris suksessroman i storformat31.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Jonas Hassen Khemiris storverk Søstrene spinn ut frå nyttårsaftan 2000 og følger tre søstrer gjennom fest, kvardag og nederlag. I 2025 kåra The New York Times romanen som ein av dei ti beste bøkene det året. Eit sterkt skodespelarlag skal no formidle den rike historia som får urpremiere på Hovudscenen 5. september.
Europavisjonar inviterer publikum til å synge med20.8.2026 12:39:43 CEST | Pressemelding
22. september kan publikum stemme i med Merkels versjon av Euphoria, Putins Cha Cha Cha eller alle dei europeiske statsleiaranes Bara bada badstu.
Strømdahl, Ånnevik og Sørum tolkar Prøysen19.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nokre av landets fremste Prøysen-tolkarar løfter fram nye sider ved den folkekjære låtskrivaren og artisten i det som har blitt ei varm og sterk musikkteateroppleving.
Pride på Det Norske Teatret16.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Pride up med den britiske komikaren Morgan Rees i følge med Adam Schølberg, Isalill Kolpus og fleire er sjølve hovudattraksjonen når Det Norske Teatret held ope under Pride.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom