Innovasjon Norge

Eksportvekst i Møre og Romsdal

13.3.2026 16:02:36 CET | Innovasjon Norge | Pressemelding

Del

Norsk eksport utanom olje og gass var i 2025 på eit historisk høgt nivå. Møre og Romsdal er det fylket med høgast eksportinntekter per sysselsatt.

Foto: iStock/donvictorio/franckreporter/saiko3p/Photofex-AT Menon

Møre og Romsdal er Noregs fjerde største eksportfylke, med ein eksport på om lag 121 milliardar kroner, ein vekst på nesten fire prosent frå 2024. Samstundes er det størst når det gjeld eksport per sysselsatt, med 907 000 kroner.

Norsk eksport utanom olje og gass var på 1400 milliardar kroner i 2025, ein aukning på 6 prosent frå 2024.

Tala kjem frå Eksportmeldinga, som er utarbeida av Menon Economics på oppdrag frå Innovasjon Noreg, Eksfin og LO.

Fylkestal

Drivarane er hovedsakelig sjømat, kraftintensiv industri og maritim næring.

Dei største eksportkommunane er Sunndal, like framfor Ålesund. Eit stykke bak Ålesund finn vi Molde.

Dei største eksportbedriftene er Hydro Aluminium Sunndal, Sølvtrans Rederi og Rostein.

– Møre og Romsdal har lenge vore eit av dei fremste eksportfylka i landet, og var det og i fjor. Vi er det største eksportfylket når det gjeld eksport per sysselsett. Vi ser at eksporten frå fylket legg grunnlaget for ei betydeleg sysselsetjing i fylket. Faktisk var over 30 000 arbeidsplassar i fylket tilknytta eksport utenom olje og gass. Det er veldig bra, seier leiar for Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal, Helge Gjerde.

Nasjonale tal

Total eksport i 2025 var på 2500 milliardar kroner. Det gjer 2025 til det nest beste året for norsk eksport nokon sinne.

Dersom vi ser bort i frå olje- og gassnæringa er det maritim næring som eksporterte mest i 2025, med ein samla eksportverdi på 273 milliardar kroner.

Sterkast vekst i eksport var frå forsvarsindustrien, kraftnæringa og reiseliv.

Som i tidlegare år er det vestlandsfylka som står for den største delen av norsk eksport i 2025. Dei tre vestlandsfylka Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal står for 40 prosent av eksporten utanom olje og gass.

Kontakter

Bilder

Leiar for Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal, Helge Gjerde.
Leiar for Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal, Helge Gjerde.
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde

Dokumenter

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye