Nærings- og fiskeridepartementet

Priv til red.: Fiskeri- og havministeren kjem til Brønnøysund

2.3.2026 13:59:37 CET | Nærings- og fiskeridepartementet | Presseinvitasjon

Del

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss besøker Brønnøysund tysdag 3. mars. Ho skal møte aktørar innan havbruk, med omvisingar og samtalar hos fleire verksemder i området, før dagen blir avslutta med eit folkemøte på kvelden.

I førre veke fastsette Kongen i statsråd ein resolusjon som gjeld kva område som kan lysast ut for havbruk til havs. Dermed har regjeringa fastsett yttergrensene for dei områda der ein ønskjer å etablere den nye industrien.

– Havbruk til havs kan bli eit nytt industrieventyr. Samstundes skal utviklinga skje kontrollert og trinnvis, med omsyn til både miljøet og andre næringar, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Resolusjonen følgjer regjeringa sitt vedtak frå 2. september i fjor. Det er dei konsekvensvurderte områda «Norskerenna sør», utanom Forsvaret sitt overlappande fareområde «Klepp» i nord og overlappande SVO-område «Norskerenna» i sør, «Frøyabanken nord» og «Trænabanken», utanom overlappande SVO-område «Kystsona Lofoten» i nord, som no kan lysast ut for havbruk til havs.

Program:

09:00 Omvising og møte med Akvafutures
Stad: Sæterosen

12:00 Omvising og møte med Torghatten Aqua 
Stad: Toft

15:00 Møte med LetSea 
Stad: Thon Brønnøysund

16:00 Møte med Utror
Stad: Thon Brønnøysund

19:00 Folkemøte
Stad: Kred

Med atterhald om endringar.

Presse som ønskjer å dekkje programmet til fiskeri- og havministeren i Brønnøysund, kan kontakte politisk rådgjevar Nicklas Simonsen på tlf. 469 62 423. 

Kontakter

Om oss

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på LinkedIn og Flickr, og regjeringa på X/Twitter og Facebook 

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye