Riksantikvaren

62,7 millionar kroner i tilskot til tekniske og industrielle kulturminne i 2026 – fleire anlegg får støtte

12.2.2026 07:00:00 CET | Riksantikvaren | Pressemelding

Del

Riksantikvaren fordeler no årets tilskot til tekniske og industrielle kulturmiljø.

Fredrikstad bryggeri i Østfold fekk tilskot til å setje i stand lokala i 2025.
Fredrikstad bryggeri i Østfold fekk tilskot til å setje i stand lokala i 2025. Foto: Håvard Kristoffersen

I 2026 får anlegg over heile landet støtte til å setje i stand og vedlikehalde tekniske og industrielle kulturminne. 

Tilskotsordninga bidreg til å ta vare på kulturminne og kulturmiljø som har hatt stor betydning for samfunnsutviklinga. Dette er til dømes anlegg frå industri, energi og transport, til anlegg innan handverk og tidleg teknologi. 

– Noreg er ein stolt industrinasjon med lange historiske røter. Mange av desse kulturminna er sentrale landemerke i lokalsamfunn og viktige kjelder til kunnskap om arbeid, produksjon og teknologisk innovasjon, seier klima‑ og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. 

– Kulturminna fortel historia om korleis Noreg har utvikla seg gjennom hundreår med teknologiske skifte, og dei er viktige å ta vare på for framtida, legg han til. 

Årets søknadstal viser at interessa for kulturmiljø innan industri og teknologi held fram med å auke. I 2026 kom det inn 86 søknader til fylkeskommunane, mot 82 året før. Den samla søknadssummen utgjer 160 millionar kroner for 2026. Av dette kom 114,6 millionar frå 15 store og prioriterte anlegg. 

– Utviklinga understrekar eit aukande behov for tiltak og vilje frå eigarane til å setje i stand anlegga sine. Særleg Rjukanbanen og Odda smelteverk har meldt om store behov for istandsetjing i åra som kjem, seier riksantikvar Hanna Geiran. 

For 2026 ser Riksantikvaren at det kjem fleire søknader om tilskot til fleire typar anlegg enn før. Dette gjeld mellom anna Møre og Romsdal, der det er meir enn ei dobling av søknader. Samstundes kjem det for første gong søknader frå Vestfold, Oslo er òg tilbake på søkjarlista. 

– Dette er positivt, seier Geiran. Industrihistoria har mange anlegg landet rundt, og vi er opptekne av å ta vare på eit mangfald av kulturminne. Likevel er det slik at fylka med prioriterte anlegg får meir i rammetilskot frå oss, legg ho til. 

Slik prioriterer Riksantikvaren i 2026 

I årets tildeling er det lagt særleg vekt på dei 15 prioriterte anlegga, slik at fylkeskommunane kan bidra til framleis føreseieleg støtte til forvaltning, drift og vedlikehald, med vekt på lønnsmidlar til handverkarar på anlegga. At dei 15 anlegga framleis blir prioriterte, er ei tydeleg føring med stor effekt på fordelinga mellom fylkeskommunane. Handverkarane som sørgjer for nødvendig drift og vedlikehald, tar og vare på verdifull handverkskunnskap gjennom arbeidet sitt. 

Riksantikvaren har samstundes sikra at alle fylkeskommunane har høve til å stimulere til auka bruk av, interesse for og kunnskap om eit mangfald av tekniske og industrielle kulturminne i sitt fylke. 

Viktig satsing for kulturarven 

– Dette er kulturminne som krev spesialisert kunnskap for å bli tekne vare på. Gjennom tilskotsordninga sikrar vi ikkje berre anlegga, men òg den tekniske kompetansen og dei handverksfaga som trengst for å forvalte dei. Det er avgjerande for at kulturarven skal bestå for kommande generasjonar, seier riksantikvar Hanna Geiran. 

Fleire prosjekt over heile landet har tidlegare fått støtte gjennom ordninga. Her er døme på arbeid som er blitt utført ved hjelp av tilskotsmidlar: 

  • I dei gamle bryggerilokala i Fredrikstad i Østfold har ei gruppe på rundt 20 personar som mål å setje i stand lokala frå 1878. I 2025 fekk dei støtte til reparasjon av kritiske konstruksjonsskadar i den eldste bygningskroppen. 

  • Kistefos Træsliberi i Akershus er eitt av dei 15 nasjonale tekniske og industrielle kulturminna i Riksantikvarens bevaringsprogram. Anlegget får både støtte til forvaltning, drift og vedlikehald og nødvendige istandsetjingar. 

  • Aursfjordsaga i Troms fekk i 2025 støtte til det kontinuerlege arbeidet med å skifte ut råteskadde og vêrslitne tredelar i saghuset, vassrenna, slepet og drivverket. Dette sørgjer for å halde anlegget trygt og i drift. Anlegget leverer den dag i dag materiale til andre verneprosjekt.

  •  Restaureringa av Fagerli gamle kraftstasjon i Nordland har sikra og sett i stand den tidlegare forfalne kraftstasjonen gjennom drenering, opprydding og omfattande tømrar‑ og restaureringsarbeid med gjenbruk av materiale. Bygningen framstår no som eit bevart kulturminne med tydeleg historisk verdi og er klar for framtidig bruk som formidlings‑ og læringssenter. 

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne 2026 

fylke/søker 

samlet søknadssum til fylkeskommunane 

tilskot 2026 

tilsagn 2027 

samlet tildeling 

Agder 

19 814 407 

8 551 172 

2 000 000 

10 551 172 

Akershus 

10 324 601 

5 602 445 

1 000 000 

6 602 445 

Buskerud 

1 925 875 

577 763 

577 763 

Finnmark 

1 256 000 

400 000 

400 000 

Innlandet 

11 094 415 

5 905 674 

1 600 000 

7 505 674 

Møre og Romsdal 

12 577 075 

2 600 000 

400 000 

3 000 000 

Nordland 

7 820 500 

3 284 555 

3 284 555 

Oslo 

1 874 000 

562 200 

562 200 

Rogaland 

5 011 943 

1 503 583 

1 503 583 

Telemark 

20 282 101 

6 655 250 

1 000 000 

7 655 250 

Troms 

557 700 

200 000 

200 000 

Trøndelag 

5 257 900 

2 917 602 

2 917 602 

Vestfold 

163 678 

100 000 

100 000 

Vestland 

55 003 403 

10 202 546 

3 000 000 

13 202 546 

Østfold 

7 262 500 

3 615 000 

1 000 000 

4 615 000 

Svalbard privatpers/student 

-    

49 500 

49 500 

Sum 

160 226 098 

52 727 290 

10 000 000 

62 727 290 

Kontakter

PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.

Tel:404 65 153

Bilder

Fredrikstad bryggeri i Østfold fekk tilskot til å setje i stand lokala i 2025.
Fredrikstad bryggeri i Østfold fekk tilskot til å setje i stand lokala i 2025.
Foto: Håvard Kristoffersen
Last ned bilde
Målselv Tradisjonshandverk i Troms fekk tilskot til istandsetjing i 2025. Her er det ferdig restaurerte bolverket.
Målselv Tradisjonshandverk i Troms fekk tilskot til istandsetjing i 2025. Her er det ferdig restaurerte bolverket.
Foto: Målselv Tradisjonshåndverk
Last ned bilde
Kistefos Træsliberi i Akershus fekk i 2025 tilskot til forvalting, drift og vedlikehald, samt naudsynte istandsetjingar av anlegget.
Kistefos Træsliberi i Akershus fekk i 2025 tilskot til forvalting, drift og vedlikehald, samt naudsynte istandsetjingar av anlegget.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde
Fagerli gamle kraftstasjon i Nordland fekk i 2025 støtte til måling av vindauge og attståande reparasjon av murfasadar på gavlen til hovudhuset. Prosjektet har pågått over mange år, og stasjonen er no ferdig istandsett.
Fagerli gamle kraftstasjon i Nordland fekk i 2025 støtte til måling av vindauge og attståande reparasjon av murfasadar på gavlen til hovudhuset. Prosjektet har pågått over mange år, og stasjonen er no ferdig istandsett.
Foto: Knut Mostervik
Last ned bilde

Lenker

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye