10,7 millionar til mellomalderens praktbygg
11.2.2026 07:00:00 CET | Riksantikvaren | Pressemelding
Riksantikvarens tildeling til fylkeskommunane og mellomalderbyane for å sikra ruinar er no klar.

Kvart år blir det delt ut tilskot til eigarar og forvaltarar av ruinar og anlegg frå mellomalderen.
No er tildelinga til fylka klar. Samla er potten frå regjeringa på 48,8 millionar kroner, for heile tilskotsordninga til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring.
– Ruinane frå mellomalderen er ein del av den felles historia vår. Med desse tilskota styrkjer me arbeidet som gjer det mogleg å ta vare på dei. Ikkje berre som historiske spor, men også som levande kunnskapskjelder for både forskarar, handverkarar og lokalsamfunn, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Søknadssum på 21,2 millionar
Til konservering av ruinar frå mellomalderen er det sett av 10,7 millionar kroner. Av dette er 4,1 millionar kroner tilsegn for 2027.
– Ordet «ruinar» blir ofte knytt til forfall. Desse tilskota skal sørgja for at dei dyrebare ruinane våre nettopp ikkje blir øydelagde. Å sikra ruinane mot forfall er å sikra at kommande generasjonar kan forstå meir av kven me er og kvar me kjem frå, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Å arbeida med mellomalderruinar handlar like mykje om framtid som fortid. Når me investerer i å ta vare på byggverk frå mellomalderen, investerer me også i kunnskap og handverkskompetanse, seier Geiran.
Det er totalt ni fylke som har fått søknader på til saman 21,2 millionar kroner.
Riksantikvaren har også teke imot søknader direkte frå mellomalderbyane Oslo, Bergen, Trondheim og Tønsberg på til saman 3,6 millionar.
Dei største tilskota går til dei fylkeskommunane som har søkt og store pågåande prosjekt innanfor mellomalderbyane.
Men Riksantikvaren gir også mindre tilskot til enkeltprosjekt som skal auka kunnskapen om metodar og teknikkar.
Mellom anna får pågåande konserveringsarbeid ved ruinane innanfor mellomalderbyen i Oslo 1,2 millionar kroner i tilskot. 500 000 kroner av desse blir gitt som tilskot for i år, medan 750 000 kroner er tilsegn for 2027.
Dette dreier seg om arbeid ved dei store ruinanlegga Olavsklosteret, Hallvardskatedralen og Bispeborgen, og dessutan framtidig arbeid på Clemenskirken. Nordfløya til Bispeborgen er eit sjeldan tilfelle av ein ruin som er nesten urørt etter utgraving.
Tønsberg får 400 000 kroner i tilskot for konservering og skjøtsel av mellomalderruinane sine.
Dette har fylka søkt om
Akershus fylkeskommune har fått ein søknad om konservering av Nes kyrkjeruin. Fylkeskommunen har restmidlar frå tidlegare vedtak som skal fordelast på nytt basert på søknadene i år.
Buskerud fylkeskommune har fått ein søknad om eit oppstarta konserveringsprosjekt ved Stein kyrkjeruin.
Innlandet fylkeskommune har fått to søknader om tilskot til oppstarta konserveringsarbeid ved Steinkjelleren på Hoff prestegard og Mjøskastellet.
Møre og Romsdal fylkeskommune har fått ein søknad om tilskot for skjøtsel på Margaretaruinen.
Byantikvaren i Oslo har fått to søknader om tilskot til konserverings- og skjøtselsarbeid på Hovedøya kloster. Konserveringa av Hovedøya vart sett i gang i 2023, og har som mål å bli ferdig i 2026.
Telemark fylkeskommune har fått to søknader om tilskot. Éin for oppstarta konserveringsarbeid på Kapittelberget-ruinane, og éin for konserveringsarbeid på Bamble kyrkjeruin.
Trøndelag fylkeskommune har fått fem søknader om tilskot til tiltak knytt til oppstarta konserveringsprosjekt, skjøtsel, oppdatering av dokumentasjon og dessutan tiltak for tilrettelegging for besøkjande og formidling.
Vestland fylkeskommune har fått tre søknader frå tre viktige klosterruinanlegg: Halsnøy, Lyse og Selje, som alle har søkt om midlar til konserveringsarbeid og skjøtsel, og dessutan tilrettelegging til besøkjande og formidling.
Østfold fylkeskommune har fått to søknader om tilskot ved Tenor kyrkjeruin og Værne kloster.
|
Fylke |
Søknadssum |
Tilskot 2026 og tilsagn 2027 |
|
Akershus |
250 000 |
0 |
|
Buskerud |
52 500 |
50 000 |
|
Innlandet |
3 193 687 |
1 400 000 |
|
Møre og Romsdal |
50 000 |
50 000 |
|
Oslo BYA |
2 500 000 |
650 000 |
|
Telemark |
5 882 000 |
2 300 000 |
|
Trøndelag |
2 829 750 |
1 375 000 |
|
Vestland |
6 180 000 |
3 075 000 |
|
Østfold |
227 735 |
170 000 |
|
Sum |
21 165 672 |
9 070 000 |
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder






Om oss
Riksantikvaren er eit direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er rådgivaren til departementet i alle saker som gjeld kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordna kulturminnestyresmakta og ansvarleg for å setja i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har eit fagleg ansvar overfor kommunane, fylkeskommunane, Sametinget, Sysselmeisteren på Svalbard og forvaltningsmusea på kulturminnefeltet.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Riksantikvaren hyller Norges VM-drakt20.3.2026 15:29:03 CET | Pressemelding
– Jeg blir kjempeglad av å se ett av våre flotte verdensarvsteder representert på den norske landslagsdrakten, sier riksantikvar Hanna Geiran.
Freder kvensk gård med røtter tilbake til 1600-tallet16.3.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
Nergaardhuset på Nedrum gård er et av de eldste i Lyngen kommune, og har vært i kontinuerlig bruk i over 300 år. Nå freder Riksantikvaren gården som et sted av nasjonal verdi.
Nye undersøkelser om gift i gamle bygninger13.3.2026 13:46:23 CET | Pressemelding
Giftfunn i eldre bygninger ble avdekket gjennom rapporten Gift i bygningsvernet tidligere i år. Nå kommer det flere undersøkelser.
Se oversikten: Disse 208 kirkene får tilskudd9.3.2026 06:00:00 CET | Pressemelding
I 2026 kan det utbetalt en halv milliard kroner til kirkebevaring.
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millioner kroner til bygder, byer og næring og industri3.3.2026 09:32:28 CET | Pressemelding
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millioner kroner til prosjekter som vil ta i bruk kulturarven som ressurs i utvikling av kulturmiljø i bygder, byer, næring og industri.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom