Høgskulen i Volda

Velkomen til Internasjonal dag ved Høgskulen i Volda

9.2.2026 13:44:51 CET | Høgskulen i Volda | Presseinvitasjon

Del

Onsdag 11. februar inviterer Høgskulen i Volda til Internasjonal dag – ein festdag og markering av internasjonal aktivitet ved høgskulen.

Høgskulen i Volda

Internasjonal dag inneheld ei fargerik utvekslingsmesse med smakebitar frå ulike land og kulturar. Det blir eit variert program med underhaldning frå studentar, eksotisk mat og ein studentkonkurranse med flotte premiar. Til arrangementet kjem det også om lag 15 gjestar frå HVO sine partnaruniversitet i utlandet, nokre har reist heilt frå USA og Ghana. 

Om Internasjonal dag

Høgskulen i Volda er kjend for stor internasjonal aktivitet og er ein av høgskulane i Noreg som sender flest studentar på utveksling. Internasjonal dag er eit arrangement for å feire og synleggjere internasjonal aktivitet ved høgskulen, samt inspirere nye studentar til å dra på utveksling.

Pangaia 20 år

Den internasjonale møtestaden Pangaia feirar i år 20-årsjubileum. Pangaia er eit unikt konsept som ein berre finn ved Høgskulen i Volda. Mange universitet i Noreg og i utlandet har blitt inspirert, men konseptet har vist seg vanskeleg å kopiere. I tillegg til å vere ein fysisk møtestad mitt på høgskuleområdet, er Pangaia ein organisator av aktivitetar for integrering og studentvelferd.

Sidan starten i 2006 har Pangaia vore eit tilbod for meir enn 2000 innreisande utvekslingsstudentar som har vore i Volda i eit eller to semester. Mange av desse har kome tilbake seinare for å studere vidare eller for å gjenoppleve Volda. På starten av 2000-talet kom det 10-20 innreisande utvekslingsstudentar per semester, medan dei siste par åra har snittet vore på nærmare 100.

HVO best i landet

Pangaia er ein av hovudgrunnane til at Høgskulen i Volda har eit så godt rykte for studentutveksling og for at høgskulen fekk prisen som Årets Erasmus+ institusjon 2025. Ordet Pangaia (eller Pangea) viser til «superkontinentet» som eksisterte før dei tektoniske platene flytta seg frå kvarandre og skapte dei ulike verdsdelane. Målsettinga er altså å føre verda saman igjen – i eit lite lokale, på ein liten høgskule, i ein liten tettstad – i eit lite land.

Program for Internasjonal dag – onsdag 11. februar (Berte Kanutte-huset)

11.30 – Opning av standområdet, underhaldning og studentkonkurranse
12.55 – Annonsering av studentorganisasjonen som vinn Pris for internasjonalisering 2025

13.00 – Gratis internasjonal lunsj og underhaldningsinnslag frå studentar

14.00 – Pangaia 20 år – feiring med kake og trekning av studentkonkurransen

Kontakter

Bilder

Høgskulen i Volda
Last ned bilde

Om oss

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye