Skal dela ut 152,7 millionar til eigarar av freda bygg
5.2.2026 07:00:00 CET | Riksantikvaren | Pressemelding
Riksantikvarens tildeling til fylkeskommunane og Sametinget er klar.

Kvart år deler Riksantikvaren ut tilskot til freda bygningar og kulturmiljø i privat eige til fylka og Sametinget.
No er årets tildeling klar, med ein pott frå regjeringa på 152,7 millionar kroner.
Sjå heile tildelinga til alle fylka og Sametinget nedst
– Det er ei glede å kunna dela ut tilskot til freda bygningar og kulturmiljø i privat eige over heile Noreg. Private eigarar gjer ein uvurderleg innsats for å ta vare på den felles kulturarven vår, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Riksantikvaren deler ut 142,6 millionar kroner no, og resten av midlane blir delt ut seinare.
Det er viktig å understreka at Riksantikvarens tildeling først går til fylkeskommunane og Sametinget, og dei fordeler til eigarar i sine område.
Kva eigarar av freda bygg som får tilskot er enno ikkje klart.
Men Riksantikvaren har teke imot tre søknader direkte frå Den Gamle Krigsskole i Oslo, og dessutan Kommisjonsgården og Infanterikasernen i Fredrikstad. Her er det gjort ei direkte tildeling på 750 000 kroner til Kommisjonsgården og 700 000 kroner til Krigsskolen.
Støttar istandsetjing og vedlikehald
– Utan eigarane ville fleire bygg forfalle over heile Noreg. Den fantastiske innsatsen og engasjementet deira gjer at me kan ta vare på den norske kulturarven, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Eigarar kan søkja om tilskot til istandsetjing og vedlikehald, og for å dekkje såkalla antikvariske meirkostnadar.
Det er ei auke i både talet på søknader og i søknadssummar i år samanlikna med 2025.
– Eg gler meg til å sjå den endelege fordelinga av desse tilskota, og korleis dei kan bidra til å løfte dei freda bygningane og kulturmiljøa våre, seier Geiran.
– Fylkeskommunane og Sametinget har god oversikt over behovet på sitt område. No skal dei vurdera og prioritera søknadene, seier ho.
Blant dei som mottok tilskot i fjor var variasjonen som alltid stor.
Handelsstaden Nerstua på Tussøy i Troms fekk mellom anna tilskot for å reparera torvtaket, og dessutan utskifting av røykrøyr.
Huset vart freda av Riksantikvaren på seinsommaren i fjor.
Rørvik gard på Hamarøy i Nordland fekk også tilskot til omfattande restaureringsarbeid, medan Yttersø gard i Larvik i Vestfold fekk støtte til gjenoppføring av gavl på hovudhuset.
Til høgdegarden Ormelid i Luster i Vestland – som har busetjingshistorie 4000 år tilbake i tid - vart det gitt midlar til istandsetjing av bygningane og vedlikehald av kulturlandskapet.
Innlandet får mest - igjen
Det er Innlandet som får mest i tilskot med 28,7 millionar kroner. Fylket fekk også mest i tilskot i 2025, med 30,3 millionar.
Vestland får nest mest med 25,2 millionar kroner, medan Rogaland får 12,6 millionar.
Fylkeskommunane og Sametinget har fått 518 søknader på til saman 411, 9 millionar kroner for 2026. Det er ein auke frå 482 søknader og 325,9 millionar i 2025.
Søknader frå privatpersonar utgjer 67 prosent av søknadene i tal, og 52 prosent av den totale søknadssummen. Andre søkjarar er andre private aktørar, eller aksjeselskap og stiftingar.
Riksantikvaren har i tillegg teke imot tre søknader direkte frå Den Gamle Krigsskole i Oslo, og dessutan Kommisjonsgården og Infanterikasernen i Fredrikstad. Her er det gjort ei direkte tildeling på 750 000 kroner til Kommisjonsgården og 700 000 kroner til Krigsskolen.
Formålet med tilskotsordninga er å ta vare på freda kulturminne og kulturmiljø i privat eige og å bidra til at dei blir sette i stand etter antikvariske retningslinjer.
Tilskotsordninga skal sikra kulturminne og kulturmiljø sin verdi som kjelde, og gode opplevingar for folk i alle aldre, og leggja til rette for berekraftig verdiskaping og bruk.
|
Søker |
Søknadssum til fylkeskommunen/Sametinget |
Tilskudd 2026 |
|
Agder |
15 045 525 |
kr 6 100 000 |
|
Akershus |
7 112 319 |
kr 2 845 000 |
|
Buskerud |
16 050 266 |
kr 5 793 250 |
|
Finnmark |
1 203 291 |
kr 591 000 |
|
Innlandet |
70 824 366 |
kr 28 700 000 |
|
Møre og Romsdal |
22 329 504 |
kr 7 789 300 |
|
Nordland |
22 447 279 |
kr 7 150 000 |
|
Oslo |
44 761 529 |
kr 9 551 730 |
|
Rogaland |
30 358 547 |
kr 12 600 000 |
|
Sametinget |
13 115 645 |
kr 4 550 000 |
|
Telemark |
27 788 356 |
kr 6 633 000 |
|
Troms |
8 911 971 |
kr 3 406 330 |
|
Trøndelag |
20 407 896 |
kr 8 163 160 |
|
Vestfold |
5 734 250 |
kr 2 551 500 |
|
Vestland |
77 954 258 |
kr 25 235 270 |
|
Østfold |
19 256 095 |
kr 9 449 590 |
|
Sum: |
kr 411 901 097 |
kr 141 109 130 |
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder





Om oss
Riksantikvaren er eit direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er rådgivaren til departementet i alle saker som gjeld kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordna kulturminnestyresmakta og ansvarleg for å setja i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har eit fagleg ansvar overfor kommunane, fylkeskommunane, Sametinget, Sysselmeisteren på Svalbard og forvaltningsmusea på kulturminnefeltet.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Riksantikvaren hyller Norges VM-drakt20.3.2026 15:29:03 CET | Pressemelding
– Jeg blir kjempeglad av å se ett av våre flotte verdensarvsteder representert på den norske landslagsdrakten, sier riksantikvar Hanna Geiran.
Freder kvensk gård med røtter tilbake til 1600-tallet16.3.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
Nergaardhuset på Nedrum gård er et av de eldste i Lyngen kommune, og har vært i kontinuerlig bruk i over 300 år. Nå freder Riksantikvaren gården som et sted av nasjonal verdi.
Nye undersøkelser om gift i gamle bygninger13.3.2026 13:46:23 CET | Pressemelding
Giftfunn i eldre bygninger ble avdekket gjennom rapporten Gift i bygningsvernet tidligere i år. Nå kommer det flere undersøkelser.
Se oversikten: Disse 208 kirkene får tilskudd9.3.2026 06:00:00 CET | Pressemelding
I 2026 kan det utbetalt en halv milliard kroner til kirkebevaring.
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millioner kroner til bygder, byer og næring og industri3.3.2026 09:32:28 CET | Pressemelding
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millioner kroner til prosjekter som vil ta i bruk kulturarven som ressurs i utvikling av kulturmiljø i bygder, byer, næring og industri.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom