Riksantikvaren

Fartøyvernet får 76 millionar i 2026

2.2.2026 07:30:00 CET | Riksantikvaren | Pressemelding

Del

Verna og freda fartøy over heile landet får no årets tilskot.

G. Unger Vetlesen fekk tilskot i 2025
G. Unger Vetlesen fekk tilskot i 2025 Arvid Bertelsen og Elin Bertelsen Arvid Bertelsen og Elin Bertelsen

Tildelinga for 2026 er klar, og fartøyeigarane har søkt om i alt 426 millionar, fordelt på 165 søknadar. Det er ei auke på 18 millionar frå 2025.

7,5 millionar av årets løyving er alt lova bort som tilsagn i 2025. Dette gjer at det i 2026 blir delt ut rundt 69,8 millionar som tilskot. I tillegg til dette er det også satt av 3,6 millionar i tilsagn. Dette er midlar som kan brukast i 2027.

– Båtane og sjøfarten er ein viktig del av Noregs historie, både gjennom fiske, handel og marinen, seier Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

– Difor er det så viktig å ta vare på kulturarven langs kysten og kunnskapen den ber med seg. Ferjer langs kysten, dampskip, og fiskefartøy er og eit kjend og kjært syn for alle som bur og har vakse opp langs kysten, seier Bjelland Eriksen.

Støtta skal gå til eigarar og dei som forvaltar freda eller verna fartøy, og organisasjonar, foreiningar og prosjekt som opererer innanfor tilskotsordninga sitt føremål. 

– Tilskota gjer at landkrabbar som meg, frå Grefsen i Oslo, framleis kan få sjansen til å setje sjøbein slik ein gjorde det for over 100 år sidan, seier riksantikvar Hanna Geiran. 

– Fartøyvernet er tufta på frivillig innsats. Det ligg åresvis med arbeid bak kvar av båtane som får tilskot over denne ordninga, seier Geiran. 

Kvart år deler Riksantikvaren ut tilskot til fartøyvern. Tilskotet blir fordelt av Riksantikvaren til landets fylkeskommunar og Sametinget som i neste omgang gjev tilskot til fartøya. 

Store behov

Tradisjonelt har fartøyvernet hatt det største gapet mellom ramma for tilskotsordninga og den totale søknadssummen som kjem inn 

For 2026 er det ei særs stor auke frå Telemark. Her har forvaltninga fått inn søknader på over 160 millionar aleine. 

 – Det er tydeleg at det er store behov i fartøyvernet mange stader. Vi ser og at for fartøya som søkjer tilskot for å oppretthalde sertifikat er samla søknadssum gått opp frå rundt 58 millionar i 2025 til 102 millionar i 2026, seier Geiran.  

Sertifikata er viktig for formidling og opplevinga av fartøya som kulturminne, fordi det er knytt til fartøyas løyve og vilkår for drift. 

Eit spleiselag mellom stat, fylke og kommune

Fartøyvernet er godt forankra både regionalt og lokalt. Både fylkeskommunar og kommunar landet rundt bidreg med eigne midlar til fartøyvernet, og i tildelinga til fartøyvernet matchar Riksantikvaren det regionale og lokale tilskotet krone for krone. 

Det tydar i klartekst at gjennom SAVOS-ordninga blir 17 millionar av det samla tilskotet frå Riksantikvaren satt av til dette spleiselaget.  

– Vi prioriterer og fartøy som ligg i dokk eller på slipp. Tanken er at desse fartøya ikkje bør ligge for lenge og ta opp dei få plassane som er tilgjengeleg, seier Geiran.   

– Framdrift i prosjekta er svært viktig for både dei mange frivillige og for fartøyvernsentra i Noreg, men òg for private verft der verna eller freda fartøy tek opp kapasitet, seier Geiran. 

Tilskot frå post 74 skal ifølgje forskrifta prioriterast slik: 

  • prosjekt som er sett i gang, eller tek opp slipp eller dokk, som følgje av tilskot frå kulturmiljøforvaltinga
  • fartøy som har pålegg som må gjennomførast for å halde på sertifikatet sitt
  • fartøy som er freda
  • fartøy og prosjekt med stor frivillig innsats

I den tragiske brannen ved Hardanger fartøyvernsenter fekk to verna fartøy, MS «Jøsenfjord» og MB «Tafjord», omfattande skadar. Tilskota frå Post 74 blir fordelt som normalt frå Riksantikvaren, og det er fylkeskommunen som fordeler til dei enkelte prosjekta.

Fylke Søknadssum Samlet tildeling med SAVOS
Agder  kr 16 252 270,00 kr 3 600 000,00
Akershus kr 14 486 459,00 kr 3 813 624,00
Buskerud kr 3 633 560,00 kr 760 000,00
Finnmark kr 4 251 713,00 kr 835 000,00
Innlandet kr 8 079 733,00 kr 2 860 832,00
Møre og Romsdal kr 12 740 011,00 kr 2 450 000,00
Nordland kr 26 060 720,00 kr 5 960 000,00
Oslo kr 13 231 607,00 kr 5 000 000,00
Rogaland kr 46 135 467,00 kr 12 468 057,00
Sametinget kr 2 354 655,00 kr 550 000,00
Telemark kr 162 675 230,00 kr 8 500 000,00
Troms kr 15 356 684,00 kr 1 215 000,00
Trøndelag kr 24 032 154,00 kr 5 581 866,00
Vestfold kr 7 190 575,00 kr 800 000,00
Vestland kr 52 713 770,00 kr 13 029 995,00
Østfold kr 16 503 545,00 kr 2 470 000,00
Samlet bevilgning fra Riksantikvaren kr 425 698 153,00 kr 69 894 374,00

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.

Telefonen er betjent i vanlig kontortid.

Tel:404 65 153

Bilder

Veteranbåten Greven fekk tilskot i 2025.
Veteranbåten Greven fekk tilskot i 2025.
Ukjent, Riksantikvaren
Last ned bilde
MS "Fredrikshald I" fekk tilskot i 2025.
MS "Fredrikshald I" fekk tilskot i 2025.
Arild Einar Syvertsen
Last ned bilde
Gamle Oksøy fekk tilskot i 2025.
Gamle Oksøy fekk tilskot i 2025.
Eivind Lande (Gamle Oksøy i Risør aug 2021)
Last ned bilde

Lenker

Om oss

Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.

Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye