Sjekk klimagassutsleppa før bygging med ny kalkulator
22.1.2026 09:00:00 CET | Miljødirektoratet | Pressemelding
Den nye klimagasskalkulatoren kan berekne utslepp frå utbyggingsplanar. Det kan hjelpe kommunar og andre å ta betre val for natur og klima.

– Vi skal kutte utslepp og leggje til rette for ei gradvis omstilling til eit samfunn med låge utslepp. Med klimagasskalkulatoren kan kommunane planleggje framtidige utbyggingar slik at vi unngår auka utslepp og vernar naturen vi alle er avhengige av, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Utbygging av nye vegar, bustader eller industriområde kan gi eit stort utslepp av klimagassar. Med den nye klimagasskalkulatoren kan kommunar og andre enkelt rekne ut kor store klimagassutslepp slike utbyggingsplanar vil føre til. Med denne kunnskapen, kan kommunane planlegge for korleis dei kan unngå utslepp, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Den kartbaserte kalkulatoren kan berekne klimagassutslepp frå planlagd arealbruk. Den er utvikla av NIBIO, i samarbeid med Miljødirektoratet.
Gå til kalkulatoren: Kartbasert klimagasskalkulator for arealbrukssektoren - Nibio
Nedbygging av naturareal er ei stor kjelde til klimagassutslepp, med eit årleg utslepp på 1,9 millionar tonn. Det er også den største trusselen mot natur i Noreg.
Vil bevare karbonrike naturareal
– Vi må ta betre vare på område med mykje karbon, slik som myr og skog, og bygge ned mindre av slike areal. Sjølv om kvart enkelt inngrep er lite i seg sjølv, blir dei samla konsekvensane store. Gjennom god og arealgjerrig planlegging kan kommunane unngå bit-for-bit-nedbygging av viktig natur, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Både Klimamelding 2035 (Meld. St. 25 (2024-2025)) og statlege planretningslinjer for klima og energi peikar på kor viktig det er å redusere nedbygginga av karbonrike areal og at dette skal prioriterast høgt i arealplanlegging.
Tilgjengeleg for alle
Rundt 70 kommunar har testa klimagasskalkulatoren til no, og med gode erfaringar. No er kalkulatoren tilgjengeleg for alle kommunar, konsulentar som jobbar med plan og utgreiing, forslagsstillarar og andre som er interesserte.
Kalkulatoren blir ein del av den kommande rettleiinga til dei statlege planretningslinjene for klima og energi og Miljødirektoratets handbok for konsekvensutgreiing av klima og miljø (M-1941).
Kalkulatoren er utvikla på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Samferdselsdepartementet.
Få ei innføring 10. februar
Den nye kalkulatoren blir presentert i eit webinar 10. februar kl. 10-11.
Meld deg på her:
Kalkulator for klimaeffekt av arealbruk - miljodirektoratet.no
Les også nyheitssak frå NIBIO:
https://nibio.no/nyheter/2026/kalkulator-for-klimaeffekt-av-arealbruk-nytt-verktoy
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.nobilder.miljodirektoratet.no/fotoweb/Bilder

Lenker
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Tiltak i skog kan gi gevinster for både klima og natur6.5.2026 09:01:41 CEST | Pressemelding
En ny rapport viser at det er mulig å styrke skogens bidrag for å nå klimamål samtidig som naturverdier ivaretas.
Klima-støtte til 123 prosjekter i kommuner og fylker28.4.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Kommuner i hele landet får til sammen 130 millioner kroner for å kutte utslipp av klimagasser fra blant annet avfallshåndtering, anleggsplasser og transport.
Klima-støtte til 123 prosjekt i kommunar og fylke28.4.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Kommunar i heile landet får til saman 130 millionar kroner for å kutte utslepp av klimagassar frå mellom anna avfallshandtering, anleggsplassar og transport.
Kommuner og virksomheters avfallshåndtering må forbedres17.4.2026 14:01:59 CEST | Pressemelding
En landsomfattende tilsynsaksjon viser at både kommuner og virksomheter har mangler i ordningene for avfallshåndtering.
Kommunar og verksemders avfallshandtering må forbetrast17.4.2026 14:01:59 CEST | Pressemelding
Ein landsomfattande tilsynsaksjon viser at både kommunar og verksemder har manglar i ordningane for avfallshandtering.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom