Avinor i 2025: Solid trafikkår med sterk utanlandsvekst

Del

Passasjertala for desember viser ein markant vekst for Avinor sine lufthamner. Veksten er særleg stor blant utanlandsreisande. I desember reiste 3,8 prosent fleire passasjerar enn i same månad året før. Utanlandstrafikken auka med  5,2 prosent, medan innanlands trafikk voks med 2,6 prosent.

Kommersielle flyrørsler (avgangar og landingar) hadde ein vekst på 7 prosent i desember samanlikna med desember 2024, og ein auke på 2 prosent i 2025 samanlikna med 2024.

Interessa for Noreg som vintersesongmål er tydeleg aukande, og både flyselskap og internasjonale turoperatørar har for alvor oppdaga dei norske vinterprodukta. Samstundes er det tyder på at også nordmenn reiser mykje i desember.

– Vi ser ein markant oppgang i utanlandstrafikken i desember, noko som stadfestar at interessa for Noreg som vinterdestinasjon er sterkare enn nokon gong. Det er svært gledeleg at både reisande og internasjonale aktørar får auga opp for dei unike vinteropplevingane landet vårt kan tilby, fortel Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor.

Nord-Noreg driv mykje av veksten

Lufthamnene i Nord-Noreg hadde ein særleg sterk desember:

  • Tromsø lufthamn vaks totalt med 13 prosent fleire passasjerar, og heile 21 prosent blant utanlandsreisande. Dette gjer Tromsø lufthamn til landets tredje største lufthamn i desember – berre slått av Oslo og Bergen lufthamner.
  • Bodø lufthamn hadde ein vekst på 10 prosent.
  • Evenes lufthamn voks med 12 prosent.

– Lufthamnene i Nord-Noreg har levert eit særs imponerande år. Tromsø markerer seg no som ei av dei største og mest dynamiske lufthamnene våre om vinteren, og veksten i Bodø og Evenes viser at regionen står sterkt i ein periode der konkurransen om internasjonal merksemd er høg, seier Riise.

Over 53 millionar reisande i 2025

– Vi har hatt oppstart av 22 heilt nye ruter, og to nye flyselskap inn i marknaden i 2025. Det viser at Noreg har ein veldig sterk posisjon internasjonalt, med fleire attraktive reisemål. Samstundes ser vi at utanlandstrafikken på Oslo lufthamn veks betydeleg saktare enn på dei andre skandinaviske hovudflyplassane. Det understrekar behovet for å styrkje konkurransekrafta og tilgjengelegheita til Noreg framover.

Droneflyving aukar

I desember månad har det vore1354 droneflyvningar, ein auke på 28 prosent samanlikna med desember året før, seier Nikola Tufekcic, leier for ubemanna luftfart i Avinor.

I heile 2025 var det 31 632 flyvninger, ein auke på 30 prosent frå 2024. -Vi er glade for at stadig fleire vel å fly drone lovleg, avsluttar Nikola Tufekcic.

 Talet på reisande er fortfarande ikkje på 2019-nivå

Samla passasjertal for Avinor i 2025 ender på om lag 53 millionar reisande, ein vekst på 3 prosent frå 2024, men det er framleis ikkje like mange reisande som i 2019 (54 millionar reisande).

Sjå fleire tal og statistikk på avinor.no

Kontakter

Dokumenter

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

Avinor må ha kontroll på alle områdene ved Stavanger lufthavn16.12.2025 15:26:45 CET | Pressemelding

Det er innført et nytt system for styring og kontroll av det svært trafikkerte området foran Stavanger lufthavn, Sola. Aktører som har tilgang til området er blant annet buss, taxi, varelevering og crew-transport. Alle aktørene har tilgang til området gjennom en passeringsavtale. Dette er noen taxisentraler uenige i, og enkelte løyvehavere velger derfor å ikke inngå slike avtaler for sine biler. Resultatet er at det er langt færre taxier enn normalt tilgjengelig på lufthavnen.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye