Hans Strøm 300 år: Jubileet opnar med lunsjseminar 23.1.
I 2026 er det 300 år sidan folkeopplysaren Hans Strøm var fødd. Fredag 23. januar kl. 11.30 ønskjer vi velkomen til opning av 300-årsjubileet med lunsjseminar i biblioteket ved Høgskulen i Volda.

Hans Strøm (1726–1797) var mellom dei mest betydningsfulle naturforskarane og opplysningsmennene i Noreg på 1700-talet. Han var ein pioner innan fleire naturvitskaplege fagområde som botanikk og zoologi, og topografien hans om Sunnmøre blei vidgjeten både i og utanfor Noreg.
Hans Strøm har også vore viktig for Volda-samfunnet og utviklinga av skriftkulturen på Søre Sunnmøre. Han var prest i Volda i 1764–1779 og kombinerte prestegjerninga med vitskaplege studiar. Han er også namnefaren til Hans Strøm-huset ved Høgskulen i Volda (HVO).
Som prest blei Hans Strøm merksam på bygdeungdom med boklege interesser. Ein av desse, Sivert Aarflot, blei ein viktig folkeopplysningsmann i Volda og grunnla det første folkebiblioteket på landsbygda i Noreg. Seinare blei boksamlinga til Aarflot ei viktig kunnskapskjelde for Ivar Aasen. Det er dermed klare linjer mellom desse tre, som er pionerar innanfor ulike område.
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har innvilga støtte til markering av 300-årsjubileet for fødselen til Hans Strøm i 2026. Gjennom ulike arrangement i jubileumsåret ønskjer vi å heidre og formidle arven etter Strøm. Jubileet er eit samarbeid mellom HVO, Nynorsk kultursentrum v/Aasentunet, Stiftinga Viti, Romsdalsmuseet og Runde Miljøsenter.
Første arrangement i jubileumsåret er eit lunsjseminar i biblioteket ved HVO fredag 23. januar kl. 11.30. HVO-førstelektor Marit Brekke vil halde eit fagleg innlegg om Hans Strøm som vitskapsmann og folkeopplysar.
- Meir informasjon om komande arrangement i jubileumsåret kjem på denne nettsida.
Nøkkelord
Kontakter
Kommunikasjonskontoret
kommunikasjon@hivolda.noBilder


Om oss
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Å lære koding gir unge trua tilbake8.1.2026 13:59:00 CET | Pressemelding
Med rett hjelp kan gaming-interesse bli både IT-kompetanse og ny giv. Unge i utanforskap får motivasjon og moglegheiter gjennom Nav-tilbodet «Grunnleggande programmering», viser forsking frå Høgskulen i Volda.
Doktordisputas: Astrid Gravdal Vølstad1.12.2025 10:27:06 CET | Pressemelding
12. desember skal Astrid Gravdal Vølstad forsvare avhandlinga si for doktorgrad i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
Høgskulen i Volda tildelt prestisjetung pris for internasjonlisering27.11.2025 10:38:44 CET | Pressemelding
I kamp med alle andre høgskular og universitet i landet stakk Høgskulen i Volda av med prisen for årets Erasmus+-institusjon i 2025.
Avverjeplikt-forskarar fekk pris under Forskingsdagane19.9.2025 13:43:36 CEST | Pressemelding
Korleis kan samfunnet betre avverje partnarvald? Forskarar i Volda leitar etter viktige svar gjennom det store samarbeidsprosjektet MANREPORT-IPV. No har forskinga deira vunne årets FoU-pris ved Høgskulen i Volda.
Heidrar brørne Amdam med festskrift15.5.2025 09:00:15 CEST | Pressemelding
HVO-professorane Roar Amdam og Jørgen Amdam står som bautaer i norsk planleggingspraksis dei siste femti åra. No vil fagmiljøet gjere stas på pionerane i Volda med eit stort heidersskrift.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom