Høgskulen i Volda

Hans Strøm 300 år: Jubileet opnar med lunsjseminar 23.1.

Del

I 2026 er det 300 år sidan folkeopplysaren Hans Strøm var fødd. Fredag 23. januar kl. 11.30 ønskjer vi velkomen til opning av 300-årsjubileet med lunsjseminar i biblioteket ved Høgskulen i Volda.

Styringsgruppa for Hans Strøm-jubileet i 2026.
Frå styringsgruppa for jubileet ved Høgskulen i Volda (f.v.): prorektor Eirik Søvik, førstelektor Marit Brekke og professor Per Halse. Foto: HVO / Steinarr Sommerset. Til høgre: Hans Strøm. Koparstikk av Johann Christoph Seehusen (1791), etter eit måleri av Peder Pedersen Aadnes. Oslo Museum, Digitalt Museum. PDM 1.0.

Hans Strøm (1726–1797) var mellom dei mest betydningsfulle naturforskarane og opplysningsmennene i Noreg på 1700-talet. Han var ein pioner innan fleire naturvitskaplege fagområde som botanikk og zoologi, og topografien hans om Sunnmøre blei vidgjeten både i og utanfor Noreg.

Hans Strøm har også vore viktig for Volda-samfunnet og utviklinga av skriftkulturen på Søre Sunnmøre. Han var prest i Volda i 1764–1779 og kombinerte prestegjerninga med vitskaplege studiar. Han er også namnefaren til Hans Strøm-huset ved Høgskulen i Volda (HVO).

Som prest blei Hans Strøm merksam på bygdeungdom med boklege interesser. Ein av desse, Sivert Aarflot, blei ein viktig folkeopplysningsmann i Volda og grunnla det første folkebiblioteket på landsbygda i Noreg. Seinare blei boksamlinga til Aarflot ei viktig kunnskapskjelde for Ivar Aasen. Det er dermed klare linjer mellom desse tre, som er pionerar innanfor ulike område.

Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har innvilga støtte til markering av 300-årsjubileet for fødselen til Hans Strøm i 2026. Gjennom ulike arrangement i jubileumsåret ønskjer vi å heidre og formidle arven etter Strøm. Jubileet er eit samarbeid mellom HVO, Nynorsk kultursentrum v/Aasentunet, Stiftinga Viti, Romsdalsmuseet og Runde Miljøsenter.

Første arrangement i jubileumsåret er eit lunsjseminar i biblioteket ved HVO fredag 23. januar kl. 11.30. HVO-førstelektor Marit Brekke vil halde eit fagleg innlegg om Hans Strøm som vitskapsmann og folkeopplysar.

  • Meir informasjon om komande arrangement i jubileumsåret kjem på denne nettsida.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Hans Strøm. Koparstikk av Johann Christoph Seehusen (1791), etter eit måleri av Peder Pedersen Aadnes. Oslo Museum, Digitalt Museum. PDM 1.0.
Hans Strøm. Koparstikk av Johann Christoph Seehusen (1791), etter eit måleri av Peder Pedersen Aadnes. Oslo Museum, Digitalt Museum. PDM 1.0.
Oslo Museum, Digitalt Museum. PDM 1.0.
Last ned bilde
Styringsgruppa for Hans Strøm-jubileet ved Høgskulen i Volda.
Styringsgruppa for jubileet ved Høgskulen i Volda (f.v.): prorektor Eirik Søvik, førstelektor Marit Brekke og professor Per Halse. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
Last ned bilde

Om oss

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye