– Engelsklærarar tek eit stort ansvar for leseopplæringa
16.12.2025 14:03:29 CET | UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet | Pressemelding
Engelsklærarar tek like stort ansvar for litteraturundervisinga som norsklærarar, viser ny klasseromforsking frå Universitetet i Oslo. I begge fag les elevane lengre tekstar no enn for ti år sidan.

– Engelsklærarar i ungdomskulen arbeider med litterære tekstar i nesten halvparten av timane, fortel litteraturforskar Katherina Dodou i EDUCATE-prosjektet ved Universitetet i Oslo.
– Nett som i norskfaget, seier ho.
Saman med prosjektleiar Lisbeth M. Brevik, har Dodou studert norske ungdomskuleklasserom i ein tiårsperiode.
Dei har sett på skjønnlitteraturundervising i engelskfaget åleine og i engelskfaget samanlikna med norskfaget.
– Når me snakkar om litteratur, lesing og litteraturformidling, tenkjer me ofte på morsmålopplæring, men i forskinga vår ser me mykje litteraturlesing og arbeid med litteratur i engelskfaget også, seier Dodou.
– Me kan heilt klart seie at engelsklærarane tek eit stort ansvar for leseopplæringa, seier Brevik.
Litteratur for litteraturen si skuld
Forskaren legg til at engelsklærarane også ser ut til å undervise i litteratur for litteraturen si skuld.
– Det er ein diskusjon i forskingsfeltet om skjønnlitteratur blir brukt for å oppnå andre ting: å undervise om tema som abort, diskriminering og rasisme, til dømes, eller det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring, seier ho.
– Noko den også gjer.
Men Brevik har eit klart inntrykk av at lærarane dei har studert arbeider med skjønnlitteratur fordi den har ein eigenverdi.
– Me ser at elevane får tid til å sitje stille og fordjupe seg, at dei får erfare lesing som eit frirom. Slik får elevane kjenne på at litteratur også kan bety å setje ned tempoet, å berre vere i noko, utan å nødvendigvis skulle forstå eller lære noko spesifikt, sier Brevik.
Kreativ undervising
Litteraturundervisinga ho og Dodou har studert er også aktiv og svært ofte kreativ.
Døme på kreative måtar lærarar behandlar litteratur på, kan vere at dei inviterer elevane inn i rollespel basert på historia. Eller at dei lar elevane få skrive fan fiction; altså skrive vidare på forteljinga eller skrive brev til ein av karakterane.
Andre gonger gjer kanskje elevane teksten om til ein film, ei teikneseriestripe eller ein animasjon. Variasjonen er stor.
– Det blir jobba med digitale verktøy, med penn og papir, med høgt- og stillelesing, seier Dodou.
Variasjonen er stor. Og jo nærare i notida me kjem, desto meir les elevane lange, heile tekstar som romanar framfor tekstutdrag – ein trend som starta i 2020, ifølgje forskinga.
Nøkkelord
Kontakter
Monica BjermelandPressekontakt ved Det utdanningsvitenskapelige fakultet
Tel:98684916monica.bjermeland@uv.uio.noBilder






Lenker
Det utdanningsvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Oslo er landets ledende utdannings- og forskningsmiljø i tverrfaglig utdanningsvitenskap.
Følg pressemeldinger fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet
SpedAims får fem nye år med støtte fra Norges forskningsråd21.5.2026 12:28:58 CEST | Pressemelding
Forskningssenteret SpedAims får 40 millioner kroner og fem nye år med finansiering fra Norges forskningsråd. I den neste perioden skal senteret styrke forskningen på inkludering og hvordan forskningsbasert kunnskap kan tas i bruk i barnehager og skoler.
– Det står ikke bra til med leseferdighetene i norsk skole20.5.2026 07:10:00 CEST | Pressemelding
Norske barn leser dårligere enn før. De leser mindre. Og de forstår mindre av det de leser. Står vi midt en «lesekrise»?
Stort byks i søkere til realfagslektor ved UiO23.4.2026 10:02:00 CEST | Pressemelding
SAMORDNA OPPTAK: Over femti prosent flere vil bli realfagslektor ved UiO. – Et tydelig tegn på større interesse for realfag og læreryrket, sier Jonas Bakken.
Slik blir politiske visjoner til praksis i skolen20.4.2026 07:07:00 CEST | Presseinvitasjon
Hva betyr læreplanprosesser for elevenes læring, motivasjon og trivsel? Nærmere 20 forskere ved Universitetet i Oslo har studert dette siden 2019. Nå deler de funnene.
Ny studie: Snakker vi med barnet – eller om barnet?13.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Barn har rett til å bli hørt i saker som angår dem. Likevel viser ny forskning at barns stemme ofte formidles gjennom foreldre og lærere. – Små barn uten språk og barn med særskilte behov er spesielt utsatt, sier forsker.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom