Arkivverket

Milliondryss til gode arkiv-idear: Her er dei 49 prosjekta som får årets arkivutviklingsmidlar

Del

– Med ny arkivlov på plass frå nyttår, er døra opna for meir nytenking. Det er spanande at fleire av dei som får utviklingsmidlar i år, har idear om meir effektive måtar å løyse viktige arkivoppgåver på, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. 

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og riksarkivar Inga Bolstad.
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og riksarkivar Inga Bolstad. Birgit Solhaug/Arkivverket

Kvart år deler Arkivverket ut ein del av overskotet frå Norsk Tipping på vegner av Kultur- og likestillingsdepartementet. I år er potten med arkivutviklingsmidlar rekordstor. Totalt 17,2 millionar kroner skal før nyttår fordelast til 49 utvalde søkjarar rundt om i landet.

Heiar fram innovasjon

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery er glad for å høyre at engasjementet i arkivsektoren er sterkt i år som tidlegare. I år kom det inn heile 74 søknader frå 13 av dei 15 fylka i landet. Alle fylka som søkte, får midlar.

Jaffery gler seg over at fleire av prosjekta har som mål å forbetra viktige arbeidsprosessar. 

– Frå nyttår trer ny arkivlov i kraft. Eit mål med lova er å gjere det enklare å finna nye måtar å sikra, ta vare på og gjere dokumentasjon tilgjengeleg i den digitale verda vi lever i. Det trengst stadig innovasjon om vi skal halda tritt med skiftande teknologi og dei store mengdene informasjon som blir skapte i forvaltninga kvar dag. Her heiar eg fram alle gode idear, seier Jaffery.

– Forteljinga om oss

Årets arkivsøknader dekkjer ei rekkje ulike arkivområde. Som vanleg blir det gjeve støtte til fleire prosjekt som har som mål å ta vare på og presentera viktige privatarkiv.

Til dømes får Oslo byarkiv, Kulturetaten og Oslo kommune støtte til eit prosjekt der målet er å kartleggja, samla inn og sikra arkiv frå fleirkulturelle miljø i hovudstaden og omegn. Slik kan ein dokumentera mangfaldet i Oslos nyare historie, og sikra arkivmateriale som i dag er sårbart eller underrepresentert i offentlege samlingar.

Eit anna prosjekt som får støtte, er arbeidet NTNU gjer for å ordne og gjere fotoarkiva frå Fotogjengen ved Studentersamfundet tilgjengelege. Arkivet til fotogjengen vart innlemma i Noregs dokumentarv i 2024. Fotomaterialet fortel viktig historie om studentliv og studentkultur i Trondheim gjennom omlag 70 år.   

– Dette er gode døme på prosjekt som tydeleg viser korleis arkiv er ein viktig del av forteljinga om oss, om kven vi faktisk er, vi som bur her i Noreg. Eg gler meg til å sjå kva som kjem ut av arkivprosjekta, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Riksarkivaren: – Offensiv arkivsektor

Riksarkivar Inga Bolstad er òg nøgd med årets søknader og tildelingar.

– Eg gler meg kvart år over engasjementet, breidda og innsatsvilja i sektoren, landet rundt. Det er svært positivt at både små og store institusjonar står på og spelar inn spanande og viktige prosjekt kvart år, frå privatarkivprosjekt til innovasjon. Det er ei stor glede for Arkivverket å kunne bidra, seier Bolstad.

Med tildelingane i år har over 400 prosjekt til saman motteke arkivutviklingsmidlar sidan Arkivverket tok over ordninga i 2015. Totalt er det delt ut nær 125 millionar kroner.

Neste år blir det endringar. Frå 2026 blir arkivutviklingsmidlane tekne inn i ein eigen post på statsbudsjettet. Tidspunkt for søknader og tildelingar vil bli endra.

Fordeling av midlane i 2025

Programområde

Talet på tilskot

Sum tildelt

Arkivspira

15

3 656 660 kr

Arkivveksthuset

6

3 535 300 kr

Startskudd

28

10 018 107 kr

Totalt

49

17 210 067 kr

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og riksarkivar Inga Bolstad.
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og riksarkivar Inga Bolstad.
Birgit Solhaug/Arkivverket
Last ned bilde

Dokumenter

Lenker

Arkivverkets samfunnsoppdrag er å bidra til effektiv dokumentasjonsforvaltning og å sikre, bevare og tilgjengeliggjøre et bredt og allsidig utvalg av samfunnets arkiver. Som øverste arkivmyndighet har Arkivverket ansvar for faglige standarder og retningslinjer, tilsyn og veiledning med offentlig arkivarbeid. Arkivverket skal iverksette overordnet nasjonal politikk på arkivfeltet, og bidra til utvikling og styrking av arkivsektoren. Som bevaringsinstitusjon har Arkivverket ansvar for langtidslagring, tilgjengeliggjøring og formidling av statlige arkiver og prioriterte private arkiv.

Følg pressemeldinger fra Arkivverket

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arkivverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Arkivverket

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye